2009-04-30

Store kontrastar

I frå støyfulle gater og mykje folk i Roma, er det godt å kome til kvite vidder på hytta. Valdresflya låg bada i sol, men før vi fekk på oss skia for å bestige Rasletind på 2105 meter, kom tåka. Vi gjekk med 50 meter sikt, tok utgangspunkt i GPS-en og håpte sola ville trenge gjennom skylaget. I skaret før sjølve oppstigninga skein det av. Men tåka lurte i dalføret, og vi fann det lurast å snu. Fin tur i roleg natur. Og vi møtte på berre to andre menneske...

Verdas største

Peterskyrkja er enorm. 10 millionar er innom kvart år. Mange besvimer når dei kjem inn og ser utsmykkinga, fargane, lyset, dimensjonane - eit kunstverk i fullstendig arkitektonisk balanse. Eg miste ikkje medvitet, men det var ei stor oppleving å stå med hovudet i 90 grader og sjå opp mot den 133 meter høge kuppelen. Kuppelen åleine er 42,5 meter i diameter, og dei fire pilarane som held kuppelen opper har ein omkrins på 71 meter. Dette må berre opplevast. Eg fekk ei religiøs oppleving...

2009-04-27

Nesten som heime...


... i alle fall vermessig. Regnet kom i ettermiddag. Men heldigvis fekk vi sett det vi planla i dag, spanske-trappene, Fontana di Trevi, St. peterkyrkja og pd popolo. Avslutta med kaffe latte. Då toler vi regnet...

2009-04-26

Smak av sommar


Jordbær med krem, på piazzaen i roma laurdag 25.April. Vi feira oldemor Jenny sin 102 års dag. Gratulerer. Du skulle fått smake om du var her. Vi har 20 grader og fint ver.

2009-04-23

Low Battery

11 og 12 åringane i gutebandet "Low Battery" hadde avslutningskonsert i Nicesing onsdag kveld. Dei var fantastisk flinke. Musikken frå synthen, trommene, bassen og gitaren gjekk i god harmoni, og gutane såg ut til å kose seg. Simon, Mats, Mathias og Eirik har ikkje spelt lenge saman, men har opptredd eit par tre gongar likevel. Vel blåst. Eg gler meg til neste opptreden!

Bratte bakkar

Eg trudde det var bratt på Lostberg i Eid. Men tar du Panoramavegen eit kvarter inn fjorden, til Hopland/Randabygda i Stryn går bakkane rett i fjorden. Grunnmurane på husa er nesten like høge på nedsida som huset er høgt. Korleis går det an å leve av jorda åleine her, det forstår eg nesten ikkje.

2009-04-22

Omskifte i veret

Reine kle, skitne kle, vinterkle, tørre kle, våte kle, sommarkle, varmekle og for små kle. For ikkje å snakke om sko. Vintersko, støvlettar, skisko, telemarksko, joggesko, fotballsko, sandalar, høghæla sko, raude sko, kvite, svarte, gule og blå sko. Nesten som i barnesangen..... er det samme har han sagt. Av og til lurer eg på kor mange som bur her i huset, og kor mange sko klarer vi å bruke på ein gong? For tida er vi fem i huset, men talet på sko er ja, sånn rundt rekna 80, 16 på kvar... Og så står det nokre inne i skapet og.

2009-04-15

Førde-Lemonsjøen-Roma og tilbake

No tel eg dagane til neste helg. Då går vårturen til Roma! Varselet seier 18-20 grader i den Italienske hovudstaden. Eg tek med meg Italia-skoa og kjolen min og er klar for Piazza Navona, Peterskyrkja, Dei spanske trappene, butikkane, vinen og ein god porsjon kjærleik. Skia blir med i takboksen til toppturar på returen. 

Heim til middag

Kva er betre enn å kome heim til ferdig middag etter ein lang arbeidsdag? I det eg runda hushjørnet heime, lukta det deilig middag. Frode hadde laga Lasagne, steikt brød og miksa god salat. Nydeleg! Heile familien var samla rundt bordet, og det er sjeldan på ein vanleg kvardag. Men så er det sjeldan vi et middag klokka 20 om kvelden og, midt i veka. 

2009-04-10

Kva er livet utan data?

Slik ser kjøkkenbordet ut i heimen når det er sipever ute. Alle med kvar si datamaskin surfar og les, skriv eitkvart eller høyrer på musikk. Både skjertorsdag og langfredag er lange, late og deilige dagar. Dagar med viktig innhald. Før kan eg huske det var stille dagar, veldig stille. Men kva hadde vi gjort i dag, utan desse fantastiske datamaskinene?

2009-04-09

Husbonden flata ut

Gubben har gått ned for telling. Han tolte ikkje hocky-stillinga i ein nedoverbakke på ski på Langeland. Blir nok ikkje fleire påsketurarn på han i år. No blir han oppvarta i flat stilling.

Men det er litt anleis og rart og, å ha ein sjukling i huset. Han drikk kaffi med sugerør og tastar på pc-en i skrå stilling. Håpar det ikkje varer lenge....

2009-04-08

Fyrste vårdagen

Når krokusane sprett opp av jorda, er det eit sikkert tegn på at våren er i anmarsj. Eg fann ein krokus då eg kosta og gjorde vårreint i hagen her om dagen. Snøen frå ein oppsamla haug i hagen måtte berre leggast litt til rette fyrst..... Fyrste vårdagen er god. Det inspirerte til vaflar, innomhus.

2009-04-02

Norsk attraksjon

I løpet av tre dagar har eg køyrd vegen Olden-Innvik to gongar. Her køyrer både tungtransport og brei last. Det var berre millimeter før vi hamna i fjellveggen ute på oppdrag. Det var slike vegar eg lærte å køyre bil på for over 20 år sidan. Eg forstår godt at aksjonskommiteen for betre veg kallar denne strekninga "Norges verste veg".

Vårreingjering

Solstrålane kikar inn glaset. Kjøkkenvindauget over oppvaskbenken fortel sitt tydelege språk. Og støvet på stolane viser, så altfor godt. Etter ein lang vinter kjem også småkrypa fram. Ein edderkopp i gangen, uhææ... Eg trur huset treng ei skikkeleg vårreingjering.

Flotte dyr

På veg over Strynefjellet, ein nydeleg ettermiddag måtte eg bråbremse for desse dyra. Fareskilta er synleg plassert langs vegen, men blodet brusa godt i årene av ei slik overrasking. Hjorten vart truleg like overraska og sprang raskt ut i skogen, heldigvis utan at eg køyrde dei ned.