2010-02-04

Nifst spennande

Ei ny bok er snart fortært. Ei krimbok denne gongen.

Svenske Camilla Läckberg skriv godt. Ho dreg meg raskt inn i historia og held meg der. Det grusomme er sjølvsagt drapa som skal oppklarast, men er det krim, så er det krim.

Eg har lese eit par andre bøker av same forfattar, men Havfruen er den beste til no. Intenst spennande. Klarer nesten ikkje å legge den vekk sjølv om klokka passerer midnatt...

Läckberg blir kalla sveriges krimdronning. Eg skriv gjerne under på utsegna!

2 kommentarer:

Torunn H sa...

Heilt einig med deg der,men eg irriterte meg litt over slutten,vil det sei det er ein oppføllar??
I tilfelle den er komt må eg berre lese den-og det er vel og meininga:))

Olga sa...

Ja, kjedeleg slutt. Ho har vel ikkje tenkt å gje seg med skrivinga???