Garasjen måtte tømast og vaskast |
Men så sette Dagmar inn. Vinden ulte, straumen gjekk, takplate forsvann frå huset, politiet sperra Rv 15 ved moloen. Ferja Lote-Anda låg midtfjords og vi måtte til Lotsberg for å sove. (Fullt i herberget på Eid) Men vi kom oss berre til Lote. Store tre stengde vegen til gards.
Løysinga var å reise til Bjørg og Emmanuel og håpe dei hadde senger til oss. Bilferda forbi kaia var skummel. Store steinar i vegen, sjøen som slo over bilen og rekved langt opp på land.
Vi fekk seng og sove i. (Der det er hjerterom, er det husrom) Marte skulle på jobb, så vi kunne ikkje slå oss til ro. Om morgonen fekk vi nytrekt kaffi sjølv om straumen var vekke. Emmanuel kokte vatn på gass og var sjølv traktar.
Vel heime kom regnet. I store mengder. Nabo-Gaute ringde på døra og sa: Eg trur det kjem ein flom inn i garasjen dokka... Ut og sjå. Heile garasjen full i vatn, ut med bilen, opp med skia, vekk med alt som står på golvet. Vatnet stig meir, ring kommunen, fram med stigen, stenge boksar og "flytande" gjenstandar inne. For vatnet renn ut i strie straumar. Nedover vegen. Bak garasjen er det blitt eit digert basseng, vatnet nermar seg hus-høgde, litt skummelt, kommunen blir igjen kontakta. Skuleplassen er oversvømt, elva fossar nedover vegen, kommunen dukkar opp. Litt overraska over situasjonen. Endeleg kjem gravemaskina. Lettelse. Vatnet synke. Straumen går. Brann i trafostasjonen. Ut å inspisere. Vi kan legge oss roleg. Flott innsats frå oppryddingsmannskapet. For det var ikkje berre her det var flaum og store utfordringar. No gjenstår oppryddinga og forsikringsoppgjeret.