2010-01-29

Aldri ajour

Eg lurer på kor mykje tid eg brukar på å halde orden på klea her i huset?

Uansett kor ofte eg vaskar kle, heng opp kle, legg saman kle så er det fullt i skitentøyskorga. Og ikkje alltid fullt, men stappfullt!

Tørkestativet er dermed også godt brukt. Alltid fullt, det og. Men trass alt er det betre enn ei full korg på vent til vasking...

Det er ei god kjensle å sjå botnen, men når det sjeldan skjer er det vel eit godt teikn på at aktiviteten er på topp. Og slik bør det vel også vere?

2010-01-25

Stemmemfest

Fredagkvelden er det stemme-fest i heimen.

Alle dei ulike stemmene i Deciding kjem saman for å spele spel, leike, ete og riste seg i hop til sosialt samver. Ein ny og sikkert kjekk måte å bli betre kjend på.

Her i huset er det gutestemmene som møtast. Det er mor i huset som har invitert, så eg håpar å klare å halde styr på gjengen.

Om ikkje må eg kanskje hente assistanse frå pedagogen i huset...

2010-01-23

Deilig spa

Varm olje i mjuke hender var ikkje mindre enn fantastisk.

Fredag ettermiddag besøkte eg spa-avdelinga på hotellet og brukte julepresangen frå Frode. To timar duobehandling saman med den gode venninna mi Torunn, stod til gull!

Full oppvarting, boblebad, forfriskningar, seks ulike typar leire på heile kroppen i såkalla Rasol og ein halvtime rygg- og nakkemassasje. Eg gjer det meir enn gjerne igjen .

2010-01-19

Hyttetur - fyrste i år

Det har faktisk gått fem år sidan vi kjøpte oss hytte på Lemonsjøen!!!

Ikkje til å tru. Tida fyk! I helga bladde vi litt i hytteboka og fann ut at fem år går fort!

Men området, naturen, snøen, bakkane, løypene og freden er den same.

Det er godt å kjenne roen og ha ein plass der vi berre kan slappe av, nyte god mat, høyre på musikk, lese bok og ikkje minst kome oss ut i den fantastiske naturen.

Pass opp, vi er snart tilbake!

2010-01-13

Sokkeproblem

Eg har firogtjue sokkar, ikkje to av dei er par...

Strofa er frå Salhusvinskvetten, og eg skriv gjerne under. Tre av fire familiemedlemmer har samme sko-størrelse, og av ein eller annan merkeleg grunn er det dei beste sokkane som forsvinn.

Og om eg skulle vere så heldig å finne ein god sokk, kan du vere sikker på at den andre ikkje er å oppdrive.

Trur eg frå no av lagar ei stor felles korg med fritt sokkeval....

2010-01-10

Luksusdyr

Det er flott at hundeeigarane kan ta med seg ein pose på tur.

Ein pose for driten til dyret sitt. For det er slett ikkje kjekt å møte på hundeskit i dei flotte kvite løypene. For ikkje å snakke om du er så uheldig å trakke oppi...

Men dette (sjå bilde) var vel flotte posar. Eg trur ikkje den som har strikka desse hanskane synst det er like kjekt om dei blir brukt til hundeskit...

Hyttetilstandar heime

To dagar med ski på beina på Langeland har gitt ny energi.

Veret har vore strålande og minusgradene tosifra. Men kva gjer vel det når vi har på oss godt med kle, med ull frå inst til ytst...

Det er ikkje så verst å ha turterrenget nesten rett utanfor stovedøra. Særleg er det kjekt når temperaturen på Lemonsjøen viste -35 grader, og vi fann det best å halde oss heime.

Det tek berre ti minutt å kome seg til flotte oppkøyrde langrennsløyper på Langeland. Berre velstand.

2010-01-08

Eit tankekors i kulda

I dag må eg reklamere litt for satireforfattaren Are Kalvø.

Ja, det er bikkjekaldt, både heime, ute, inne og overalt i verda, skulle vi tru media sitt fokus på temperaturane om dagen.

Gå til lenkja og les.
http://www.arekalvo.no/indeks.asp?id=748

Eg smiler for meg sjølv. Eg er med på det eg også. I dag ringde NRK S&Fj til Svalvbard for å høyre om vi har det kaldare enn dei. Svaret var ja, i dag...

2010-01-07

Eit nytt år og takk for det gamle

Ei lita nyttårshelsing til familien, og dei venene som er innom her av og til.

Takk for alle kjekke julekorta! Vi har dei framleis hengande på kjøkkenet i ei snor. Nokon lange, og nokon korte. Det er godt å ha gode vener og omtenksam familie som gjev eit livsteikn av og til. Eg er glad i kort og skulle gjerne ha laga fleire og sendt til kvar og ein. Men den digitale varianten er mest effektiv.

Vi har hatt ein god juleferie. Familien har kosa oss saman. Kjekt å ha Karina heime frå Bergen, vi har jobba litt, vore på besøk til vener, besøkt mamma Eli på Eid, proppa i oss god julemat og opna pakkar. Takk!

Det ligg forventningar når vi går frå eit år til eit anna. Pluss/delta brukar vi å ha som "underhaldning" siste dag i året. I år kom vi til konklusjonen at vi har det godt, året har vore innhaldsrikt og fullt av gode opplevingar. Finanskrisa og klimaspørsmålet er viktige saker som opptek oss, men trass i dystre spådomar i media har vi ikkje merka det privat. (Gradestokken viser 16 kalde minusgrader, og vi snakkar om temperaturstigning?) Ja, ja, kanskje burde vi skru ned temperaturen nokre grader inne og ta på oss ullundertøyet....

I alle fall: Eg gledar meg over å få vere frisk, ha ein god jobb og ein fin familie og mange gode vener å vere glad i.

Turnusfri og kaldt

Planen var å ta ein helgatur på hytta i morgon.

Eg har ein av mine turnusfridagar fredag. Men vi har ombestemt oss. Det er for kaldt, heisane står og varselet viser 25 kalde minusgrader.

Om det er godt å kome på hytta og fjellet, er det sikkert ikkje så behageleg å gå i løypene bortover heller med den kulden.

Vi får nyte det kalde, fine veret her heime og kanskje kome oss ut ein liten tur i alle fall. I kveld viser gradestokken berre -16,9.

God helg!

2010-01-06

Boblar rart

Det kjem ein rar lyd frå sluken frå badet når vi set på oppvaskmaskina på kjøkkenet.

Når vi set på vaskemaskina på vaskerommet, dukkar lyden opp frå sluken på kjøkkenet. Sidan før jul har vi vore forsiktige med å sette på maskinene samtidig. Noko er tett ein plass...

Dessutan er vasslåsen til kjøkkenvasken øydelagt. Det har den vore ei stund, så vi brukar to bøtter for å ta unna drypp frå avløpet. Men å finne delar til den gamle vasken er ikkje lett. Nei, det er ikkje sikkert vi klarer å få tak i det eingong.

Enn så lenge er løysinga kitt som tetningsmasse rundt røyra. Spennande å sjå kor lenge det held...

2010-01-04

Katt til bords

Vi har heilsteikt ørret til middag og då er ikkje katten vår, Truls, sein om å kome til bords.

Men han må smøre seg med tolmod. Han forstår at han ikkje kan ete før etterpå...

Når vi er ferdige gjer han seg klar til eit superhopp, nesten ein meter over bakken før restane går i kattemagen. Litt av ein superkatt!

2010-01-03

Andre skitur i år

Og forhåpentlegvis blir det mange fleire...

I dag var Frode og eg i fint driv på Langeland, over Djupedalen, Hjelmelands-støylen, Fauske og Gjøset. Vel to timar rundt den 20 km lange løypa var god trim for skrotten.

Ikkje så gale med litt bakoverglatte ski og slit i oppoverbakkane, når "køa" vart passert på grunn av god gli nedover.

Are og Simon tok ikkje utfordringa med å gå 2 mil, men leika seg med ski på beina langs lysløypa. Kjekt med ein kompis som er med, når han ikkje har like lyst på å gå langt.