2009-12-26

Berre velstand

Med elektrisk bestemor-stol, the Simpson på data og gode julekaker, har simon det utmerka. Kan ikkje ha det betre...

- Posted using BlogPress from my iPhone

2009-12-25

Mange og gode kaker

Julegjesteboda før i tida var stas og mange kjekke opplevingar, særleg for oss ungane.

Vi vart møtt med glade vaksne som spelte spel med oss og la alt det kvardagslege til side. Og matvarer det alltid nok av.

Det same opplever eg heime hos ho mor. Gode kaker og nok mat av alle slag. Det er nesten so det blir for mykje av det gode...

Location:Sjøgata,Nordfjordeid,Norge

2009-12-23

Å sige saman

Endeleg kan eg også konsentrere meg litt om jula.

Etter arbeid i dag, hadde eg meg ei lenger handlerunde. Godt å få gjort unna butikk-travinga før julaftan.

Småting som lys, serviettar, englar som må erstattast frå i fjor, blomster og dukar er viktige ingrediensar når huset skal pyntast til fest.

Men kor vart det av energien??? Den dukkar forhåpentlegvis oppatt etter ein liten høneblund...

2009-12-20

Endå eit julehus

I dag har Simon laga sitt eige pepparkakehus.

Han har bede om hjelp til å sette det saman i ei vekes tid. I dag fann vi igjen litt av tida. Sjølve huset er ferdiglaga frå butikk, men stallen er "heimelaga".

Og den ser ganske så falleferdig ut.

Men det gjorde den vel på den tida då Jesus vart fødd også....

2009-12-02

Pepperkakehus

Takka vere Marte sin iver etter å "bake" (sette saman) pepperkakehus, blir det gjort før vesle julaftan i år.

Det fyrste gjekk i golvet og knuste. Dermed måtte vi på butikken og handle nytt. Eg kjøpte to for sikkerhets skuld.

Og når Marte står for innkjøpet blir det nok julenissar, seigmenn og nonstop.

Spørst om freistinga til å smake blir for stor fire veker før jul....

Travelt i desember

Fyrste dag av desember er over, ein dag fylt av mange gjeremål.

Eg er glad kvar dag ikkje er like hektisk, men også glad for å vere frisk nok til å gjennomføre alt.

Etter ein lang dag på jobb, var det speletime for Simon, visning på hus, medlemsmøte i fagforeninga, henting og bringing av Marte etter jobb (hadde handla halve butikken...) avslutning i Deciding og innkjøp av mat.

Og medan speilegga steikte i panna, fekk eg sett på ei vaskemaskin, rydda på kjøkkenet, lagt saman reintøyet, snakka med Frode i telefonen, kika litt på nyheitene og planla omøblering av tv-stova.

Og eg fekk hengt opp adventskalendaren. Den er ikkje heilt ferdig enno, men blir det nok om nokre dagar.

God advent!