2012-05-04

Vi vandrer med freidig mot

På tur til EM brass i Rotterdam. Ein snartur med fly Bergen – Amsterdam. Ein timestur med tog vidare. Men med tre store og tunge koffertar, kvar på over 30 kilo, vart vi litt varme og svette etterkvart! Innhald: ørten delar til NMF-standen som skal profilere EBBC 2013 i Oslo.

Det blir stort, flott, spektakulært – høyrer eg i gangane. Ja, det blir fint! Men fy, kor tungt!

Innsjekkinga gjekk greitt, litt ekstra å betale men pytt, kva gjer det når servicen er god? Verre var det å trille dei frå flyet, til toget. Vi gjekk på handikapp-vogn i håp om å kunne rulle dei inn i vogna, men akk... Skikkeleg togtrappetrinn, med så pass stor opning mellom perrong og trinn at med eit lite skeivt trakk, kunne vi bryte både bein og armar. Og med tre diiigre koffertar ventar vi sjølvsagt høfleg til alle hastige nederlendarar (og nokre frå Nordhordland sjølvsagt) var vel inne i vogna. Då var det berre ståplass igjen til oss….
På togstasjonen fann vi endeleg heisen som tok oss til rett nivå. Men for ein lang, skummel og mørk tunnel. Ingen andre folk. Heldigvis var vi to. Vi går og går. Trillar og trillar. Endeleg, friluft. Ser etter taxi. Men berre syklar å sjå. Vi spør oss fram – konsertsalen, de Doelen, på andre sida av jernbana??? Tre minutt å gå?  OK, vi sparer pengar og går, i ein meir sivilisert undergang denne gongen. Og vi går, og går. Avstanden er nok ikkje så lang, men med dei tre alt nemnde tunge, digre, store koffertane og våre eigne sekkar, trillekoffert og fotobag, var det mange som såg rart på oss.

Det blir spennande å sjå standen i «levande live».


2012-04-15

Gode vener og familie på besøk

Det er ikkje noko som er betre enn folk som tar ting slik det fell seg. Denne veka har vore innhaldsrik på mange frontar.

I helga har eg hatt to gode vener på besøk, Anne Berit og Heidi. Begge frå Østfold. Vi gjekk saman på Bjerkely Folkehøgskule. Besøket har vore planlagt lenge. Men så kom Simon si opptaksprøve på BPG same fredag som dei kom, og Frode fekk avtale om eit intervju til ein aktuell jobb + vi signerte huskontrakt og hadde møte med utbyggar. Alt skjedde fredag 13.04, nesten. (Frode var i intervju laurdag).
Og der det er hjerterom, er det husrom! Vi stabla oss saman og alle sov godt. Heidi seier i alle fall det, sjølv om rompa låg halvveges gjennom madrassa...
Gjestane tok Bergen med storm, (og veret tok nesten dei - hagla så dei måtte søke ly) handla og kosa seg i byn, medan vi andre gjorde alt det andre.
På kvelden bestemte damene seg for å ta middagen ute, medan gutane bestilte Thai-mat heim. Ei god fordeling med kun fire stolar rundt bordet.
Laurdag var det fint ver og både Bryggen, fisketorget, kunstutsal og kafear fekk besøk av oss tre. I tillegg møtte vi Knut som også gjekk på folkehøgskulen saman med oss. Kjekt å ha så begeistra damer på besøk. S. og F. reiste heim til bursdagsfest og sang i kyrkja (Tweensing).
Søndag hadde vi ein flott tur til Fløyen. Vi gjekk både opp og ned i flott sol, men kaldt ver.
I matvegen har eg servert både potetsuppe og kyllingsuppe. Vi har meska oss godt, vaffel med sylte, nybaka rundstykke, focaccia, og 3 kg med godis frå Sverige er ikkje kvardagskost... Det er ikkje mykje igjen. Eg trøstar meg med at både Simon og Marte tok med seg ein liten skjerv kvar på sine plassar.
Men før denne helga, ringde tante Olaug tysdag og sa ho ville kome til Bergen for ein liten visitt. Ho hadde vunne billett tur-retur på ekspressbåten. Velkommen sa eg. Og både Susanne, Marte og Vebjørn kom innom for kvelds og middag.
Eg er heldig. Takk for besøket alle!

Støv på hjerna

Det er søndag ettermiddag og støvsugaren går for fullt. Det er godt å få unna støvet både på sofa, på teppet, lister og i krikar og krokar elles. For jammen var det støvete.

Eg såg det laurdag og prøvde å ta det verste på stoveteppet, men eg fekk det liksom ikkje reint... I dag oppdaga eg kvifor - posen i sugaren var stappfull!!! Heldigvis hadde eg ein ny og kunne sveipe over leiligheta med ei skikkeleg  kvalitetsreingjering.

Eg har slett ikkje støv på hjerna, men eg trudde ikkje det kunne bli så mykje støv på så kort tid. Men så har eg hatt mange på besøk innom dørene her sidan onsdag. Heile ni personar har opphalde seg her, nokon kortare tid enn andre sjølvsagt.

2012-04-02

Eli 80 år

Vi planlegg 80-årsfeiring for mamma.







Vi leitar etter gamle bilde, planlegg tale, lagar power point til sangane, har jam-session i stova og så googlar eg jubilanten, og sjå kva som dukka opp:
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/program_nrk_sogn_og_fjordane/1.74188
Det er ei stund sidan (sida der radioprogrammet låg, er vekke), men historia høyrer mor til.

Mamma vart døv, nesten over natta, for 13 år sidan. Ho har vore til tallause undersøkingar og er stadig til kontroll. Ho har fått inplantat på eitt øyre, men skjelnar ikkje ord, dessverre. Ingen forstår heilt kva som har skjedd. Men ho har levd med funksjonshemminga. Takka vere hennar alltid gode humør, har ho takla det på sitt vis.

13. april fyller ho 80 år. Så godt som alle kjem for å feire henne (familie, vel og merke). Kakene er i formene, sengene er oppredd og huset vaska. Mamma har alltid sagt - "om eg får leve, så", når vi snakkar om å feire, eller invitere eller gjere noko vi vil ha henne med på.

Onsdag hyller vi 80-års-jubilanten Eli. GRATULERER KJÆRE MAMMA!

2012-03-30

Nytt hus og nye utfordringar

Vi har kjøpt oss hus! Innflyttingsklart til jul i år. Juhu!!!

Og slik ser det ut;

Tirsdag ringde Frode og bad meg sjå på denne tomannsbustaden. Eg synst den var fin, umiddelbart. Gjorde avtale med meklar onsdag ettermiddag. Ringde Berit og spurde om ho ville bli med. Torsdag kveld skreiv vi under kontrakta. Fredag fekk vi stadfesting på at huset er vårt.
Dermed kan vi flytte inn til jul.

Huset ligg på Møvik i Fjell kommune. Det er solrikt og har havutsikt. Vi kan sitte på terassen og sjå sola gå ned i havet. Det er sansylegvis vindfullt, men då får vi lage oss nokre leveggar så vi kan kose oss i solveggen når vi har lyst til det. Både eg og Frode har ein god følelse for at dette er det rette for oss.

Like nedom er det tilgang til båthamna, i nord er det flott turterreng - og til byn tar det 35 minuttar.

Dermed gjer vi klart til sal av huset på Flatene. Det er mange fordelar her. Eg trur det er mange som vil bu her. Vi har i alle fall likt oss her. Så får vi ta jobben med å sortere ut kva som er viktig og uviktig, kva vi skal ta med oss og kva vi skal selje. Kanskje noko går an å kaste også...

For huset vi har kjøpt er ikkje så stort. Men der det er hjerterom er det husrom. Alle er hjerteleg velkommen på besøk!

Om du vil sjå meir av framsida, innsida og utsikta, kan du klikke deg vidare til denne lenka: http://www.finn.no/finn/realestate/newbuildings/object?finnkode=33966947