2010-02-27

Vente, vente

Her om dagen låg det ein stor konvolutt i postkassa.

Den var til meg! Kanskje ikkje så rart sidan eg har bursdag snart. Men så var det det med å vente då... Eg hadde mest lyst å opne, men fekk ikkje lov.

- Posted using BlogPress from my iPhone

2010-02-25

Bergen hermar

På byvandring med Karina i Bergen kom vi over denne brua.

Nesten som himmelbrua, eller skywalken i Førde sentrum.
Berre ein tanke kortare då...
Lurer på om dei har krangla like mykje om fasaden her som heime?

Frode Donald

Hallo! Eg veit ikkje om eg skal le eller grine.

Frode pussar opp badet. Dusjen i betong skal vekk, nye vassrøyr skal på plass og då må han bore fem hol i veggen til røyra. Problemet er berre at han bora feil, og det fem gongar!! Hastverk er lastverk. Så no har vi fem luftehol frå badet til kjøkkenet. Juhu!

2010-02-21

Høgt og flott

Ein vossing, ein frå Stord, ein haugesundar og ein frå Halden.

Til saman utgjer dei Nordic Tenors, ein flott bukett sangarar og showarar.
Som svalene flyg dei høgt og lavt, i mjuke bogar og krappe svingar og over store avstandar. (fritt oversett frå progr.) Musikken tilhøyrer alle. Ei stor oppleving.

2010-02-14

Talentfull ungdom

Spele- og sanggleda var på topp under UKM (ungdommens kulturmønstring) i Førdehuset laurdag.

Både hardrockband og forsiktige solistar stilte opp i håp om å gå vidare til fylkesmønstringa.

Også Low Battery, gruppa til Simon deltok. Dei framførte to nummer, eitt åleine og eitt saman med koret "Tweensing". Dei viste skikkeleg speleglede og fekk heile salen til å klappe med....

Dei kom seg ikkje vidare, men om dei er talentfulle? Ja, så absolutt! Flott, Frode at du er med kvar måndag og backar opp gutane!

2010-02-09

Sjekk datoen

Det kjem ikkje an på kor fine brøda ser ut, men korleis dei smakar.

Eg var skikkeleg stolt over meg sjølv. Fann ei ny oppskrift på Tine.no og sette igang med å lage deilige solsikkebrød. Eg leita godt inst i skapet, fann rette mjølsortane og elta saman alle ingrediensane. Deigen heva seg fint og flott, men eg kjende ei litt rar lukt...

Dessverre tenkte eg ikkje meir på det før eg smakte på brødet dagen etter. Solsikkekjernene, Kruskaklien og Hvetekimen hadde datostempel i to tusen og ja, nokre år tilbake.

Både brødet og resten av storinnkjøpet av ulike mjølsortar gjekk rett i boss.

Betre lykke neste gong.

2010-02-08

Kortproduksjon

Ei lita leiterunde i kassene på loftet, fekk fram kreativiteten.

Prikkete, stripete, blomstrete papirark og kartongar i ulike fargekombinasjonar. Med litt dobbeltsidig tape, saks og lim, blir papirbitar raskt til små kort. Med litt band og blomster i tillegg, kjem skapargleda.

Etter nokre timar jobb, hadde eg laga sju ulike kort. Dei ser forskjellige ut, sjølv om malen er den same.

Det einaste som gjenstår er å skrive nokre velvalde ord og gje vekk eit kort til gled for både meg sjølv og forhåpentlegvis den som får det.

2010-02-07

Bursdagsfeiring

Hurra for Linda! Eit anleis innslag i kvardagen.

Laurdag inviterte ho nær 20 gjester for å feire bursdagen sin. Ikkje så heilt uvanleg det. Men denne gongen møttest vi til felles bading, bobling, behandling og terapi i Spa-avdelinga på Sunnfjord. Ei strålande oppleving og godt fellesskap!

Etterpå spaserte vi heim til dei og åt nydeleg Bacalao med 18 gjestar til bords. Dette må vi gjere igjen!

2010-02-06

To tankar i hovudet

Det er morsomt å reflektere over kor mange ting det er mulig å gjere på same tid.

Det er frukosttid og kaffien er trekt. Eggevatnet er sett på og frukostbordet skal dekkast. Men før det, må eg ta opp eit brød (heimelaga) frå frysaren. (Bilde er frå Vita hjertego`)

På veg dit må eg via vaskerommet. Då ser eg at det er fort gjort å ta ut av maskina som eg sette på i går, og i same slengen kan eg sette på ei ny... Og klea på tørkestativet legg eg saman. Men der står jammen skiskoa som eg kan flytte ut til rommet der frysaren står. Før eg opnar lokket på frysaren, må eg få litt orden i jakkene som heng hulter til bulter, som vanleg.

På veg tilbake er det like før maskina er ferdig vaska, egga ferdigkokte (vart litt hardkokt denne gongen gitt) og frukostbordet ferdigdekka. Det var visst berre brødet som mangla...

Ikkje berre to, men ti tankar i hovudet...


2010-02-04

Nifst spennande

Ei ny bok er snart fortært. Ei krimbok denne gongen.

Svenske Camilla Läckberg skriv godt. Ho dreg meg raskt inn i historia og held meg der. Det grusomme er sjølvsagt drapa som skal oppklarast, men er det krim, så er det krim.

Eg har lese eit par andre bøker av same forfattar, men Havfruen er den beste til no. Intenst spennande. Klarer nesten ikkje å legge den vekk sjølv om klokka passerer midnatt...

Läckberg blir kalla sveriges krimdronning. Eg skriv gjerne under på utsegna!

Tette kanalar

Eg har anbefalt den før, og gjentek det gjerne. Er du tett i nasen, bør du sniffe litt JHP-olje.

Etter fleire veker med labert energinivå i kroppen, har eg kome meg til normale høgder igjen. Manglande jernlager, lågt stoffskifte og eit anna hormon (som eg ikkje hugsar namnet på) må kompenserast.

Det er skikkeleg godt å kjenne at energien har kome tilbake!

Men i dag kom eit nytt "virus" kastande på meg. Fyrst rennande nase, så potte tett heile topploket. Etter to timar under dyna, var det godt å huske på oljen i kjøleskapet.

Den hjelper - litt i alle fall.