2009-09-30

Badstutid

Vi er ikkje ferdig med september og gradestokken kryp nedover mot null. Hausten har liksom ikkje vore her på ordentleg (med sol og fjellturar i skiftande haustfargar). Vinterjakka og hanskane er henta fram. Eg kan like det eller ikkje, men glatte vegar og sludd langt ned i fjellsida, gjer det lettare å slå på badstua. Eg treng varme!

1 kommentar:

Karina sa...

Vil du vere med til syden ein tur i desember, mamma?!