tag:blogger.com,1999:blog-33110274588739298702024-03-05T05:22:26.260+01:00OlgaEit stort eiketre er berre ei lita nøtt som ikkje let seg stoppe av motgang. (Ukjent)Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.comBlogger272125tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-18323300486730098762015-02-17T16:46:00.000+01:002015-02-17T17:04:50.061+01:00Long time - againFire innlegg i 2013, ingen i 2014 og no er vi starta på 2015. Hurra, livet går i bølger.
Jadå, mykje har skjedd sidan sist noko er delt, på bloggen vel og merke. Andre opplevingar/delingar er det berre familien som får vite om. Sosiale medier er kome for å bli (kven hadde trudd noko anna?) Facebook utviklar seg, vi lagar små grupper, større grupper, familiegrupper og utvida grupper, grupper for Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-25366007239657503422013-07-01T00:11:00.004+02:002014-06-02T13:44:25.521+02:00Ferie-fredenKva er det med oss kvinner? Ja, for eg har høyrt at fleire har det på same måten.
Vi skal på ferie. Sommerskoa, bikiniane, treningsklea, kremar, bøkene, alt er pakka og klart.
Ein ting står likevel igjen - huset, kjøkkenbenken, avisene... Eg må rydde litt. Tørke av benken, gje blomstrane vatn, sørge for at fruktfatet er reint. (Vi må sjølvsagt ta med frukta eg kjøpte i går) og til slutt Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-49869972865909658692013-05-26T22:01:00.001+02:002013-05-26T22:03:12.142+02:00Say goodbyeEg må kvitte meg med mine beste sko.
Vi ryddar og organiserer, slappar av innimellom slaga og nyt ein kaffi og litt sjokoloade. I dag innsåg eg at eg ikkje kan ta vare på alt.
Ja, eg har mange sko, altfor mange! Eit par - tre joggesko, finsko (ein heil haug), flate sko, høge sko, støvlettar, støvlar, goretex-sko osv. No har dei funne sin plass i skuffene i reolen i gangen.
Men desse skoa var Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-50604624855311294932013-05-26T21:51:00.003+02:002013-05-26T21:52:41.474+02:00Våren er herKom mai du skjønne milde.
Det er vår og mai og vi er halvveges i året. Vinden kjem frå nord, og dermed ikkje så varmt på terassen. Men sola varmar og sykling går fint i motvind.
Noko skjer heile tida og det er heilt greit. For det er lysare kveldar.
Lam på beite, svarte, kvite og blandingsfarga. Det er begynt å bli skikkeleg grønt i liene. Etter 17. mai og pinsa har det vore mange gode dagar Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-9430810430840222292013-05-26T21:26:00.004+02:002013-05-26T21:33:08.195+02:00Eit anleis år - 2013Notat frå april 2013:
Tre månader går fort. 2013 er veldig godt igang. Påska er unnagjort, på Eid i år. Mamma er glad for besøk. Ho held seg godt, lagar mat, klargar lite, men merkar at alderen tyngjer og helsa skrantar. Ho er 81 år om 14 dagar. Ein høg alder, men med godt humør og livsmot er ho eit forbilde for mange.
Det var strålande påskever. Vi har gått på ski, både bortover, oppover ogOlgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-89460448783752767082012-12-11T17:08:00.000+01:002012-12-12T11:25:55.476+01:00Julehelsing 2012«Det er alltid nyttig å
vite hvor slekt og venner er, enten du trenger dem eller ikke». Sitatet er
henta frå Petter Sprett (i Ole Brumm-sitater)
Hei kjære alle i familien min. De trur kanskje eg er blitt litt
rar i toppen. Det er jul , eg siterer Petter Sprett og vi har planar om
solferie. Mange pyntar til advent med lilla lys og julestjerne og ventar på det
vesle barnet i krybba. I år blir Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com1tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-38048642770513412712012-11-15T20:22:00.001+01:002012-11-15T20:22:15.907+01:00Synfaring15. november gjekk eg trappene i nyehuset for fyrste gong. Ei litt artig og spesiell oppleving.
Det vart liksom eit litt skikkelegare hus og i tillegg var trappa veldig fin i rommet. Det synst i alle fall eg. Trappa i kvit, stål og eigetrinn kosta litt ekstra, men håpar den er verdt det.
Frode er vekkreist på kurs. Eg har fått full tillit, og tar meg av synfaringa... Det var litt ulike Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-56244202497939480832012-11-11T23:51:00.002+01:002012-11-15T20:40:19.985+01:00Møvik 10.11.12
To hus tett i tett. Vårt er det framste, med stor veranda.
Ein grå dag på Møvik. Laurdag 10.11.12Huset er litt meir ferdig. Synfaring torsdag 15.november 2012.
Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-892830161440902052012-11-09T15:34:00.000+01:002012-11-09T15:35:30.891+01:00SkrytI dag må eg jammen skryte litt av både røyrleggarbransjen og forsikringsselskapet Gjensidige.
Begge har vore svært samarbeidsvillege og får karakteren 10 for service-innstilling og gjennomføringsevne.
I går kom ein telefon om at det lek i 1. etg. (Under vår leilighet) Uff, ikkje bra, tenkjer eg og ber ei stille bøn om at det ikkje må vere alvorleg. Eigaren under har bede leigetakarane legge Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-41041707493944051132012-11-09T15:20:00.002+01:002012-11-09T15:32:36.369+01:00Snart innflyttingHuset i Austegardsvegen nermar seg ferdigstilling. Neste veke skal vi på befaring.
Vi gler oss! Vi har låst oss inn på ettermiddag/kveldstid opptil fleire gongar. Det mest spennande no er trappa inne. Så langt har vi klatra i stige for å kikke på veggar, løysingar, straum og utsikt.
Kjøkkenet ser også bra ut. Var veldig spent på om det vart fint, etter alle vurderingar, Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-78996512106890117682012-11-09T14:59:00.000+01:002012-11-09T14:59:22.532+01:00Ver velkommen helgDet er fredag, midt i november og eg har fri!
Musikken står på fullt . Støvsugaren, støvfilla og vaskekluten er pakka vekk etter full runde i leiligheta. Ein fridag på jobb er bytta med ein arbeidsdag heime. Det gjorde godt!
No gir stearinlysa, blomster og frukt god steming i stova. Det er surt og kaldt ute, men inne er det godt å vere.
Snart er det middagslaging med pannekaker påOlgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-22925109368493085582012-06-20T23:11:00.000+02:002012-06-20T23:14:37.482+02:00Frode + Olga = santI dag har vi vore gift i 25 år - sølvbryllaupsdag.
Eg såg Frode sovande i senga i dag tidleg kl. 0430. Eg vekte han ikkje. Han var seint i seng. Avslutningar krev sin mann (talar som ikkje var skrivne) og bussen min til byn gjekk om tre kvarter.
Fuglane kvitrar. Det er sommar sjølv om sola ikkje skin, og det regnar ikkje.
Jobben er unnagjort og mange gratulerer. Det fine på ein dag Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-32784877883457816842012-06-06T19:23:00.001+02:002012-06-06T19:23:09.950+02:00HussalHuset er seld for tre millionarfemhundreogfemtitusen kroner, 300.000 over takst. 500 % prisstigning frå då vi kjøpte i 1993.
Ei mor med ein baby på tre veker kjøpte. Mannen er nordsjøarbeidar og var ikkje på visning. Dei kan gle seg. Vi har hatt eit fint liv på Flatene i Førde. No tek vi til på noko nytt. Litt trist for Marte, utfordrande for Simon, nye spennande oppgåver&Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-65679338596399043522012-05-04T00:34:00.004+02:002012-05-04T00:37:20.665+02:00Vi vandrer med freidig motPå tur til EM brass i Rotterdam. Ein snartur med fly Bergen –
Amsterdam. Ein timestur med tog vidare. Men med tre store og tunge koffertar,
kvar på over 30 kilo, vart vi litt varme og svette etterkvart! Innhald: ørten delar
til NMF-standen som skal profilere EBBC 2013 i Oslo.
Det blir stort, flott, spektakulært – høyrer eg i gangane.
Ja, det blir fint! Men fy, kor tungt!
Innsjekkinga gjekk Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-1362474766786360272012-04-15T19:31:00.002+02:002012-04-15T19:31:26.014+02:00Gode vener og familie på besøk
Det er ikkje noko som er betre enn folk som tar ting slik det fell seg. Denne veka har vore innhaldsrik på mange frontar.
I helga har eg hatt to gode vener på besøk, Anne Berit og Heidi. Begge frå Østfold. Vi gjekk saman på Bjerkely Folkehøgskule. Besøket har vore planlagt lenge. Men så kom Simon si opptaksprøve på BPG same fredag som dei kom, og Frode fekk avtale om eit intervju tilOlgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com2tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-44061950263734979142012-04-15T19:02:00.000+02:002012-04-15T19:02:00.184+02:00Støv på hjerna
Det er søndag ettermiddag og støvsugaren går for fullt. Det er godt å få unna støvet både på sofa, på teppet, lister og i krikar og krokar elles. For jammen var det støvete.
Eg såg det laurdag og prøvde å ta det verste på stoveteppet, men eg fekk det liksom ikkje reint... I dag oppdaga eg kvifor - posen i sugaren var stappfull!!! Heldigvis hadde eg ein ny og kunne sveipe Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-30521984719561592522012-04-02T16:25:00.003+02:002012-04-02T16:31:04.953+02:00Eli 80 årVi planlegg 80-årsfeiring for mamma.
Vi leitar etter gamle bilde, planlegg tale, lagar power point til sangane, har jam-session i stova og så googlar eg jubilanten, og sjå kva som dukka opp:
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/program_nrk_sogn_og_fjordane/1.74188
Det er ei stund sidan (sida der radioprogrammet låg, er vekke), men historia høyrer mor til.
Mamma Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-55159343352985812992012-03-30T21:34:00.003+02:002012-12-11T16:51:50.180+01:00Nytt hus og nye utfordringarVi har kjøpt oss hus! Innflyttingsklart til jul i år. Juhu!!!
Og slik ser det ut;
Tirsdag ringde Frode og bad meg sjå på denne tomannsbustaden. Eg synst den var fin, umiddelbart. Gjorde avtale med meklar onsdag ettermiddag. Ringde Berit og spurde om ho ville bli med. Torsdag kveld skreiv vi under kontrakta. Fredag fekk vi stadfesting på at huset er vårt.
Dermed kan vi flytte inn til jul.
Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-39837227209983929762012-03-18T00:09:00.002+01:002012-03-18T00:10:23.793+01:00BlomsterhavEg trur aldri eg har sett så mange snøklokke og krokusar i ein så liten hage før.
Vanvitig vakkert!
Det fløymde over av blomster. Og huset såg heilt forlatt ut!
På tur ut på ei halvøy frå Holmefjord i Fusa, måtte eg stoppe og ta bilde av dette synet.
Fantastisk!
Det er vår!
Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-44665032009425334042012-03-18T00:01:00.004+01:002012-03-18T00:11:45.125+01:00Sonderer terrengetFor tida er vi i tenkeboksen. Kvar skal vi bu, kor er vi neste år, og kva jobb skal Frode søke på?
Utsikta er det ingenting å klage på...
Mange spørsmål og få svar, enno...
Simon har kome inn på Kongshaug musikkgymnas. Det synst han er kjekt. Men han har også eit par søknader inne, både på Bergen Private Gymnas og på Langhaugen på Landås, begge på musikk/dans/drama. Så får vi ta tida Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-6250930052198959172012-03-15T22:11:00.002+01:002012-03-15T22:19:10.165+01:00Godt trentPulsklokka eg fekk til bursdagen er flittig brukt dei siste vekene.
Her må du drive litt nakketrim for å sjå kva klokka er
;)
Eg har stort sett brukt den kvar gong eg har trent og i går dukka det opp ein konvolutt i høgre hjørnet. Nyskjerrig som eg er, opna eg den elektroniske konvolutten, og beskjeden eg fekk var: "Du har trent godt denne veka". Det var skikkeleg Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-71379872793417666252012-03-15T21:55:00.000+01:002012-03-15T21:55:11.369+01:00SushiVi har det travelt på jobb, på kvar våre kantar. Derfor bestemte vi oss for å ta ein sosial tur ut på byn for å ete middag saman.
Ser delikat ut og smakar godt!
Det har poppa opp mange wok og sushi-restaurantar rundt om i byn. Vi valde ein Sushi-bar i Kong Oscarsgate. Det er ein koseleg restaurant og du kan få både fisk og kjøt, beroliga ein kollega meg.
Men,Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-20381449687568033832012-03-12T17:46:00.001+01:002012-03-12T17:46:03.809+01:00Svolten som ein ulvHar du opplevd å vere så svolten at du kunne ha ete heile rosin-boksen i ein jafs?
Enkel og god middag i dag - havregraut med rosiner og nøtter
Slik kjendest det ut for meg etter jobb i dag.
Eg var tidleg oppe, sov på bussen, men har ete både frukost og lunsj, men jobba litt overtid og var skikkeleg hungrig i det eg steig inn døra.
Men kva er ikkje meir enkelt då enn å koke opp Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-74187185830520518662012-03-07T23:12:00.002+01:002012-03-07T23:12:39.937+01:00Kjekk overraskingTirsdag ettermiddag var eg klar for å legge beina høgt, sjå fjernsyn og berre "chille", som ungdomane seier.
Men plutseleg ringde det på døra. Inn kjem Berit og Stig, ein pose full av kake og blomster. Her er det berre å sette på kaffi.
Vi prata og åt, berlinerbollar med dobbelt fyll, svært mektig sjokoladekake. Den var supergod. Tusen takk!
Restane tok eg med meg på jobb i dag. Den fall i Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0tag:blogger.com,1999:blog-3311027458873929870.post-70515250223080549322012-03-07T23:06:00.000+01:002012-03-07T23:06:08.491+01:00Vi er priviligerteEi fantastisk helg, i herskapelege omgjevnader, på Ål Pensjonat i Hallingdal.
Bursdagsfeiring med verdens beste vener. Vi kom fire stk, tre frå Førde og eg frå Bergen. Vi rekna med fullt belegg på alle sju romma, men vi var åleine som overnatta - heile helga.
Likevel ein kokk som laga smakfull mat både til frukost og middag. Ei flott dame til vertskap og to servitørar.
Fredag reste vi til Olgahttp://www.blogger.com/profile/11027505720145313309noreply@blogger.com0