2011-02-27

Ras i nærområdet

Vi kan ikkje vere heilt trygge for ras om dagen.

Ikkje ein gong rett utanfor huset vårt.... Ei buldring og ein litt uvanleg lyd tidleg søndag morgon.

Synet som møtte meg, var dette (sjå bildet). Eg kom meg knapt ned til garasjen hovudvegen. Frode lurte på om vi skulle ringe HRS, eller finne fram skredsøkestanga...

Vi jobba en knapp halvtime og bursdagsgjestane kunne kome tørrskodde (nesten) til hovudinngangen.

2011-02-22

VM på ski

Det er ei storhending på gang i hovudstaden.

VM i Holmenkollen 2011 er det 37. VM-et, seier dei på TV. Der burde vi ha vore!!

Det kjem fleire hundre tusen til Oslo for å følgje Marit Bjørgen, Petter Northug og alle dei andre suverene skiutøvarane våre.

Eg for min del, kjem nok til å følgje med på TV. Men aller helst spenner eg på meg mine eigne ski og kjem meg ut i løypa, eller i bakken.

Eg har tru på mange VM-medaljar til Norge, og kanskje blir det ein medalje på meg også... om eg går fort nok på ski.

Bilde er frå Google

2011-02-21

Vinterferie

Det er kaldt. Det var minus 21 grader då vi vakna søndag morgon. Men med blå himmel, strålande sol, kvit gnistrande snø og milevis med oppkøyrde løyper, har vi ingenting å klage over. Og bakken ligg bada i sol, nypreparert og tiltrekkande.

Vi har hatt kjekt besøk frå Sotra. Stig, Berit og Halvar. Men kulden tok nesten knekken på bilen. Vi måtte til med batteriladar, startkablar, NAF og ullteppe. Etter tre timar venting, litt oppheting frå sola og kablar kunne dei reise heim, utan NAF-hjelp.

Vi nyt freden og frien saman. Her lagar vi god mat, ser tv, les og surfar på nettet. Gode dagar som er godt å ta med seg i kvardagen.