2010-02-08

Kortproduksjon

Ei lita leiterunde i kassene på loftet, fekk fram kreativiteten.

Prikkete, stripete, blomstrete papirark og kartongar i ulike fargekombinasjonar. Med litt dobbeltsidig tape, saks og lim, blir papirbitar raskt til små kort. Med litt band og blomster i tillegg, kjem skapargleda.

Etter nokre timar jobb, hadde eg laga sju ulike kort. Dei ser forskjellige ut, sjølv om malen er den same.

Det einaste som gjenstår er å skrive nokre velvalde ord og gje vekk eit kort til gled for både meg sjølv og forhåpentlegvis den som får det.

2 kommentarer:

Torunn H sa...

Det kjekkaste eg veit er å få kort frå deg...ligg mykje omtanke bak,og så er dei alltid SÅ flotte.
Har eit lite tips til deg liggande heime som du kan sjå på(noko eg kjøpte i Sogn)berre ein liten ìde:)

Olga sa...

Takk, Torunn! Eg kjem ein tur, snart...