2012-02-28

Tendens til kø

Sola sende gullkorn over Halbrendsnipa i dag tidleg.

Artig snøformasjon på selet
Frå søvndrukne auge på puta i senga, kjende eg at søndagen er til for fri, rekreasjon og ski rundt Fauskestølen.
Og både Frode og Simon vart med. Frode smurde skai med klister og voks og turen på nær 20 kilometer gjekk som ein draum.
På veg opp til Gjøset-bakken var det best å halde seg i køa. Mange skulle opp, nokon meir slitne enn andre. Pustande, svettande, bakglatte ski og stavar som glippe. Ikkje kjekt for dei som opplever det, mens vi hadde supersmurde ski!
Langs løypa sat folk med appelsin, matpakke, bål og kaffi. Glade, smilande mot sola i det kvite landskapet. Så godt å sjå at folk kjem seg ut på ein så flott dag! Då gjer det ikkje så mykje om alle som nyt naturen lagar litt kø, særleg i motabakkane.
Eg hadde uansett ein nydeleg tur. Kunne rett og slett tatt ein runde til... Blir det fint ver i morgon, tek eg gjerne ein tur til.

2012-02-06

Før og etter NM

Eg har ikkje gløymt å blogge.

Eg tenker mange gongar på det når eg er ute og nyt naturen, når eg er heime, på ski eller berre går tur på beina slik som Janne og eg gjorde på Fløyen forrige helg.
Det var ein strålande solskinsdag og vi gjekk ein flott tur på isete underlag. På veg ned att, heldt vi oss fast i rekkverket og sklei sidelengs på skoa. (Det vart brukt nokre musklar som sjeldan er i bruk.) Det var då vi fann ut at det kanskje er lurt å investere i broddar...
Eg tenkte på det i Øygarden, med havet og utsikta på tur for å sjå på hus.
Seinast i dag tenkte eg på det. Klokka 0430 ringde klokka, brøyteplogen dura utanfor glaset. Eg skulle nå bussen 0515. Kram snø og ein diger traktor som pakka snøen framom garasjen - det var ingen lett start på dagen. Men eg nådde det, og sovna med teppe og jakke rundt meg i bussete på veg til jobb.
Eg tenkte på det då eg sat i boblebadet saman med gode vener i helga. Deilig behageleg varme, gode aromaer, herlig steming frå kjekke folk, som bryr seg. Og som eg bryr meg om.
Eg tenker mange gongar på kor mange vi har å vere glade i. Her om dagen hang ei vase i stova. Nokre gode vener hadde tenkt på oss i Finn Schjøll sin blomsterbutikk (bildet) i hovudstaden. Eg gler meg over små detaljar gjort med eit stort hjarte.
Men denne veka er det berre ein tanke som tel, nemleg NM brass i Bergen. For andre gong skal eg i elden på TV, i år på TV 2 Sumo. Vi sender direkte frå alle divisjonane. Eg grugledar meg. Må berre tenke litt på mellomstikk og sende ut nokre pressemeldingar fyrst...
Dei neste dagane blir litt unntakstilstand, i tankane, og fokuset. Det som står for døra om fem dagar er det viktigaste. Så kjem eg forhåpentlegvis sterkare tilbake, kanskje frå tur til Ål, besøk av familien i byn, EM i Rotterdam, neste NM i Trondheim, ein jentetur, ein konfirmasjon, eller berre eit lite smil frå eit barn som smiler tilbake til meg.

2011-12-27

Raraste jula 2011

Vi har opplevd dramatiske døgn både heime og på Eid/Lote.
Garasjen måtte tømast og vaskast
1.juledag reiste vi som vanleg til Eid for å besøke mamma. Vi var tidleg ute og vegane var berre. Vi var pynta til julegjestebod - høghæla sko og i beste stasen. Hos ho mor fekk vi god hjorte-middag og kaffi der vi også feira Olav sin 50-årsdag. (eit år for tidleg).
Men så sette Dagmar inn. Vinden ulte, straumen gjekk, takplate forsvann frå huset, politiet sperra Rv 15 ved moloen. Ferja Lote-Anda låg midtfjords og vi måtte til Lotsberg for å sove. (Fullt i herberget på Eid) Men vi kom oss berre til Lote. Store tre stengde vegen til gards.
Løysinga var å reise til Bjørg og Emmanuel og håpe dei hadde senger til oss. Bilferda forbi kaia var skummel. Store steinar i vegen, sjøen som slo over bilen og rekved langt opp på land.
Vi fekk seng og sove i. (Der det er hjerterom, er det husrom) Marte skulle på jobb, så vi kunne ikkje slå oss til ro. Om morgonen fekk vi nytrekt kaffi sjølv om straumen var vekke. Emmanuel kokte vatn på gass og var sjølv traktar.
Vel heime kom regnet. I store mengder. Nabo-Gaute ringde på døra og sa: Eg trur det kjem ein flom inn i garasjen dokka... Ut og sjå. Heile garasjen full i vatn, ut med bilen, opp med skia, vekk med alt som står på golvet. Vatnet stig meir, ring kommunen, fram med stigen, stenge boksar og "flytande" gjenstandar inne. For vatnet renn ut i strie straumar. Nedover vegen. Bak garasjen er det blitt eit digert basseng, vatnet nermar seg hus-høgde, litt skummelt, kommunen blir igjen kontakta. Skuleplassen er oversvømt, elva fossar nedover vegen, kommunen dukkar opp. Litt overraska over situasjonen. Endeleg kjem gravemaskina. Lettelse. Vatnet synke. Straumen går. Brann i trafostasjonen. Ut å inspisere. Vi kan legge oss roleg. Flott innsats frå oppryddingsmannskapet. For det var ikkje berre her det var flaum og store utfordringar. No gjenstår oppryddinga og forsikringsoppgjeret.

2011-12-23

Roleg før jul

Det er blitt 23. desember. Klokka viser 0800. Eg er lys vaken. Det er mørkt ute og stille i huset. Eg tenker på alle eg er glad i. Familien er samla, Karina og Marte er komne heim og livet smiler til oss.
Jula 2010
Vi har mykje å vere takknemlige for. Vi er friske, har nok mat, gode sengar å sove i, kjekke naboar, omsorgsfulle vener og gamle og nye kollegaer. Vi kan sjå tilbake på mange flotte opplevingar, turar både innanlands og ut i verda, stemningsfulle konsertar, og Simon sin konfirmasjon.

Året 2011 har vore eit annleis år. Ny jobb, kollegaer, leilighet, og nye utfordringar. Datamaskina er med, overalt, på hytta, i leiligheta, på tur til Oslo og heim til Førde. Som nettredaktør går det fint å jobbe overalt.

Tida går fort. Vi ser på gamle bilde. Bilde frå fleire år tilbake opplevest som det var i fjor. Vi er aktive på kvar våre kantar. Dagane skulle hatt fleire timar, ønskjer vi av og til. Men viktigast av alt, å vere nærverande der vi er.

Eg gjer Karina sitt motto til mitt i dag: "Kunsten å gjere ingenting".  Det er litt av ein kunst!

Så går tankane til dei som ikkje har det så bra som oss. Hjelper det at vi hjelper? Julegåvene er meint i beste meining. Til alle våre kjære, symbolsk. Vi er glad i dokke! Så får nokon som vi ikkje kjenner forhåpentlegvis litt glede av vår overflod.

Ha ei god jul!

2011-12-12

Ei tid for alt

Året er 1987. Sjefen i NRK Sogn og Fjordane ringde meg. Ho spurde om eg ville ha sommarjobb.

Men det passa meg dårleg. Eg var nyforelska, hadde planar om bryllaup, reise, leve livet. Nei, jobb og pengar var ikkje så viktig då.

Året er 1990. Eg utdannar meg i journalistikk på Høgskulen i Volda. Får sommarjobb i radioen. Faxen spyr ut, med veldig lyd, nytt frå NTB. Vi skriv meldingar på gule A5-ark, med skrivemaskin. (Nærast forhistorisk frå dagens papirlause nyheitsmiljø.)

Året etter treng eg praksisplass og ringer NRK Sogn og Fjordane. I to månader lærer eg det eg skal drive med dei neste 20 åra, på eit lokalkontor, i heimfylket.

Vi flyttar til Førde, familien på tre, 15. juli startar eg i sommarjobb igjen utan tanke for vidare jobb.

Ein fast jobb er ledig. Sjefen spør: "Skal du ikkje søkje på den jobben?" Eg trekkjer på skuldrane. Magen min er stor. Skal vere mor og ha permisjon det neste året....

Men kven andre enn eg fekk jobben. Var på jobbintervju med Marte 3 månader på fanget. (Kan til og med hugse kva kle vi hadde på.)

Eg var den fyrste kvinna frå Nordfjord som vart tilsett i NRK Sogn og Fjordane. Interessant. Eg vart  fast tilsett som journalist frå 1.1.1992 i permisjon. Ikkje så verst å slå i bordet med det.

Året er 2010. Facebook og sosiale medier er her for fullt. Ein "ven" fortel om ledig jobb som nettredaktør i Norges Musikkorps. Eg søkjer og får jobben. Bergen er neste stopp, utan familien denne gongen. (Går fint å pendle ei stund)

Eit år er gått. NRK-jobben er ein saga blott. Rart og vemodig, og ei litt tøff avgjerd. Eg sluttar ikkje fordi eg vil vekk frå noko. Graset er ikkje grønare på den andre sida, men det er grønt også der.

Livet er for kort til å ikkje prøve seg på nye oppgåver. Nye oppgåver gir nye utfordringar. Eit val fører til eit anna. Plutseleg, rundt neste sving, dukkar det kanskje opp noko heilt anna....

Kven veit?