2010-09-26

Travle dagar

Vi er i siste del av september. Sommarputene er pakka på loftet og kvikksølvet i gradestokken kryp nedover.

Hausten er ei travel tid. Det er oppstart av skule, trening, jobb og nye arbeidsoppgåver. Dagane går over i kvarandre og helgane er gode avkoplingspunkt frå travelt kvardagsliv.

Men av og til spør eg meg om vi har det så travelt at vi gløymer å sjå kvarandre, naboar og vener rundt oss. Bryr vi oss nok om kvarandre, eller har vi nok med oss sjølve?

Etter den forferdelege tragedien i Oppegård, lurer eg på kva som rører seg i hovudet på dei som har det så vanskeleg at drap er einaste utveg. Er det kulturelle forskjellar som gjer oss framande for kvarandre, eller kan det vere manglande interesse for dei vi har rundt oss?

2010-09-04

Flytande hytte

Laurdag var vi på segletur med katamaranen til Kristin og Siegfried.

Nydeleg vêr, sol frå klar himmel, men litt haust-trekk i lufta.

Caroline hadde laga deilige skulebollar som vi nytte i fulle drag. Med nytrekt kaffi frå byssa vart dagen fullkomen.

Til og med ein landkrabbe som meg kan forstå at ein slik båt er som ei flytande hytte.

Eg er imponert over Siegfried som har bygd mykje av skøyta sjølv!



2010-08-19

Årets handletur

Det er sal på alle butikkar og Frode hadde seg ein raptus, med meg i helane. Ikkje lett å vere fargeblind gitt...

Men så vart det nokre stk plagg også. Betalte under ein tredel av normalpris og det er god motivasjon for ein som elles ikkje er spesielt glad i shopping.

Og så er det litt enklare for mannfolk. Ikkje store endringane i snittet på skjortene frå år til år heller.

Så då var årets konsulentjobb gjort.

2010-08-18

Vannski



Juhu!!! Simon kom seg opp på vannski etter berre tre-fire forsøk. Han stod langt utover fjorden i ca 15 knopp.

Eg kom meg opp og! Men etter litt fleire forsøk, og eg heldt ut litt kortare. Eg slukte litt mykje vatn og mistenkjer Frode for å slakke på gassen då eg var nesten oppe...

Dette var skikkelig jobb for arm-musklane! Det var kjekt, varmt i fjorden og eg gjer det gjerne igjen!

2010-08-15

Jenteting

Lyse striper i håret er fint, særleg sommarstid. Marte har lyst og fint hår, gullhår, seier bestemor Eli.

I går fekk ho endå lysare hår. Mora stripa og jammen vart det nesten som om ho har vore hos frisøren.

Om dette er berre jentegreie, er eg usikker på. Simon lurte på om han og kunne få striper...