2009-09-30

Badstutid

Vi er ikkje ferdig med september og gradestokken kryp nedover mot null. Hausten har liksom ikkje vore her på ordentleg (med sol og fjellturar i skiftande haustfargar). Vinterjakka og hanskane er henta fram. Eg kan like det eller ikkje, men glatte vegar og sludd langt ned i fjellsida, gjer det lettare å slå på badstua. Eg treng varme!

2009-09-27

Finveret må kome snart

Ja, det eg høyrer er lyden av dryppande, vått regn. Eg har høyrt det i fleire dagar no. Eg har slutta å sjå på yr.no. Men i dag har Frode stor tru på at yr sler til. Min evige optimist. Frå klokka 15 til 19 skal det bli sol, seier varselet. Vi må uansett kome oss ut, så får vi ta det som ei positiv overrasking om sola skulle vise seg. Om ikkje trur eg vi bestiller oss ein tur utanlands snart...

2009-09-24

Irriterande

Det er sjeldan eg blir veldig sint, men i dag kunne eg ikkje anna enn å skrike ut. Mobiltelefonen min kom i retur. Endeleg, burde eg eigentleg seie. Men eg har berre hatt trøbbel med telefonen sidan eg kjøpte den for rundt eitt år sidan. Ein Sony Ericsson, touch, G900 heitar den. Iphone står på ønskjelista frå no av!

2009-09-22

Fantastisk bok


Linda Olsson si bok er noko av det finaste eg har lese nokon gong. Det var tittelen "La meg synge deg stille sanger" som fekk meg til å kjøpe den. Her møtest to kvinner, ulik alder, forkjellige historier, rørande og gripande. Eg gler meg til å begynne på neste bok av samme forfattar.

2009-09-19

Stolt kar


Det er stor stas å få køyre traktor-slåmaskin hos farfar. Simon og erlend storkosar seg. For simon sin del er det berre tre år og to månader til han kan køyre sin fyrste biltur. Og helst når klokka passerer tolv midnatt 17.november 2012.... Det er i alle fall det han fablar om sjølv, så får vi sjå kva foreldra vil.

2009-09-12

Hytte-liv


Fjellet på lemonsjøen gir energi. Trass i litt regn og vind i 1250 meters høgde, gjorde det godt med ein liten fjelltur. Skulle berre hatt med bærplukkar. Fantastiske tytebær. Det må vi gjere noko med i morgon.