2011-08-24

Brattaste bakkane opp

Her om dagen tok Marte og eg oss ein rask tur på Fløyen.
Vi er heldige, bur like under Ulriken og rett ved Fløyen. Det er berre ein liten gåtur på asfalt før bakkane begynner å svinge seg oppover fjellsida.
Vi hadde strålande ver, praten gjekk lett og før vi visste ordet av det var vi på toppen.
Og for ei utsikt! Det er fantastisk her, særleg i slikt ver.
Eg tek gjerne turen igjen.

Sykkelveg

Det skal ikkje vere lett å sykle på jobb...

Bergen by er eit einaste stort arbeidsområde. Både ved Nøstet, ved Bystasjonen og det nye badeanlegget ved Lungårdsvatnet.

Jobb-vegen min går langs vatnet. Fint, flatt og heilt perfekt å sykle.
Men det var heilt til dei begynte å skjere opp asfalten på tvers og erstatte den med singel.

Og gulkledde arbeidsfolk er i aksjon overalt, omkøyring, gravemaskiner, vatn i store mengder.
Forståeleg nok må dei gjere det, for her skal dei truleg legge røyr, nye kantar, legge brustein, og fjerne gamle jernbanespor. Håpet er sjølvsagt at alt blir mykje betre når dei blir ferdig.

Mat for Mons

To flotte nybaka studentar har inntatt leiligheta mi i Bergen.

Marte og Ingrid ligg tett på eit lite rom, i 1,20-senga, anføttes.

Dei er ved godt mot. I dag har dei vore og skrive under kontrakt på ei anna leilighet. Enn så lenge, bur og lever dei her og kosar seg i den vesle stova eg har.

Men det er ikkje farleg for mor. Eg kjem heim til ferdig middag, nesten kvar dag. Det er berre det at dei må tru eg et vanvittig mykje. Det er alltid igjen meir mat til eventuelle uventa gjestar, når eg er ferdig å ete...