2011-06-29

Appelsin i fleng

På nabogarden der vi leiger bur ei fin gammal dame. Ho dyrkar grønsaker og har ein haug med appelsintre. Vi stoppa med helsing frå vertskapet og lurte på om vi fekk kjøpe. Dama heiv seg rundt, fann fram hagesaksa og starta innhaustinga. Vi hadde tenkt eit par kilo, kanskje deromkring. Men ho plukka bøtta full. Og dermed enda vi opp med ein heil pose - 10 kg, nok til eit par glas med frisk nypressa appelsinjuice...




2011-06-28

Fire byar tett i tett

Pylos, Menthoni, Koroni og Finikounda. Fire byar på sør-vestkysten av Peleponnese på fastlandet av Hellas. Den eine badeby, den andre hamneby, den tredje pittoresk med smale gate og ei flott gamal dame på byens bakeri. Nysteikte brød, baguettar og wienerbrød med fetaost og spinat. Godt å ha med seg på stranda. Til slutt putta den sjarmerande dama tre Sjakkrute-liknande kake oppi posen vår. Ein fin gest som fører oss dit igjen, om vi er i den byen. no er Frode i Finikounda og handlar brød til vår frukost. Kanskje på tide å sette på kaffien.


Utsikt frå leiligheta, ned i dalen, Grizikampos.

2011-06-27

Nokre inntrykk

Bilde kan ofte seie meir enn tusen ord.






















2011-06-26

Ro

Rullegardinene glir sakte opp med ein forsiktig summelyd. Lyset fløymer inn med den varme brisen. Det er godt å vakne etter ei god natt søvn. Og samtidig vite at dagen blir solfylt. Humlene, biene, ukjene innsekt og til og med myggen lagar sommarglede. Sommarfuglane i all si prakt flyg hit og dit som forvirra skapningar frå blomst til blomst.
Livet er godt og batteria blir lada. God sommar, alle som les bloggen min!




2011-06-24

Peleponnese 2011

Vi har landa! Hellas er ferielandet! Eit flott, nytt privat hus i åssida, eige svømmebasseng, solstolar, svømmeutstyr og friskt godt drikkevatn frå spesialspringen i garasjen. Takterassen innbyr til solnedgang i vest, morgonsola vekker oss til gode feriedagar. Berre grashoppene lagar lyd. Fram med blada, avisene, bøkene og musikken. Her håpar vi på ei god veke! (bilde kjem- for mørkt no)

2011-06-21

Har du sett på maken? Sol, sol, sol! I tre veker framover. Jippi! Eg har vore pakka og klar i to veker, to veker med sjukdom og slapphet. No er det berre restar igjen og eg ser med forventning fram til ferie, varme og sol!
Ja, vi har det fint her og, i dag. Plenen er klipt, blomstrane ompotta og Marte skal passe hus og heim, saman med Karina etter kvart. God sommar!



Etter festival

Marte kom heim seint i natt. Ho har vore på musikkfestival i Tyskland, Bremen.
Ho er full i opplevingar og skit.
No vaskar ho kle og teltet dei har lånt av naboen. Heldigvis er det fint tørkever.
Det har blitt lite søvn. Ho kom igjen tidleg på morgonen, og etter tre timar søvn var ho klar for å gå på jobb. Det blir nok ein tidleg kveld i kveld.
Sidan det er sol og sommar for ein gong skuld, for eg på butikken og kjøpte frukt.
Deilig!




Etter festival

Marte kom heim seint i natt. Ho har vore på musikkfestival i Tyskland, Bremen.
Ho er full i opplevingar og skit.
No vaskar ho kle og teltet dei har lånt av naboen. Heldigvis er det fint tørkever.
Og Sidan det er sol og sommar for ein gong skuld, for eg på butikken og kjøpte frukt.
Deilig!



2011-06-18

Kofirmasjonsbilde

Nokre bildeminner frå konfirmasjonen til simon.













Men konfirmanten har eg ikkje bilde av...

På veg heim til pinse var det kjempelang kø på ferjesambandet Lavik Oppedal. Ja, eg har aldri sett så lang kø før.
Tidlegare vegsjef her i fylket kommenterte statusen min på Facebook - Uansvarleg å ikkje sette inn ferje nr.3 i pinsa.
For min del gjorde det ikkje noko. Eg sat på bussen.



Nokre fordelar med å ta buss, heldigvis.

2011-06-17

Atypisk lungebetennelse

Eg har hangla i over tre veker. Endelig har eg fått vite at det er atypisk lungebetennelse. Det heng i hals/lunge og eg blir ikkje kvitt det. Hostar og harkar, er slapp og tiltakslaus.
No har eg fått ein tøff kur som skal hjelpe. Eg et på tablettar, sug på drops og pelmar i meg slimløysande middel.




Håpar berre eg blir frisk til ferien om ei knapp veke... Og at dei andre ikkje blir sjuke.

Diplom

For nøyaktig ei veke sidan var Karina ferdig uteksaminert ved høgskulen i Bergen, avd fysioterapi. Gratulerer!

Avslutninga var fin og høgtideleg. Foreldra var inviterte og studentane/fysioterapeutane var kledd i dress og bunad. Dei hadde laga eit flott program, med talar, video, bilde og underhaldning.

Tre tøffe og lærerike år er tilbakelagt og eit nytt år med nye utfordringar kan ta til.
Lykke til!