2011-05-31

Liten plass

Dette kallar eg presisjonsparkering.



2011-05-29

Versur

I dag har regnet virkelig gjort noko med humøret mitt. Hadde store planar om fjelltur både i går og i dag, men ikkje vart det i går, og til no i dag har det hølja ned. Om eg ser på vervarselet ser det ikkje betre ut. Det var ikkje lurt å legge regnklea i Bergen. Ei heller å legge igjen paraplyen på bussen i Oslo. Det er no eg treng det!


2011-05-26

Turnerer landet

Ein dag i Førde, neste i Bergen, så eit par dagar i Oslo, før heime er neste stasjon.
Det er nok mange som reiser meir enn meg, men kjenner på ein vag følelse av å bidra til auka klimautslepp...
Likevel er det godt å kunne reise, kjenne seg fri som fuglen og likevel gjere eit stykke arbeid. Og i kveld er det venninne-besøk. Eg gler meg.



2011-05-24

Maratonkonfirmasjon

Vi har feira Simon. Simon er blitt vaksen. Han vil ikkje sitje på fanget mitt til han blir 70. Han er ein flott gut. Fargerik, som fleire sa i talen.
Han har fått mykje merksemd, gode ord, fin musikk, sang, godt selskap. Dei kom heilt frå Kristiansand, Levanger og Svelvik. Molde, Oslo og Aukra, Eid, Sogndal, Naustdal og Balestrand.
Takk til alle!
Eg har hatt det supertravelt, men superkjekt. Eg kjenner meg takknemlig, for alt vi har fått, for kjekk familie, godt vennskap og all hjelp!
På veg til Bergen og kvardagen kjenner eg kroppen treng kvile. Og med sommarfugl-orda om kjærligheten, kan eg med handa på hjertet seie, eg er glad i dokke!
Ein sommarfugl er som kjærligheten. Holder du den for fast, faller vingene av. Holder du den for løst, flyr den sin vei.



2011-05-09

Rhododendron


Ingen by er finare om våren i blomstringa enn Bergen.

Påstanden har eg høyrt før, og i dag opplevde eg det.

Eg har aldri set så mange, flotte og fine Rhododendron på ein gong før. Dette kan eg like. Ein flott gåtur rundt Store Lungårdsvann, forbi Florida, brannstasjonen og vidare til Kafaret var ein god start på ei ny veke.

Eg tek den gjerne igjen!

Stolbytte

Det har gått to veker sidan sist eg blogga. Ryggen er bra igjen.

Etter å ha opplevd ubehaget det er å ha så vondt i ryggen, unner eg ingen den smerta! Sidan eg meldte "vondten" ut her, har eg fått mange spørsmål om kvifor eg sat på legekontoret og blogga.

Takk for omtanken!

Det fyrste eg skal gjere neste gong eg får vondt, er å skifte stol på jobb! For det hjelpte med støtte i korsryggen!