2011-10-02

20 år er nok

No er det endeleg. Eg har sagt opp jobben som journalist i NRK Sogn og Fjordane. Eg søkte om eit år forlenga persmisjon, men fekk det ikkje.
Det er litt rart. Eg sluttar ikkje fordi eg ville vekk. Arbeidskollegaene mine i Førde er supre. Eg har hatt  ein strålande arbeidsplass. Eg har lært mykje, fått utfordringar, stått opp tidleg (det saknar eg ikkje), gått etter klokka, laga nyheter, avvikla møte, vore programleiar, vaktsjef, tv-reporter, sett fokus på fylket Sogn og Fjordane, og mykje meir.
Eg har fått meg gode vener, kjekke arbeidskollegaer og kjem nok til å sakne det kreative, skapande miljøet.
Men nye utfordringar dukkar opp, nye vegar, nytt miljø og nye vener. Eg fekk nettopp ei melding om at dei er veldig glade for at eg blir verande i NMF. Det varmar. Kollegaen min, Vindi hadde bursdag fredag. Ho er grafikar, kreativ og har ein herleg latter. Vi er omtrent like ferske i nyejobben. Eg gler meg til fortsettelsen.
No er det helg, i sommartemperatur og fellesskap med familien og gode vener.

Ingen kommentarer: