2009-07-29

Vinteren er berga

Jordbær-sesongen er på hell, men heldigvis fann eg ein gardbrukar frå Breim som var i Førde og selde bær. Litt sukker, jam og nokre kilo bær, så var jordbæra blitt til sylte. Kjekt å ta opp frå frysaren seinare i vinter.

2009-07-27

Trimsesongen igang

Ja, då er eg igang igjen med trening av kroppen. Etter fire-fem veker i kvilemodus, er det godt å kjenne at musklane ikkje har svikta heilt. I kveld syskla eg inst inn i Angedalen, rundt 15 kilometer ein veg, seiest det. Flott tur med Linda og Einar. I går gjekk turen til Storehesten, nær 1209 moh, saman med våre gode vener Torunn og Øyvind m/fam. Tåka låg snurra rundt "hesten", men då vi kom til topps letta det så vi fekk sett ned til Bygstad. Fabelaktig!

Bærplukkaren

I dag har Simon vore ute og plukka blåbær, rips og tidlegare i veka plukka han også solbær frå hagen. Solbæra var litt grøne, så vi let dei ligge å modne litt. Problemet var berre at vi la dei på vaskerommet, rett ved tørketrommelen. Så bæra fekk ein litt for brå, og varm modningsprosess og mygla, Heldigvis er det mange bær igjen på trea enno, så det blir litt solbærsylte i frysen også til vinteren.

2009-07-24

Alle dørene kvite

Endeleg, no er alle dørene i huset kvite. Regnveret har gitt meg arbeidsro i gangen heime. Utgangspunktet var å male dei to trekvite dørene, men med godt arbeidslys måtte veggane også få seg ein omgang. Og jammen fekk ikkje det lutmalte skapet også nokre strøk. No manglar berre beslaga...

2009-07-20

Heim til sipever

Frå over 30 grader og deilig sommar i Hellas, er vi tilbake i Norge. Vi har hatt gode dagar, med bading, soling, sjøliv, 25-års bryllaupsfeiring og møte med gode vener. Alt har stort sett gått smertefritt, sett vekk i frå eit tapt masterkort og to par forsvunne solbriller. Litt svinn må vi rekne med... Men å kome heim til 14 grader og regn, likar eg dårleg. Så her er det berre å finne fram arbeidslysta å gjere eitkvart innomhus.