2009-04-09

Husbonden flata ut

Gubben har gått ned for telling. Han tolte ikkje hocky-stillinga i ein nedoverbakke på ski på Langeland. Blir nok ikkje fleire påsketurarn på han i år. No blir han oppvarta i flat stilling.

Men det er litt anleis og rart og, å ha ein sjukling i huset. Han drikk kaffi med sugerør og tastar på pc-en i skrå stilling. Håpar det ikkje varer lenge....

2 kommentarer:

Øyvind sa...

Tilstanden såg stabil ut, og han var kjekk og klår so detta bør gå bra. Men ver litt obs på at han ikkje utnyttar situasjonen, kan fort bli liggande pleietrengande vel lenge..

Olga sa...

I kveld har han fått seg vin på senga, og klarte å kome seg på badet. Trur det var eit godt knep ;)