2011-10-28

Sosiale medier og direkteoverføring via telefon

Eg har vore på foredrag med Clay Shirky, ein guru på økonomiske og sosiale mekanismer mellom menneske når vi samhandlar på sosiale medier.

Forandringa i måten vi pratar på, endrar samfunnet vi lever i. Shirky er frå USA, og mykje av det han sa var kjent frå før, presentert på amerikansk vis.
MEN han hevda, og eg trur det er rett, at røystene frå mindretal, kvinner og undertrykte kjem til uttrykk ved at dei samlar seg, danner grupper  som snakkar via sosiale medier og som kan påverke, både sin eigen og andre sin situasjon.

Det var Nordiske Mediedager som arrangerte seminaret i Bergen. Her var også svensken Måns Adler, grunder av Bambuser.com - eit tilbod om nettstreaming direkte via mobil.

Artig! I dag oppretta Simon og eg kvar vår konto. Kult å prøve. Berre tull sjølvsagt, men om du vil kan du sjå. bambuser.com/channel/olgawergeland@gmail.com MEN ikkje mykje å sjå eigentleg! Dette blir sikkert meir moro - i framtida. Kanskje vi skal prøve på NM for skulekorps...

Simon streamar direkte frå Nattcup. bambuser.com/channel/simws

Men etikken må vere på plass. Det er kort veg til store politiske hendingar til ein skjerm nær deg. Då må vi vite kvar vi gjer.

Ein tredje presentatør på seminar var NRKbeta - NRKs sandkassa for ny teknologi og nye medier. Anders Hofseth, journalist og analytikar har analysert kva sosiale medier, særleg Twitter.com presenterte, kommenterte og kor raskt nyheten spreidde seg om bombeangrepet i Oslo og terroren på Utøya 22.juli.

Twitter låg fleire hakk før tradisjonelle medier. Namnet på terroristen vart fyrst nemnt der. Vi får ei glidning mellom tradisjonelle media og sosiale medier. Det er viktig i slike samanhengar å vere obs på at følelsen kan ta over dømmekrafta.

Men dynamikken i sosiale medier utgjer ein stor forskjell. Her er det ikkje berre ei stemme som snakkar, men fleire.

Ingen kommentarer: