2009-11-28

Luktar reint

I dag har eg vaska vindauge til den store gullmedalje.

No er julegardinene komne på plass og julestjerna og adventsstaken klar til bruk. Rart i grunn, det verkar som heile huset er vaska fordi glasa er reine....

Men det blir spennande å sjå resultatet når det lysnar i morgon. Eller kanskje vi ikkje merkar eventuelle striper før sola kjem tilbake...

2009-11-27

Engasjert dame

Anne Karin er eit engasjert menneske.

Ein kveld før jul inviterer ho naboar og vener til bakekveld på skulekjøkkenet på Halbrend.

I går laga ho, som fleire av oss andre både natronkaker, sveler og lefse. Men i år forbarma ho seg til og med over halvparten av lefsedeigen til Anne og Anne Oline.

Til neste år er målet å få smake og drikke kaffi med oss andre seks damene.

Smak av jul

Mandarinane heng tett på trea langs gatene i Malaga, Spania. Julefrukta framfor noko, for meg.

Men vi prøvde oss på ei som vi knabba frå bakken. Den smakte både surt og beiskt. Kanskje det ikkje var mandarin likevel?

Då er det godt at vi får tak i dei på butikkane her heime. For no går det med nokre kilo mandarin kvar veke fram mot jul.

2009-11-17

Tre i ein

Sommar, jul og bursdagsfeiring i november. Simon sin 13-årsdag starta med frukost på senga, så tennis, soling og shopping på marknaden i Furengiola. Der var det julesangar over høgtalaranlegget - litt rart med shorts og sandalar.

2009-11-15

Bil-utleige

Artig start på ferien. Alle tre nordmennene som stod i kø for bilutleige, mangla bevis på betalt leige. Men heldigvis hadde vi god tid, for ein sint engelskmann kom og leverte bilen på feil plass og det vart høglydt diskusjon. Vi fekk bil alle tre til slutt, sjølv om det tok oss litt lenger tid enn vi tenkte.

2009-11-13

Varmare strok

Laurdag morgon reiser tre av oss i familien til Malaga i Spania.

Ei veke med litt sol og varme vil forhåpentlegvis gje litt energi i kalde vinterkroppar.

Ifølge yr.no ser i alle fall utsiktene gode ut. 22-23 grader om dagen er ikkje å forakte. Særleg ikkje no når finveret her heime ser ut til å snu. Kanskje blir det ein dukkert i havet også.

I tillegg skal vi feire tenåringen i huset tysdag 17.november på Andalucia-kysten.

NRK utrykking

Massey Ferguson?

Her om dagen stod denne doningen på parkeringsplassen utanfor NRK Sogn og Fjordane.

Litt artig sidan vi nett har fått ny-oppmerka parkeringsplass.

Håpar det ikkje er denne vi må bruke i ein akuttsituasjon ved utrykking neste gong...

2009-11-09

Vestlandet = himmelen

Den amerikanske legenda Barry McGuire heldt konsert med band i Førde kyrkje måndag kveld.

Ekte og ærleg formidling, både musikalsk og i tale. Ja, dei var så begeistra for Norge og Vestlandet at han meinte at himmelen ikkje var store forskjellen for oss.

Det er Leon Bø, opphaveleg frå Vågsøy som er initiativtakar til konsertturneen. Målet er å hjelpe narkomane og heimlause med utgangspunkt i El Paso i Texas. "Vi har noko å dele" er mottoet deira. Og det gjeld vel så mykje for oss som har i overflod.

Berre rundt 25 tilhøyrarar fekk med seg den flotte konserten. Vi burde vore det tidoble!

Men 2,5 timar for ein aldrande kropp i harde kyrkjebenkar vart vel lenge...

2009-11-08

Livet må gå vidare

Jammen vart det straffekonkurranse i cupfinalen.

Spenninga var å ta og føle på heilt til siste spark. Steminga er laber!

Men Simon har vore litt til og frå. Han dukka opp etter Ålesund-jubelen og seier; Ikkje ver så skuffa pappa. Du villle vore endå meir skuffa om du hadde vore der, og brukt 6000 kroner på kampen.

Simon, evig optimist. Noko har faren lært han....

Spenning i heimen

Det er mykje som skal fordøyast i løpet av ein søndag føremiddag.

Minst fire stk papir-aviser, ein pc, blogging, Facebook, Twitter og cupfinalen på TV. No er det berre radioen som manglar...

Men to gongar 45 var ikkje nok for å avgjere kampen. Ekstraomgangar og kanskje straffekonk.... Det hadde vore noko i dag.

Men ikkje for Frode sin del, trur eg.

God middagslur

Truls, katten vår....

har sin faste plass i korga i trappeoppgangen om natta. Men om dagen vil han helst vere der vi andre i huset er.

I dag har han funne ein ny plass, mellom putene i sofaen på det nye lilla ullpleddet.

Han har med andre ord funne seg godt til rette her i huset og er ein ekte kose-katt.

Skråblikk på finalen

Interessa frå mi side er sånn passe....

Molde mot Ålesund i cupfinalen er spennande lokaloppgjer på Ullevaal. Men med ein entusiastisk supporter i godstolen er det umulig å ikkje få med seg deler av kampen.

Molde leiar plutseleg 1-0 og då er ikkje romsdalingen og Ålesund-trenar, Rekdal mykje blid. Men no har eg vel sjeldan eller aldri sett han smile i andre samanhengar heller....

2009-11-06

Bake-knep

Fridag for mor i huset = ferske rundstykker! Og så gir det ei ekstra god stemning i huset. (Særleg etter at huset er vaska og reint.)

Etter å ha brukt tørrgjær i all mi tid, har eg no gått over til fersk gjær. Resultatet er store, luftige, fine og deilige rundstykker som berre må smakast på med ein gong dei kjem ut av omnen.

Eit lite ekstra-knep er å ha i ei teskjei ekstra med bakepulver. Det fungerer!

Overraska mor

Onsdag denne veka fekk eg meg ei stor overrasking. Marte kom innom jobb for å hente noko i bilen.

Ein halvtime etterpå sende ho tekstmelding og bad meg sjå meg bak, ut vindauge. Der sat HO bak rattet... Fyrste tanken min var - er du gaaal, før eg forstod. Ho hadde køyrt opp og fått "lappen".

Kollegaene mine som var vitne til "oppstyret", kommenterte tørt: slik er det å få store ungar.

Kort-inspirasjon

Denne veka kom ein pakke i posten, til Frode, med julemotiv. (Han har meldt seg inn i Creative Club. Var meininga han skulle melde seg ut etter fyrste forsendelse)

Kjekt det! Då kan eg starte den kreative prosessen før eg tek til med å klippe og lime og lage julekort og dekorasjonar av ulikt slag.

Ein venninnegjeng står snart på trappene og er klare til å lage kort. Då blir det mandarin, gløgg og stearinlys. Eg gler meg alt!

2009-11-01

Som eit eventyr

I to veker har Marte og ni klassevenninner opplevd ørken, oasar, båttur på Nilen, pyramidar, Tut Ankh-Amon og Sfinxen.

Dei har snorkla, handla, tatt fleire tusen bilde. Og dei har møtt 2-åringar som sel heimelaga smykker. (Foto:Marte)

Ei reise med mange og sterke opplevingar, som eit eventyr, har Marte sagt fleire gongar sidan ho kom heim.

Og dei har køyrd landrover i 130 km/t - utan bilbelte. Godt dei er heime igjen i god behald.

Morgonmusikk

Gitarklimpring er koseleg.

I dag vakna vi til kaffilukt i huset. Simon hadde laga deilig frukost til oss, nyvarma rundtstykker, hardkokte egg og fint dekka bord og tende stearinlys. Kan det bli betre?

Og etter frukosten vart Frode og Simon sitjande å musisere. Litt Coldplay og litt jazz-stemning sette ein ekstra spiss på søndagsmorgonen.

No må berre Sogndal vinne kampen om opprykk!!!