2009-05-28

Steingalen

Etter at Molde tapte 2-0 mot Brann, er det godt å ha noko å få ut frustrasjonen på... Frode er glad i å legge stein. Og no er det like før betongbilen kjem på tunet. Før kvelden er omme, må murane vere klar, og singelen jamna ut. Og så har vi nokre kvadratmeter grå beleggingsstein til overs...

2009-05-26

Sol sol sol

Eg likar godt varselet som yr sender ut til helga i desse dagar. Eg har fri laurdag, søndag og måndag! Temperaturane er også gode, jippi! Det skal nytast i fulle drag.

2009-05-25

Terasse for alle penga

Nokre går på ski i fjellheimen, feirar konfirmasjon eller inviterer naboar på selskap i nyinnkjøpt partytelt. (Veldig kjekt - takk for at vi fekk bli med) Mens vi, vi øydelegg og riv sundt. Inngangpartiet er berre ei stor sandkasse. Gangen er full av skit og støvsugaren er flittig i bruk. Men i dag kjem singelen og om nokre veker blir det nok fint skal du sjå....

2009-05-21

Fjernkontroll sett i system

Tre fjernkontrollar på kjøkkenet, og tre i stova er ikkje alltid like enkelt å halde styr på. Eit tips er å skaffe ei korg for oppbevaring. Det er ikkje alle andre i heimen som forstår kvifor den brune korga står på bordet. Men etter nokre sinte utbrot, har nok alle skjønt. Her om dagen var det min tur til å mase om kor fjernsynskontrollen var. Seks auge stirra vantru på meg og peika - mot den brune korga.....

2009-05-20

Betre samvit

Eg har fått rydda i vinterklea. Kasta det ubrukelege og gitt vekk for små klesplagg. Det gir ei god kjensle. Skiskoa er lagt på hylla, vinterjakkene er putta på loftet. Og resultatet i "walk-in-closet"-avdelinga vår ser plutseleg mykje betre ut. Det går an å finne igjen jakka som hang under fire andre på knaggen i gangen. Kanskje eg skal gjere det same i kleskapet mitt på soverommet....

2009-05-17

Gratulerer x 2

Det er 17.mai. Ikkje stress. Hipp hurra! Vi har vunne Grand Prix-finalen! Heis flagget, og få bjørka på plass. Bunadskjortene og eit par andre kvit-skjorter er strøkne og klare til bruk. Simon har laga blautkake med flagget på toppen og Dajmkaka står i frysen. No er det berre å nyte dagen og ha det kjekt. Gratulerer alle saman!

2009-05-10

Trampoline-trening

No har også mor i huset tatt i bruk trampolina i hagen. Det er moro! Ifølge ekspertar får ein super trening utan å tenke over det. Både borna og oss vaksne får betre kondisjon, styrke og ikkje minst koordinasjon, seier ekspertane. Ti minutt saman med Simon er likevel nok. Heretter vil eg helst hoppe åleine, for å ha litt betre kontroll...

Genialt

Dekk oppvaskkummen med alminiumsfolie, fyll opp med lunka vatn, ha i ei teskei salt og putt bunadssølvet oppi. Etter nokre få minutt skin sølvet som nytt. Det er ei veke igjen til 17.mai og eg er ferdig å "pusse" sølv. Hurra! Eg tok forresten alt det andre sølvet vårt i same slengen... Dette var ein genial ide, Ane. Takk for tipset.

2009-05-09

Burn baby, burn

Flott oppleving på bensinstasjonen i Naustdal. Ei ekte oppleving av eit miljø som er ukjent for dei fleste. Visjonen til Sogn og Fjordane Teater er å røre folk med ei oppleving dei ikkje har hatt før. Det klarte dei å oppnå i regn og vind på bensinstasjonen i kveld. Dessverre forsvann lyden litt i regnet..... Vi hadde kledd oss godt, men reknfrakkane vi fekk utdelt hjelpte også godt.

2009-05-07

Kaldt

Det var iskaldt på soverommet då eg la meg i går kveld og i dag måtte eg fyre i omnen då eg stod opp. Vi skriv mai, men med gode temperaturar ei stund gløymer eg å kle meg skikkeleg. Då er det godt å kunne kjenne flammane frå peisen varme. Men eg håpar gradestokken sig oppover igjen snart.

2009-05-06

Gode opplevingar

Sogn og Fjordane Teateret har endeleg fått ja frå politiet og set opp "Burn baby, burn". Det skal bli interessant å sjå eit så mykje omtala teaterstykke. Billettane til konserten med musikaren og Førde-mannen Gisle Børge Styve og Kammerkoret var nesten utseld, men eg fekk kjøpt to stykke. Og laurdag kan eg vente meg kronisk gåsehud, om meldarane får rett. R&B/Jazz-gruppa Take 6 inntar Balestrand. Denne veka står m.a.o. dei gode opplevingane i kø. Håpar dei innfrir forventningane...

2009-05-03

Rett heim til pizza

Karina, Marte og Simon hadde bestilt pizza då vi kom heim frå hytta i dag. Kjøp tre, betal for to sa reklamen. Deilig pizza frå Venezia - nesten like god som den Italienske!

2009-05-01

Konfliktsky

Eg har alltid tenkt at det å vere konfliktsky har ein negativ klang over seg. Men etter å ha høyrt eit portrettintervju med Thorvald Stoltenberg 1.mai, har eg fått eit anna syn på ordet. Han er norsk diplomat, politikar og har vore i mange land, og han er ein menneskekjennar. Han seier det er altfor mange menneske i verda som søkjer konflikt. Å vere eit menneske som får til kompromiss er så mykje betre. Konfliktsky er eit honnør-ord, meiner han. Eg har stor sans for mannen, og tek det til meg.