Det var ein strålande solskinsdag og vi gjekk ein flott tur på isete underlag. På veg ned att, heldt vi oss fast i rekkverket og sklei sidelengs på skoa. (Det vart brukt nokre musklar som sjeldan er i bruk.) Det var då vi fann ut at det kanskje er lurt å investere i broddar...
Eg tenkte på det i Øygarden, med havet og utsikta på tur for å sjå på hus.
Seinast i dag tenkte eg på det. Klokka 0430 ringde klokka, brøyteplogen dura utanfor glaset. Eg skulle nå bussen 0515. Kram snø og ein diger traktor som pakka snøen framom garasjen - det var ingen lett start på dagen. Men eg nådde det, og sovna med teppe og jakke rundt meg i bussete på veg til jobb.
Eg tenkte på det då eg sat i boblebadet saman med gode vener i helga. Deilig behageleg varme, gode aromaer, herlig steming frå kjekke folk, som bryr seg. Og som eg bryr meg om.
Eg tenker mange gongar på kor mange vi har å vere glade i. Her om dagen hang ei vase i stova. Nokre gode vener hadde tenkt på oss i Finn Schjøll sin blomsterbutikk (bildet) i hovudstaden. Eg gler meg over små detaljar gjort med eit stort hjarte.
Men denne veka er det berre ein tanke som tel, nemleg NM brass i Bergen. For andre gong skal eg i elden på TV, i år på TV 2 Sumo. Vi sender direkte frå alle divisjonane. Eg grugledar meg. Må berre tenke litt på mellomstikk og sende ut nokre pressemeldingar fyrst...
Dei neste dagane blir litt unntakstilstand, i tankane, og fokuset. Det som står for døra om fem dagar er det viktigaste. Så kjem eg forhåpentlegvis sterkare tilbake, kanskje frå tur til Ål, besøk av familien i byn, EM i Rotterdam, neste NM i Trondheim, ein jentetur, ein konfirmasjon, eller berre eit lite smil frå eit barn som smiler tilbake til meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar