2015-02-17

Long time - again

Fire innlegg i 2013, ingen i 2014 og no er vi starta på 2015. Hurra, livet går i bølger.

Jadå, mykje har skjedd sidan sist noko er delt, på bloggen vel og merke. Andre opplevingar/delingar er det berre familien som får vite om. Sosiale medier er kome for å bli (kven hadde trudd noko anna?) Facebook utviklar seg, vi lagar små grupper, større grupper, familiegrupper og utvida grupper, grupper for bursdagsfeiring og ut-på-tur-grupper. Vi deler, og lever.

Bildedelingsprogrammet Instagram er min favoritt om dagen. Snapchat med familiemedlemmer og nære vener er også populært. Nokre små glimt frå dei vi kjenner, med glimt i auget og eit teikn på at vi bryr oss om. Kanskje mest for dei unge, men vi heng med.

Litt tilbake til fjoråret. 2014 - Ronja kom til verda 6. november. Stas må vete for mor og far, men også for mommo og besten og resten av familien. Vi vil kose så mykje vi kan. Kjærleik! Og no har dei kjøpt hus på Haganes, 10 min frå Møvik. Hurra!

2015 er godt i gang. I år med mange runde dagar og feiring av ein 18-årsdag (Mari), (Simon feira sin i november i fjor), ein 30-åring (Ole), ei på 50 (ego), ein 60-åring (søster Bjørg) og ei på 80. (Farmor Synnøve) Stas!

I tillegg skal vi feire barnedåp (mars), bryllaup (august) og to konfirmasjonar (Sondre (mai) og Emil april)). 2015 står altså i feiringa sitt teikn.

Sommerferien i juni går til Spania med heile familien Solemdal. Å bli 80 år er ingen spøk. Vi gler oss!