Vi merkar oss at Mats og Simon nærmar seg tenåra. Når dei to er i lag blir det alltid liv og røre. Dei kommuniserer, ler og er kreative og finn på morsomme ting saman. Etter ei god stund på badet her om dagen, kom dei ut med glatt sleik, svarte solbriller og identifisere seg med udødelege agent 007. Halve hårvoks-boksen forsvann, men pytt-pytt.
Karina er ferdig med fyrste året med fysioterapi på Høgskulen i Bergen. Det har vore mykje jobbing, lesing, pugging og øving. Men lange dagar har gitt resultat. Siste dag med praktisk eksamen enda på A. Gratulerer! No gler vi oss til ho kjem heim og prøver ut metodane i praksis, på oss. (På bilde: oldemor Jenny(102)saman med Karina)
Thor Bakkens etterfølger ligg inst i Jostedalen i Luster. Ein koseleg liten nærbutikk, med ei svært hyggeleg dame i kassa. Vi (tv-teamet) vart svoltne etterkvart og fekk oss ein matbit medan vi venta. Nye, tøffe solbriller til bilturen heimatt vart kjøpt, men eple hadde dei ikkje...
Sist veke vart fotograf Heidi og eg sendt tidleg til Luster for å lage tv på leiteaksjonen etter to sakna menn på Jostedalsbreen. 2,5 timar køyring fram og tilbake + tre timar venting på dei to som vart funne i god behald, skapte hovudbry. Men ein kreativ fotograf kan meir enn å ta bilde. Ho bad meg køyre bilen til Førde og haika like godt med Airlift-helikopteret heimatt. Det berga dagen min.
Tre dagar med nydeleg ver, fantastisk! Helga er brukt til å nyte livet. Etter at arbeidet vart lagt vekk laurdag, har vi hatt gode vener på besøk, familebesøk, gått på fjelltur, trimtur og nytt sola på terassen. I kveld er det Marte som har inivitert klassen på grilling. Sola gjer noko med oss. (Bilde er frå bløminga på Hafstadfjellet)
Det meinte i alle fall Armando som sa ja til nokre timars arbeid for å jamne ut sementen på terassen fredag før pinse. Ein snikkar og ein lærar som saman skal legge betong, kan ikkje gå bra, meinte han. Men resultatet ser ikkje så verst ut....