2012-02-28

Kjekk overrasking

Eg har ikkje nett hatt bursdag enno, men har hatt selskap og fått nokre bøker i presang.
Kjempefint bokmerke - homemade!
Difor var det ekstra kjekt å kome til Bergen igjen og finne ein konvolutt med namnet mitt på. Inni konvolutten låg fem bokmerke som Kristin, svigerinne har laga. Ho har fått dilla - ei fin hobby, særleg når den går ut over andre.
Takk Kristin! Eg skal fordele dei andre til resten av gjengen - når eg treff dei igjen.

Tendens til kø

Sola sende gullkorn over Halbrendsnipa i dag tidleg.

Artig snøformasjon på selet
Frå søvndrukne auge på puta i senga, kjende eg at søndagen er til for fri, rekreasjon og ski rundt Fauskestølen.
Og både Frode og Simon vart med. Frode smurde skai med klister og voks og turen på nær 20 kilometer gjekk som ein draum.
På veg opp til Gjøset-bakken var det best å halde seg i køa. Mange skulle opp, nokon meir slitne enn andre. Pustande, svettande, bakglatte ski og stavar som glippe. Ikkje kjekt for dei som opplever det, mens vi hadde supersmurde ski!
Langs løypa sat folk med appelsin, matpakke, bål og kaffi. Glade, smilande mot sola i det kvite landskapet. Så godt å sjå at folk kjem seg ut på ein så flott dag! Då gjer det ikkje så mykje om alle som nyt naturen lagar litt kø, særleg i motabakkane.
Eg hadde uansett ein nydeleg tur. Kunne rett og slett tatt ein runde til... Blir det fint ver i morgon, tek eg gjerne ein tur til.

2012-02-06

Før og etter NM

Eg har ikkje gløymt å blogge.

Eg tenker mange gongar på det når eg er ute og nyt naturen, når eg er heime, på ski eller berre går tur på beina slik som Janne og eg gjorde på Fløyen forrige helg.
Det var ein strålande solskinsdag og vi gjekk ein flott tur på isete underlag. På veg ned att, heldt vi oss fast i rekkverket og sklei sidelengs på skoa. (Det vart brukt nokre musklar som sjeldan er i bruk.) Det var då vi fann ut at det kanskje er lurt å investere i broddar...
Eg tenkte på det i Øygarden, med havet og utsikta på tur for å sjå på hus.
Seinast i dag tenkte eg på det. Klokka 0430 ringde klokka, brøyteplogen dura utanfor glaset. Eg skulle nå bussen 0515. Kram snø og ein diger traktor som pakka snøen framom garasjen - det var ingen lett start på dagen. Men eg nådde det, og sovna med teppe og jakke rundt meg i bussete på veg til jobb.
Eg tenkte på det då eg sat i boblebadet saman med gode vener i helga. Deilig behageleg varme, gode aromaer, herlig steming frå kjekke folk, som bryr seg. Og som eg bryr meg om.
Eg tenker mange gongar på kor mange vi har å vere glade i. Her om dagen hang ei vase i stova. Nokre gode vener hadde tenkt på oss i Finn Schjøll sin blomsterbutikk (bildet) i hovudstaden. Eg gler meg over små detaljar gjort med eit stort hjarte.
Men denne veka er det berre ein tanke som tel, nemleg NM brass i Bergen. For andre gong skal eg i elden på TV, i år på TV 2 Sumo. Vi sender direkte frå alle divisjonane. Eg grugledar meg. Må berre tenke litt på mellomstikk og sende ut nokre pressemeldingar fyrst...
Dei neste dagane blir litt unntakstilstand, i tankane, og fokuset. Det som står for døra om fem dagar er det viktigaste. Så kjem eg forhåpentlegvis sterkare tilbake, kanskje frå tur til Ål, besøk av familien i byn, EM i Rotterdam, neste NM i Trondheim, ein jentetur, ein konfirmasjon, eller berre eit lite smil frå eit barn som smiler tilbake til meg.