2011-04-26

Underlig kjensle

Det er nesten som å gå tilbake i tid. Å sitte på venterommet hos legevakta og ikkje vite når du får kome til. Det gir ein følelse av barndom. Ei rar kjensle.
Kor mange er før deg (ganske mange ser det ut til) kor sjuke er dei, kva andre akutte ting dukkar opp som gjer ventetida enno lenger? Og kor akutt behov har eg for ein sjekk?
Eg kjenner det på meg, eg er ikkje meg sjølv. Slik går det når kroppen sler seg vrang. Og då er det berre å vente då, og mimre tilbake på gamle dagar.

2011-04-23

Trampolina på plass

Fyrste skikkelige vårdagen er her. Arbeid i hagen, rydding og kosting, raker og klipper. Det er tid for å hente ut trampolina. Ja, sjølv om snøen ikkje er heilt vekke. Men vi har erfart at under trampolina blir det drivhuseffekt. Då kan det hende snøen fer til 17.mai... Håpar eg.



Våren i anmarsj

Det er vemodig å fjerne utemøblane når sommaren er forbi. Men gleda ved å leite dei fram igjen er desto større. Ein varm aprildag er ein god start på ute-livet på terrassen. God sommar og fyrst ei god påske.



2011-04-19

Bråstopp

På veg til hytta ropte plutselig Karina, STOPP!

Moods of Norway-traktoren! Vi må ta bilde. Utanfor butikken i Olden stod denne knallrosa doningen. Sjølvsagt måtte vi forevige dei som ropte høgast.

Vel tilbake i fart ringde Sølvi. Ho lurte på om vi hadde funne noko billig på butikken. Ho og Stig hadde sett oss i forbifarten.

Frode lo, medan Marte var flau over oss!

Foto: Olga

Hyttepåske

Lyden av trakkemaskina i bakken tidleg om morgonen, er eit godt lydbilde.

Søvnen smyg seg ut av augene og lukta av kaffi trenger gjennom soveromsdøra. Familien er snart klar for frukost.

Fjellet ligg snøkvitt mot blå himmel. Rasletind 2105 moh ventar på Valdresflya. Ein slitsam, travel og lengre tur enn vi trudde, men fantastisk å nå målet. Det vart ein tidleg kveld for alle...

Dagen etter er beina møre, men bakkekøyring blir det likevel. Men ikkje like lenge som vi hadde tenkt. Sola kikar fram på terassen ettermiddagen.

Vi lagar vaffler, drikk kaffi, dusjar, tek badstu, drikk Pepsi Max, lagar bordkort (til konf.) og kosar oss.

Snart er det krim på TV og påska tek til for alvor. I morgon snur vi nasen mot Nordfjord og heim til kviledagar i Førde.