2010-03-24

Påskeønske

Metereologane melder om grått og vått og relativt varmt ver på Vestlandet til påske.

Eg er veldig glad for at snøen held på å smelte vekk. Eg lengtar etter vår!!!

Men til påske skal det vere snø også. Lange turar på kvite vidder og litt nedoverski i bakken.

Og kanskje får eg ønsket oppfylt. For varselet for Lemonsjøen ser ikkje så verst ut. Temperatur rundt null grader, litt nedbør, så delvis sol og tre kalde grader når vi kjem dit torsdag. Det kan bli fint, gitt. Og heile familien reiser på hytta.

Eg gler meg og seier som Ole Brumm; ja takk, begge deler.

2010-03-19

Fantastisk

Det tok meg 13 lange og irriterande minutt å kome igjennom til legekontoret.

Etter å ha bestilt time til Simon, lurte eg på om det ikkje gjekk an å bestille time på nettet? Jaudå, det var berre å gå via www.mindoktor.no

Så i staden for å bestille time til meg sjølv på telefonen (Hm, burde jo ha gjort det når eg fyrst hadde venta så lenge...) gjekk eg på nett og bestilte legetime til meg sjølv. Det kosta meg 8 kroner, då. Men enkelt, raskt og utan irritasjon. Nesten so eg kjende ei fantastisk glede etter 13 minutt med "ver venleg vent"-svaret på telefonen.

Kvifor er ikkje dette meir opplyst på både legekontor, aviser og ikkje minst - på Førde kommune sine nettsider?? Det lurer eg på.

2010-03-13

Foball om natta

Ei natt i året brukar Frode tida si saman med konfirmantane i Førde.

For 16 år sidan starta han opp nattcup i Førde som eit anleis tilbod for konfirmantar. No har fleire tatt ibruk natta for å spele fotball, vere sosiale, ha solidaritetstorg og vere med på nattmesse.

Han har alltid sagt at ei natt i året er nok. Det same seier eg.

Natt til i dag var eg med Deciding på nattcup i Sogndal. Dei var hyra inn for å halde konsert, skape miljø, selje t-skjorter og sjølve ha det kjekt i lag. Dei er ein flott gjeng, men godt trøytte då vi tok bussen heim att utpå morgonkvisten.

Misunner ikkje dei som går i turnus og må jobbe natt til vanleg.

2010-03-03

Uventa besøk

To gode venninner banka overraskande på døra i går kveld.

Med ti flotte kvite roser kom dei for å gratulere meg med dagen. Vi prata og kosa oss med te og nøtter.

Det vakraste smykke ein heim kan få er vener som stikk innom. Takk for besøket, Linda og Betten! Dette må vi gjere oftare.

2010-03-02

For dei som lurte....

....var det dette nydelege smykket som låg i presangen eg har venta på å få opna.

Og etter ti timar på jobb i dag, kom eg heim til ein ventande Simon som hadde blåst opp ballongar, laga kort og sang på data og funne to sjokoladekaker i frysaren.

Kjekk velkomst som sette meg i god stemning.

Og når også meldingane, FB-gratulasjonar og telefonar frå familie og kjende, ja, kva meir kan ein ønskje seg til 45-års dagen?












Feiring på hytta til helga!