Kva er det med oss kvinner? Ja, for eg har høyrt at fleire har det på same måten.
Vi skal på ferie. Sommerskoa, bikiniane, treningsklea, kremar, bøkene, alt er pakka og klart.
Ein ting står likevel igjen - huset, kjøkkenbenken, avisene... Eg må rydde litt. Tørke av benken, gje blomstrane vatn, sørge for at fruktfatet er reint. (Vi må sjølvsagt ta med frukta eg kjøpte i går) og til slutt brødboksen. Kjipt visst brødet blir liggjande å mygle. Den lukta er vanskeleg å fjerne.
Irritasjonen over at dette skal, bør, må gjerast i siste liten, blir døyvd av vissheten om at eg kjem heim til eit ryddig hus.
Godt det ikkje berre er eg som har det slik. Då ville eg stusse litt på mi eiga framferd...
God ferie!
2013-07-01
2013-05-26
Say goodbye
Eg må kvitte meg med mine beste sko.
Vi ryddar og organiserer, slappar av innimellom slaga og nyt ein kaffi og litt sjokoloade. I dag innsåg eg at eg ikkje kan ta vare på alt.
Ja, eg har mange sko, altfor mange! Eit par - tre joggesko, finsko (ein heil haug), flate sko, høge sko, støvlettar, støvlar, goretex-sko osv. No har dei funne sin plass i skuffene i reolen i gangen.
Men desse skoa var det vomodig å sende på bosshaugen. Karina tok eit bilde, så eg har eit minne digitalt om ikkje anna. Ser dei fine ut? Ja, men dei var rivna i saumane på sida. Utslitne rett og slett. Og då er det ikkje noko å samle på...

![]() |
Ikkje lett å kvitte seg med gode gamle sko. |
Våren er her
Kom mai du skjønne milde.
Det er vår og mai og vi er halvveges i året. Vinden kjem frå nord, og dermed ikkje så varmt på terassen. Men sola varmar og sykling går fint i motvind.
Noko skjer heile tida og det er heilt greit. For det er lysare kveldar.
Lam på beite, svarte, kvite og blandingsfarga. Det er begynt å bli skikkeleg grønt i liene. Etter 17. mai og pinsa har det vore mange gode dagar ute. Fyrste varme dagen med lunsj på terassen var nydeleg. Og vi har hatt mange fleire.

17. mai og pinse i eitt |
Eit anleis år - 2013
Notat frå april 2013:
Tre månader går fort. 2013 er veldig godt igang. Påska er unnagjort, på Eid i år. Mamma er glad for besøk. Ho held seg godt, lagar mat, klargar lite, men merkar at alderen tyngjer og helsa skrantar. Ho er 81 år om 14 dagar. Ein høg alder, men med godt humør og livsmot er ho eit forbilde for mange.
Det var strålande påskever. Vi har gått på ski, både bortover, oppover og nedover. Svarteggja, Stigedalen, Hjelmelandsdalen, topptur, langrenn, Telemark, bål, pølse, hopp, pinnebrød og alt som høyrer påske til. Karina og Ole kom frå Bergen. Vi feira tante Olaug sin 75-årsdag ein av dagane, med kake og mykje god mat.
Frå nyttår har det gått slag i slag for oss nyinnflytte på Møvik, Sotra.
Bryllaup i januar (Katrine og Alf Henning) etter tur frå Thailand 2012/13, jobb i Kragerø, besøk til Førde, frå Førde, i Bergen (Stad-gjengen), NM-jobbing x 2 helgar, hurtigrutetur til Molde med feiring av to bursdagar. (Martin og ego)
Fyrste helga etter påske kom NRK-damene på helgavisitt. Det er kjekt med alle som har lyst å kome på besøk og sjå kor fint vi bur. Janne har kome ei helg, Olav to gongar, Elin/Annka/Randi ei helg og så borna då, sjølvsagt. Rett etter nyttår var dei alle heime og åt pinnekjøt (som vi også gjorde palmesøndag).
Vi har også vore invitert i eit par 50-års feiringar i Førde. (Oddvar/Ida og Hildur/John Olav) Frode har representert familien.
Simon har hatt framsyning. Han og Ingelin kom vidare frå Austevoll til fylkesfinalen i UKM. I Oseanea Kulturhus høyrde vi dei i ein nydeleg duett. Marte og Vebjørn har vore ein tur til New York, Karina og Ole har flytta til Bergen, Begge to, eller alle fire har kjøpt seg kvar si leilighet.
Simon har tatt lappen på sykkel denne våren, han øvelseskøyrer så mykje og ofte han kan og får lov. Tidleg i vinter har vi vore på ski både på Totland, Gullbotn, Kvamskogen og Voss (Simon og Frode)
Kva blir det neste?
EM i Oslo står for tur i Oslo (1. - 5.mai), eit par konfirmasjonar, i Svelvik og Molde og familiesamling.
I juni er vi invitert til Stad i 50-årsfeiring til Ragnhild. Hurra! Vi har booka oss inn.
Det som står på prioriteringslista no; strikking, boble, sjå film, lese, henge opp bilde. Elles: Få selt badstua, rydde klea, fikse bunaden, silikon på speil, lister, male huset, planere ute.
Men fyrst middagsbesøk i Naustdal på veg heim frå påskeferie i Nordfjord.

2012-12-11
Julehelsing 2012
«Det er alltid nyttig å
vite hvor slekt og venner er, enten du trenger dem eller ikke». Sitatet er
henta frå Petter Sprett (i Ole Brumm-sitater)
De er hjerteleg velkommen på besøk!
Torsdag morgon reiser vi til Thailand for å få litt sol og varme på kroppen, slappe av, feire oss sjølve (25-års bryllausdag i juni-12) og vere med den gode vennefamilien vår, Høstaker. Til saman blir vi 13 stykke. Vi gler oss! Øyvind fyller 50 år 2. juledag. Han har fått reise til Canada i gåve (skiferie), og reiser direkte vidare dit. Mellomlandar berre i Oslo.
I dag har eg tatt meg fri frå jobb for å få orden på alt som skal gjerast før vi reiser. Litt logistikk-utfordring med bryllaup i Oslo 5. januar når vi kjem heim. Det blir nok ikkje bunad med på lasset denne gongen. Det er Katrine og Alf Henning som gifter seg.
Sidan eg kom frå EM drill i Frankrike i oktober, har eg slite med noko hjertetrøbbel. Eg trudde fyrst det var stress, men fann ikkje roen sjølv om eg let vere å stresse. No har eg vore til EKG tre gongar og har fått time for ein lengre kontroll av hjerterytmen. Eg blir sjølvsagt litt uroleg over slike signal, og tenker at eg faktisk ikkje er ungdom lenger - he-he. Håpar ferie og fri kan gjere underverk.
Dette vart mykje om meg. Litt om mine andre: Karina jobbar i Sola kommune, mykje med oppfølging av barn. Ho har timar på treningssenter i Stavanger og har funne kjærligheten med Ole. Marte trivst godt som idrett-bachelorstudent på Høgskulen i Bergen. Ho og Vebjørn søkjer saman om lån til leilighet i Bergen. Simon har gjort unna fyrste halvår musikk på Kongshaug Musikkgymnas. Han likar seg godt og digga å få køyre bil på 16-årsdagen sin. Rett på vegen, stolt kar og far. Jadda! Og mora og, sjølvsagt. Frode er godt igang som rådgjevar i Askøy kommune, i skulesektoren. Han jobbar, trivst godt og får stor tillit i kollegiet.
Då gjenstår det å seie GOD JUL til alle! Håpar de får det strålande og nyt fridagar saman!
Hugs: Det er mange der ute i verda som er glad i nettopp deg, for den du er!
Klemmar får Olga
Hei kjære alle i familien min. De trur kanskje eg er blitt litt
rar i toppen. Det er jul , eg siterer Petter Sprett og vi har planar om
solferie. Mange pyntar til advent med lilla lys og julestjerne og ventar på det
vesle barnet i krybba. I år blir det ikkje slik for oss.
Dvs. vi har tent lys
og pynta med stjerne i vindauget. Men noko anna juleførebuing er det ikkje her
i huset. Sjølvsagt har vi ete pepperkaker, drukke gløgg og kjøpt tørka fiken,
men med to i huset til vanleg er det ikkje mykje vi klarer å fortære. Dessutan
veit vi at julebodskapen er den same som alltid, uansett kvar vi er i verda.
Når vi no har flytta i nytt hus, har hovudfokuset vårt vore der. Vi er godt som i hus no, og det var kjekt å sjå igjen tinga våre. Vi har bore pappøskje, stolar, bord, bøker, (phuu, tungt), sekkar, lampar, kjøkkenutstyr, montert skap, sengar, sofa og kvitevarer til den store gullmedalje.
Ja, vi eig mykje. Og vi er fornøgde. Når vi i tillegg har hatt strålande ver dei siste vekene, god utsikt og sola har kika inn glaset midtvinters, er det ei ny oppleving for meg.
De er hjerteleg velkommen på besøk!
I dag har eg tatt meg fri frå jobb for å få orden på alt som skal gjerast før vi reiser. Litt logistikk-utfordring med bryllaup i Oslo 5. januar når vi kjem heim. Det blir nok ikkje bunad med på lasset denne gongen. Det er Katrine og Alf Henning som gifter seg.
Sidan eg kom frå EM drill i Frankrike i oktober, har eg slite med noko hjertetrøbbel. Eg trudde fyrst det var stress, men fann ikkje roen sjølv om eg let vere å stresse. No har eg vore til EKG tre gongar og har fått time for ein lengre kontroll av hjerterytmen. Eg blir sjølvsagt litt uroleg over slike signal, og tenker at eg faktisk ikkje er ungdom lenger - he-he. Håpar ferie og fri kan gjere underverk.
Dette vart mykje om meg. Litt om mine andre: Karina jobbar i Sola kommune, mykje med oppfølging av barn. Ho har timar på treningssenter i Stavanger og har funne kjærligheten med Ole. Marte trivst godt som idrett-bachelorstudent på Høgskulen i Bergen. Ho og Vebjørn søkjer saman om lån til leilighet i Bergen. Simon har gjort unna fyrste halvår musikk på Kongshaug Musikkgymnas. Han likar seg godt og digga å få køyre bil på 16-årsdagen sin. Rett på vegen, stolt kar og far. Jadda! Og mora og, sjølvsagt. Frode er godt igang som rådgjevar i Askøy kommune, i skulesektoren. Han jobbar, trivst godt og får stor tillit i kollegiet.
Då gjenstår det å seie GOD JUL til alle! Håpar de får det strålande og nyt fridagar saman!
Hugs: Det er mange der ute i verda som er glad i nettopp deg, for den du er!
Klemmar får Olga
Abonner på:
Innlegg (Atom)