2011-01-28

Ny jobb

Eg har stupt uti med hovudet fyrst. Då får ein gjerne ein trøkk.

Timane, dagene og vekene går fort. Nye forkortingar, namn, system og organisering tar all merksemd.

Kven kunne el vite kva "NT" og "png" betyr? Eller fmkv og pxls.... Ja, eg veit at bilde må lagrast i rett format! Eg skjønar at dataen ikkje gjer anna enn det eg ber den om. Men kva gjer eg når hovudet er fullt og eg ikkje anar kva eg skal gje maskina beskjed om? Eller at skrivaren heiter noko med tusen-eitt-eller-anna...

Eg er journalist, ikkje nerd på system. Eg er brukar og glad i det som fungerer. Då kan skrivegleda og kreativiteten få spelerom. No kjenner eg ein anelse frustrasjon.

Men eg anar at det snart går over. Eit par ekstra jobbedagar heime no, så får eg konsentrert meg og lage litt system og oversikt i kaoset. Visst ikkje dataen sler krøll på seg då...

2011-01-04

Utan nettilkopling

Kva gjorde vi før internettet?

I dag er eg utan både tv og nett. Tv-en er venta på døra, men modemet er ikkje på plass.

Men når eg heller ikkje har telefonabonnement som svarer til bruken, ligg eg tynt an. Om eg skal tyte med nokon, må nokon ringe meg!

Det er godt radioen si tid ikkje er forbi. Og så har eg boka mi då, sjølvsagt.

Klar, ferdig, knus

Pepperkakehuset frå Rema og det heimelaga stavkyrkjetårnet vart utsletta 2.nyttårsdag.

Det har pynta fint opp i kroken på kjøkkenet.

Frukostbesøket fekk æra av å bli med. Det tok ikkje mange sekundane før Live, Nils-Jakob, Iver og Simon kunne knekke i seg både kake og snop.

Var det nokon som smakte litt lynlim som var brukt på kantane?