2009-10-31

Garasje = hus til bilen

Ein garasje er meint for at bilen skal ha det godt og tørt, og for meg; å sleppe å skrape is to minutt etter at arbeidstida har starta.

I dag fekk vi igjen plass til bilen i garasjen. Godt, etter nesten to veker med minusgrader.

Resultatet er rett og slett at sommarmøblane har kome på rette plass før vinteren, og vi er nøydde ein tur i Hesjedalen før snøen dalar.

Ukjent besøk

I dag kom søskenbarnet til Frode, Svein og kona Inger på besøk.

Eit koseleg treff, sjølv om vi aldri har snakkast tidlegare. Dottera, Tonje går på folkehøgskule i Førde, på andre året. I år er ho stipendiat. I morgon tek vi turen på danseforestilling der ho står i bresjen.

Eit ukjent besøk, gir meir enn det tar. Blodsband betyr nok meir enn vi anar...

2009-10-25

Er det kamp så er det kamp

Søndagar er ein litt rolegare dag enn andre dagar i veka, heldigvis.

Men søndag er også fotballtid både på radio, tv og nett. Og i dag starta fotballkampane eit par timar før normalt.

Dermed er det greit å steike kjøttet til middag samstundes som kampen Sogndal-Stavanger vart "streama" på nettet.

Dessverre vart det berre uavgjort for Sogndal i dag.

2009-10-24

Slektsgransking

Kven er i slekt med kven? Det skal ikkje vere enkelt å forstå for ein 12-åring.

At Johanne og Ingvild er søsken, er greit. At dei igjen har søskenbarnet Mathilde er også greit. Men korleis kan Mathilde vere tremenning med Olga? Jau, fordi mor Bodil er søskenbarn med mor Olga. OK. Men Bodil er jo mor til Johanne? Ja, mødrene har same namn og er svigerinner fordi dei er gift med kvar sin bror.

Hmm... Men kor kjem Kristina og Hilde og dei inn? Det er på mi mor Eli, di bestemor si side.

Kva med pappa Frode, er han i slekt med oss?

Flotte og flinke jenter

Takk for kjekke ti minuttar!

Fredag kom tre jenter frå musikklinja på Firda vgs på besøk i NRK-lunsjen.


OD-dagen er like rundt hjørnet og med flott sang samla dei tre inn fleire tusen kroner.

Inntektene frå årets OD-aksjon går til utdanning for born med funksjonshemming i Malawi, Uganda, Mosambik og Sør-Afrika.

Lina Rebekka, Anne Marie og Frida brukar talentet sitt rett! Nydelig sang!

http://www.firda.no/nyhende/article4662287.ece