2009-03-31

God helg på hytta

Nok ei helg på hytta. Denne gongen i selskap med deler av familien Høstaker. Telemark/slalåm i bakken laurdag og bortover ski søndag. Det var ikkje så lett å køyre "off-road" med nyinnkjøpte, tynne, langrennski.... Torunn prøvde seg i brøytekanten.
Ei god helg med gode vener.

2009-03-23

Venner betyr alt

Venner betyr alt. Vi gløymer berre så lett å fortelje dei det. Plutseleg kan dei vere vekke for alltid. Eg håpar eg får behalde mine lenge!!!

2009-03-22

40 år - inga hindring

Janne har lært seg å stå på brett. Hurra! Ja, for har ho fyrst bestemt seg for noko, så får ho det til. Ho er nemleg sta, dama på over 40! Verken ho eller eg har tal på alle gongane ho stod barnebakken ned, gjekk oppatt med brettet under armen, for å øve på samme svingen omatt og omatt. Ho kunne lite og ingenting frå før, men før laurdagen var omme, køyrde ho heile halve storbakken ned, fleire gongar.
Takk for god underhaldning Janne!

2009-03-17

Strålande utsikter

Det er meldt fint ver til helga, både i heimtraktene og på hytta på Lemonsjøen. Vi er fire jenter/damer som møtest ein gong i året. Vi gjekk på folkehøgskule i lag for over 20 år sidan, og vi likar å vere saman. Denne gongen er det hyttetur, skiaktivitet og god mat og drikke. Og så den gode samtalen, sjølvsagt! Eg gler meg.
For oppdatert verinfo, gå inn på: http://www.yr.no/

2009-03-16

Livet går vidare

Søstra mi og statsministeren er begge fødd i 1959. På kort tid har eg fått med meg to 50-årsdagar. I dag, i full offentlegheit talar og sang frå Stoltenberg si feiring i Oslo, på fjernsynet. For to dagar sidan, ein privat familiefest for søstera mi. Det var mykje takk og godord begge plassar. Ja, så mange gleder og positive fødselsdagsopplevingar at eg nesten gler meg til å bli 50....

2009-03-15

100 % foball

Fotballsesongen er i gang. Avisspaltene er fulle av førehandsstoff og referat, med alle mogelege vinklar, samanlikningar og kommentarar. Det same er fjernsynet og nettet. Eg les og ser og tenkjer at i år skal eg prøve å følgje med. Men eg kjem aldri til å bli ein ekte supporter til eit spesielt lag. Her i familien har alle kvart sitt lag. Temperaturen mellom søskena kan bli ganske så oppheta når den eine er tilhengjar av Liverpool og den andre ManU. Men i dag er det Molde som gjeld, og kanskje Brann,... i morgon.

Japansk peppermyntolje

Tett nase set ein stoppar for både bortover og nedover ski på ein fin søndag i mars. Så eg må ta til takke med å lese avisene i ro og fred ved kjøkkenbordet, medan resten av familien reiser til fjells. Men tett nase, og trykk i bihulene gjer meg irritert og frustrert. Eg prøver meg på japansk peppermynteolje - som kan brukast både ut- og innvortes. Lettelse! Kjenner du følelsen av at nase- og øyregangane opnar seg opp i rein trass? Oljen hjelper altså, men berre for eit par minuttar, dessverre.

2009-03-13

Kvitløken gjer deg frisk

Det var i alle fall det eg trudde. Men denne gongen hjelpte ikkje denne elles så gode naturmedisinen meg. Eg har lege under dyna i håp om å bli frisk. Men halsen svulmar, hovudet verker og ryggen held på å gå av på midten. Lurer på kva eg har gjort som fortener dette. Men kvitløk har eg tatt og diverse andre tablettar. Kanskje det er konkurransen frå dei meir kjemiske framstilte tablettane kvitløken ikkje likar?

2009-03-12

Brevpost

Det kjem ikkje ofte private brev i postkassa lenger. E-posten har overtatt det meste av den private kommunikasjonen. Men til bursdagen min dukka det opp eit par kjekke helsingar, blant anna frå "tantolaug". Og det er alltid like kjekt. Med sirleg handskrift og velformulerte setningar, gratulerer og helsar ho meg mykje. Men skriv eg tilbake? Nei, eg sender ein sms, så har eg iallefall gitt lyd frå meg.... Og kanskje blir det ein telefonsamtale med takk for merksemda.

Kompar utan potet

Favorittretten min då eg var mindre var kompar, eller raspeball som dei fleste seier i dag. Eg har aldri fått til å lage dei sjølv. Har prøvd å gjere det eit par gongar, utan hell. Men no har eg funne ei ny oppskrift til Jølster-dama Støfringsdal i siste utgåve av oppskriftsboka "Fjordamat". Komparane blir til utan ei einaste skrella potet, ingen raspa, blodige fingrar. Du må berre ha eit par pakkar potetmos og diverse mjølsortar i hus. Med andre ord, ein tradisjonsrett på ein litt enklare måte. Og jippi! Frode har funne ut at han kan lage det. Dermed blir det litt oftare kompar på menyen her i heimen.

2009-03-11

Kreativ ungdom

Marte og medie- og kommunikasonsklassen hennar på Mo og Jølster vidaregåande skule vann tre prisar og vart nest beste ungdomsbedrift på ungdoms- og elevbedriftsmesse i Førdehuset onsdag. Hurra for henne og dei! Eg er skikkeleg stolt.
No har dei fått pengar i kassa og skal representere Sogn og Fjordane i Norgesmeisterskapen for ungt entreprenørskap på Gardermoen i april.
I år var det rekord mange som hadde meldt seg på, over 500 elevar var samla frå både grunnskulen og den vidaregåande skulen i fylket.
Sjå bilde av dei på http://www.firda.no/nyhende/article4186393.ece eller høyr frå direktesendt radio på NRK Sogn og Fjordane http://www1.nrk.no/nett-tv/oppgave/609 kl.12.45

Snart to år sidan sist

Sommaren 2007 ville eg lage min eigen blogg. Eg fekk det til, tok bilde og la ut litt tekst. Eg gjorde det via mobil, men så var det jamnt slutt. Sidan har den digitale verda berre blitt større og større for meg. Har oppdaga Facebook og fått min eigen profil. Eg var lenge skeptisk, men no er det berre kjekt. Gamle og nye vener "snakkar" saman, og eg med dei. Moro!