2011-10-28

Sosiale medier og direkteoverføring via telefon

Eg har vore på foredrag med Clay Shirky, ein guru på økonomiske og sosiale mekanismer mellom menneske når vi samhandlar på sosiale medier.

Forandringa i måten vi pratar på, endrar samfunnet vi lever i. Shirky er frå USA, og mykje av det han sa var kjent frå før, presentert på amerikansk vis.
MEN han hevda, og eg trur det er rett, at røystene frå mindretal, kvinner og undertrykte kjem til uttrykk ved at dei samlar seg, danner grupper  som snakkar via sosiale medier og som kan påverke, både sin eigen og andre sin situasjon.

Det var Nordiske Mediedager som arrangerte seminaret i Bergen. Her var også svensken Måns Adler, grunder av Bambuser.com - eit tilbod om nettstreaming direkte via mobil.

Artig! I dag oppretta Simon og eg kvar vår konto. Kult å prøve. Berre tull sjølvsagt, men om du vil kan du sjå. bambuser.com/channel/olgawergeland@gmail.com MEN ikkje mykje å sjå eigentleg! Dette blir sikkert meir moro - i framtida. Kanskje vi skal prøve på NM for skulekorps...

Simon streamar direkte frå Nattcup. bambuser.com/channel/simws

Men etikken må vere på plass. Det er kort veg til store politiske hendingar til ein skjerm nær deg. Då må vi vite kvar vi gjer.

Ein tredje presentatør på seminar var NRKbeta - NRKs sandkassa for ny teknologi og nye medier. Anders Hofseth, journalist og analytikar har analysert kva sosiale medier, særleg Twitter.com presenterte, kommenterte og kor raskt nyheten spreidde seg om bombeangrepet i Oslo og terroren på Utøya 22.juli.

Twitter låg fleire hakk før tradisjonelle medier. Namnet på terroristen vart fyrst nemnt der. Vi får ei glidning mellom tradisjonelle media og sosiale medier. Det er viktig i slike samanhengar å vere obs på at følelsen kan ta over dømmekrafta.

Men dynamikken i sosiale medier utgjer ein stor forskjell. Her er det ikkje berre ei stemme som snakkar, men fleire.

2011-10-15

Flyttesjau

Det er mykje å tenke på, gjere og halde styr på når eg skal flytte leilighet i byn.
Blant anna tv-bestilling (Frode fiksa det for meg heldigvis), men eg måtte følgje med på sporinga på posten, og vere heime når pakken kom på døra. Montering er ein annan ting. Det har eg gjort ein gong før, så eg håpte å klare det. Men akk, overgangen frå fot til tv mangla.
Ringe, sitte i telefonkø, kontakt, nytt nummer, lokal service-verkstad. Tre dagar, ingenting skjer. Ny telefonrunde, venting. Kontakt, men ikkje nær nok tv-en (er på jobb) til å les av P/N = produksjonsnummeret på baksida. Ja, ja, får stikke heim midt på dagen då. Tar berre fem minutt.
Ny ringerunde heime, ny ventetone, nye minuttar, med lett irritasjon. Eg har jo ikkje fått vara eg har bestilt!
Enno ventar eg på foten.
Samme dag, besøk frå Kristiansand. Vi skal steike rundstykke for eit  lite måltid mat. Strømmen går, det er jordfeilbrytaren. Av med ovnen, strømmen er tilbake, på med ovnen og strømmen går igjen. Hm, noko feil på den splitter nye innbyggingskomfyren! Ringer husseljar, han kjem med garantien.
Miele er rette kontakt. Ny runde med tast 1, 2, 3 eller vent på svar... Grr, tolmodigheten er iferd med å renne ut. Det same er garantien. Den går ut om fem dagar. (Ja, ovnen har stått nedpakka på lager i fleire år) Endeleg! Kontakt. Ein hyggeleg person som vil hjelpe. Sjølvsagt er det ikkje så nøye, seier han, om teknikarane våre kjem før eller etter at garantien har gått ut. Eg pustar letta ut. Han kan sende ein til meg neste veke.
Og eg som tenkte det berre var å ta med seg koffertane med kle og innstallere meg i den nye leiligheta...
Og framleis mangar eg lampar i taket, tv, og steikeomn, gardiner og kleskap.
But life goes on!



Bildet: Besøkfrå Kristiansand, og Marte på Fløyen. Kaldt, men fin tur!

2011-10-02

20 år er nok

No er det endeleg. Eg har sagt opp jobben som journalist i NRK Sogn og Fjordane. Eg søkte om eit år forlenga persmisjon, men fekk det ikkje.
Det er litt rart. Eg sluttar ikkje fordi eg ville vekk. Arbeidskollegaene mine i Førde er supre. Eg har hatt  ein strålande arbeidsplass. Eg har lært mykje, fått utfordringar, stått opp tidleg (det saknar eg ikkje), gått etter klokka, laga nyheter, avvikla møte, vore programleiar, vaktsjef, tv-reporter, sett fokus på fylket Sogn og Fjordane, og mykje meir.
Eg har fått meg gode vener, kjekke arbeidskollegaer og kjem nok til å sakne det kreative, skapande miljøet.
Men nye utfordringar dukkar opp, nye vegar, nytt miljø og nye vener. Eg fekk nettopp ei melding om at dei er veldig glade for at eg blir verande i NMF. Det varmar. Kollegaen min, Vindi hadde bursdag fredag. Ho er grafikar, kreativ og har ein herleg latter. Vi er omtrent like ferske i nyejobben. Eg gler meg til fortsettelsen.
No er det helg, i sommartemperatur og fellesskap med familien og gode vener.