2012-12-11

Julehelsing 2012

«Det er alltid nyttig å vite hvor slekt og venner er, enten du trenger dem eller ikke». Sitatet er henta frå Petter Sprett (i Ole Brumm-sitater)

Hei kjære alle i familien min. De trur kanskje eg er blitt litt rar i toppen. Det er jul , eg siterer Petter Sprett og vi har planar om solferie. Mange pyntar til advent med lilla lys og julestjerne og ventar på det vesle barnet i krybba. I år blir det ikkje slik for oss.
Dvs. vi har tent lys og pynta med stjerne i vindauget. Men noko anna juleførebuing er det ikkje her i huset. Sjølvsagt har vi ete pepperkaker, drukke gløgg og kjøpt tørka fiken, men med to i huset til vanleg er det ikkje mykje vi klarer å fortære. Dessutan veit vi at julebodskapen er den same som alltid, uansett kvar vi er i verda.
Når vi no har flytta i nytt hus, har hovudfokuset vårt vore der. Vi er godt som i hus no, og det var kjekt å sjå igjen tinga våre. Vi har bore pappøskje, stolar, bord, bøker, (phuu, tungt), sekkar, lampar, kjøkkenutstyr, montert skap, sengar, sofa og kvitevarer til den store gullmedalje.
Ja, vi eig mykje. Og vi er fornøgde. Når vi i tillegg har hatt strålande ver dei siste vekene, god utsikt og sola har kika inn glaset midtvinters, er det ei ny oppleving for meg.

 












De er hjerteleg velkommen på besøk!
Torsdag morgon reiser vi til Thailand for å få litt sol og varme på kroppen, slappe av, feire oss sjølve (25-års bryllausdag i juni-12) og vere med den gode vennefamilien vår, Høstaker. Til saman blir vi 13 stykke. Vi gler oss! Øyvind fyller 50 år 2. juledag. Han har fått reise til Canada i gåve (skiferie), og reiser direkte vidare dit. Mellomlandar berre i Oslo.

I dag har eg tatt meg fri frå jobb for å få orden på alt som skal gjerast før vi reiser. Litt logistikk-utfordring med bryllaup i Oslo 5. januar når vi kjem heim. Det blir nok ikkje bunad med på lasset denne gongen. Det er Katrine og Alf Henning som gifter seg.

Sidan eg kom frå EM drill i Frankrike i oktober, har eg slite med noko hjertetrøbbel. Eg trudde fyrst det var stress, men fann ikkje roen sjølv om eg let vere å stresse. No har eg vore til EKG tre gongar og har fått time for ein lengre kontroll av hjerterytmen. Eg blir sjølvsagt litt uroleg over slike signal, og tenker at eg faktisk ikkje er ungdom lenger - he-he. Håpar ferie og fri kan gjere underverk.

Dette vart mykje om meg. Litt om mine andre: Karina jobbar i Sola kommune, mykje med oppfølging av barn. Ho har timar på treningssenter i Stavanger og har funne kjærligheten med Ole. Marte trivst godt som idrett-bachelorstudent på Høgskulen i Bergen. Ho og Vebjørn søkjer saman om lån til leilighet i Bergen. Simon har gjort unna fyrste halvår musikk på Kongshaug Musikkgymnas. Han likar seg godt og digga å få køyre bil på 16-årsdagen sin. Rett på vegen, stolt kar og far. Jadda! Og mora og, sjølvsagt. Frode er godt igang som rådgjevar i Askøy kommune, i skulesektoren. Han jobbar, trivst godt og får stor tillit i kollegiet.

Då gjenstår det å seie GOD JUL til alle! Håpar de får det strålande og nyt fridagar saman!

Hugs: Det er mange der ute i verda som er glad i nettopp deg, for den du er!

Klemmar får Olga

2012-11-15

Synfaring

15. november gjekk eg trappene i nyehuset for fyrste gong. Ei litt artig og spesiell oppleving.

Det vart liksom eit litt skikkelegare hus og i tillegg var trappa veldig fin i rommet. Det synst i alle fall eg. Trappa i kvit, stål og eigetrinn kosta litt ekstra, men håpar den er verdt det.

Frode er vekkreist på kurs. Eg har fått full tillit, og tar meg av synfaringa... Det var litt ulike ting å setje fingeren på når vi tok runda med byggmeisteren. Men det meste var småting, heldigvis. No gjenstår å innstallere kvitevarene på kjøkkenet, vifta og platetoppen.

Vi har fått litt pepper for å ha låst oss inn tidlegare, så no har dei gøymt nøkkelen på ein "tryggare" plass. Vi må berre gjere ein avtale, så både kjøkken og vaskerommet kan bli ferdig til innflytting.

Håpet er å få flytte inn til 1. desember.



2012-11-09

Skryt

I dag må eg jammen skryte litt av både røyrleggarbransjen og forsikringsselskapet Gjensidige.

Begge har vore svært samarbeidsvillege og får karakteren 10 for service-innstilling og gjennomføringsevne.

I går kom ein telefon om at det lek i 1. etg. (Under vår leilighet) Uff, ikkje bra, tenkjer eg og ber ei stille bøn om at det ikkje må vere alvorleg. Eigaren under har bede leigetakarane legge ut nøkkel. Eg ringer røyrleggarfirmaet tidleg og lurer på om dei kan kome. Jau, han sender eit par arbeidskarar med ein gong. Forsikringsselskapet har også folk ute og vedkomande kjem på huset i løpet av svært kort tid.

Ingenting skal stoppe dei frå å gjere jobben som dei er sett til. Dei fann raskt lekasjen og gjorde seg ferdig på ein dag. Det kallar eg service og kjapt levert.

Her fann dei feilen - eit sprukke røyr.
(Denne artikkelen skulle ha vore publisert i vår. Låg upublisert, merkeleg nok)

Snart innflytting

Huset i Austegardsvegen nermar seg ferdigstilling. Neste veke skal vi på befaring.
 Vi gler oss! Vi har låst oss inn på ettermiddag/kveldstid opptil fleire gongar. Det mest spennande no er trappa inne. Så langt har vi klatra i stige for å kikke på veggar, løysingar, straum og utsikt.
Kjøkkenet ser også bra ut. Var veldig spent på om det vart fint, etter alle vurderingar, omteikningar, fram og tilbake.

Onsdag køyrde vi til IKEA for å handle kvitevarer. (Sparte ganske mange tusen på å trekke dei ut av kjøkkenet, men så får vi ein jobb med å få det på plass).

På topp-verandane har vi investert boblebad! Simon skulle på Elkjøp for å sjå på lydutstyr, då vi gjekk ut frå kjøpesenteret var vi eit boblebad rikare (eller fattigare). Det minner meg på den gongen Frode og eg skulle inn på daglegvaren på Laksevåg for å handle druer. Vi kom ut att med ein cd-spelar... (cd-en si glanstid)

Håpet er at boblebadet blir like mykje brukt som cd-spelaren. Dei som kjem på besøk, skal i alle fall få prøve, og sjå sola gå ned i havet! Her er litt av kjøkkenet før kvitevarene er på plass.













Utsikta er heller ikkje så mykje å klage på...

Ver velkommen helg

Det er fredag, midt i november og eg har fri!
Musikken står på fullt . Støvsugaren, støvfilla og vaskekluten er pakka vekk etter full runde i leiligheta. Ein fridag på jobb er bytta med ein arbeidsdag heime. Det gjorde godt!

No gir stearinlysa, blomster og frukt god steming i stova. Det er surt og kaldt ute, men inne er det godt å vere.

Snart er det middagslaging med pannekaker på menyen. Mats kjem på besøk for å vere med på Kongshaugfestivalen som Simon er med på.

2012-06-20

Frode + Olga = sant

I dag har vi vore gift i 25 år - sølvbryllaupsdag.
Eg såg Frode sovande i senga i dag tidleg kl. 0430. Eg vekte han ikkje. Han var seint i seng. Avslutningar krev sin mann (talar som ikkje var skrivne) og bussen min til byn gjekk om tre kvarter.

Fuglane kvitrar. Det er sommar sjølv om sola ikkje skin, og det regnar ikkje.

Jobben er unnagjort og mange gratulerer. Det fine på ein dag som i dag er at mange bryr seg. Marte kom med blomster på kontoret og det gjekk ikkje upåakta hen. Eg vart skikkeleg rørt, men sat i telefonen, så eg måtte berre stålsette meg.

Og så fekk eg koseleg telefon frå Frode som gratulerte kjærasten sin. Det varmar. 

(Prøver å laste opp blomsten eg fekk, men det går ikkje - den er kanskje for stor - for den var nesten ein meter høg - måtte sette den på golvet. Skal prøve igjen ein annan gong - blomsten på bilde er berre erstatningsbilde)

2012-06-06

Hussal

Huset er seld for tre millionarfemhundreogfemtitusen kroner, 300.000 over takst. 500 % prisstigning frå då vi kjøpte i 1993.

Ei mor med ein baby på tre veker kjøpte. Mannen er nordsjøarbeidar og var ikkje på visning. Dei kan gle seg. Vi har hatt eit fint liv på Flatene i Førde. No tek vi til på noko nytt. Litt trist for Marte, utfordrande for Simon, nye spennande oppgåver for Frode og Olga slepp å pendle lenger.

Livet er for kort til å ikkje prøve noko nytt, har Frode sagt til mange. Eg har prøvd, og trivst godt med min nye jobb. Håpet er at dei andre i familien også vil like sitt "nye" liv.

Det viktigaste er ikkje kvar vi bur, men kva vi gjer der vi er, kven vi er og korleis vi innrettar livet vårt. Familien er der kor vi vil vere saman. Dei neste åra blir det på Møvik i Fjell kommune på Sotra.

Vi får ikkje større plass, men der det er hjerterom...  Alle som vil er hjerteleg velkommen!









Og så langt er dei komne på det nye huset:

2012-05-04

Vi vandrer med freidig mot

På tur til EM brass i Rotterdam. Ein snartur med fly Bergen – Amsterdam. Ein timestur med tog vidare. Men med tre store og tunge koffertar, kvar på over 30 kilo, vart vi litt varme og svette etterkvart! Innhald: ørten delar til NMF-standen som skal profilere EBBC 2013 i Oslo.

Det blir stort, flott, spektakulært – høyrer eg i gangane. Ja, det blir fint! Men fy, kor tungt!

Innsjekkinga gjekk greitt, litt ekstra å betale men pytt, kva gjer det når servicen er god? Verre var det å trille dei frå flyet, til toget. Vi gjekk på handikapp-vogn i håp om å kunne rulle dei inn i vogna, men akk... Skikkeleg togtrappetrinn, med så pass stor opning mellom perrong og trinn at med eit lite skeivt trakk, kunne vi bryte både bein og armar. Og med tre diiigre koffertar ventar vi sjølvsagt høfleg til alle hastige nederlendarar (og nokre frå Nordhordland sjølvsagt) var vel inne i vogna. Då var det berre ståplass igjen til oss….
På togstasjonen fann vi endeleg heisen som tok oss til rett nivå. Men for ein lang, skummel og mørk tunnel. Ingen andre folk. Heldigvis var vi to. Vi går og går. Trillar og trillar. Endeleg, friluft. Ser etter taxi. Men berre syklar å sjå. Vi spør oss fram – konsertsalen, de Doelen, på andre sida av jernbana??? Tre minutt å gå?  OK, vi sparer pengar og går, i ein meir sivilisert undergang denne gongen. Og vi går, og går. Avstanden er nok ikkje så lang, men med dei tre alt nemnde tunge, digre, store koffertane og våre eigne sekkar, trillekoffert og fotobag, var det mange som såg rart på oss.

Det blir spennande å sjå standen i «levande live».


2012-04-15

Gode vener og familie på besøk

Det er ikkje noko som er betre enn folk som tar ting slik det fell seg. Denne veka har vore innhaldsrik på mange frontar.

I helga har eg hatt to gode vener på besøk, Anne Berit og Heidi. Begge frå Østfold. Vi gjekk saman på Bjerkely Folkehøgskule. Besøket har vore planlagt lenge. Men så kom Simon si opptaksprøve på BPG same fredag som dei kom, og Frode fekk avtale om eit intervju til ein aktuell jobb + vi signerte huskontrakt og hadde møte med utbyggar. Alt skjedde fredag 13.04, nesten. (Frode var i intervju laurdag).
Og der det er hjerterom, er det husrom! Vi stabla oss saman og alle sov godt. Heidi seier i alle fall det, sjølv om rompa låg halvveges gjennom madrassa...
Gjestane tok Bergen med storm, (og veret tok nesten dei - hagla så dei måtte søke ly) handla og kosa seg i byn, medan vi andre gjorde alt det andre.
På kvelden bestemte damene seg for å ta middagen ute, medan gutane bestilte Thai-mat heim. Ei god fordeling med kun fire stolar rundt bordet.
Laurdag var det fint ver og både Bryggen, fisketorget, kunstutsal og kafear fekk besøk av oss tre. I tillegg møtte vi Knut som også gjekk på folkehøgskulen saman med oss. Kjekt å ha så begeistra damer på besøk. S. og F. reiste heim til bursdagsfest og sang i kyrkja (Tweensing).
Søndag hadde vi ein flott tur til Fløyen. Vi gjekk både opp og ned i flott sol, men kaldt ver.
I matvegen har eg servert både potetsuppe og kyllingsuppe. Vi har meska oss godt, vaffel med sylte, nybaka rundstykke, focaccia, og 3 kg med godis frå Sverige er ikkje kvardagskost... Det er ikkje mykje igjen. Eg trøstar meg med at både Simon og Marte tok med seg ein liten skjerv kvar på sine plassar.
Men før denne helga, ringde tante Olaug tysdag og sa ho ville kome til Bergen for ein liten visitt. Ho hadde vunne billett tur-retur på ekspressbåten. Velkommen sa eg. Og både Susanne, Marte og Vebjørn kom innom for kvelds og middag.
Eg er heldig. Takk for besøket alle!

Støv på hjerna

Det er søndag ettermiddag og støvsugaren går for fullt. Det er godt å få unna støvet både på sofa, på teppet, lister og i krikar og krokar elles. For jammen var det støvete.

Eg såg det laurdag og prøvde å ta det verste på stoveteppet, men eg fekk det liksom ikkje reint... I dag oppdaga eg kvifor - posen i sugaren var stappfull!!! Heldigvis hadde eg ein ny og kunne sveipe over leiligheta med ei skikkeleg  kvalitetsreingjering.

Eg har slett ikkje støv på hjerna, men eg trudde ikkje det kunne bli så mykje støv på så kort tid. Men så har eg hatt mange på besøk innom dørene her sidan onsdag. Heile ni personar har opphalde seg her, nokon kortare tid enn andre sjølvsagt.

2012-04-02

Eli 80 år

Vi planlegg 80-årsfeiring for mamma.







Vi leitar etter gamle bilde, planlegg tale, lagar power point til sangane, har jam-session i stova og så googlar eg jubilanten, og sjå kva som dukka opp:
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/program_nrk_sogn_og_fjordane/1.74188
Det er ei stund sidan (sida der radioprogrammet låg, er vekke), men historia høyrer mor til.

Mamma vart døv, nesten over natta, for 13 år sidan. Ho har vore til tallause undersøkingar og er stadig til kontroll. Ho har fått inplantat på eitt øyre, men skjelnar ikkje ord, dessverre. Ingen forstår heilt kva som har skjedd. Men ho har levd med funksjonshemminga. Takka vere hennar alltid gode humør, har ho takla det på sitt vis.

13. april fyller ho 80 år. Så godt som alle kjem for å feire henne (familie, vel og merke). Kakene er i formene, sengene er oppredd og huset vaska. Mamma har alltid sagt - "om eg får leve, så", når vi snakkar om å feire, eller invitere eller gjere noko vi vil ha henne med på.

Onsdag hyller vi 80-års-jubilanten Eli. GRATULERER KJÆRE MAMMA!

2012-03-30

Nytt hus og nye utfordringar

Vi har kjøpt oss hus! Innflyttingsklart til jul i år. Juhu!!!

Og slik ser det ut;

Tirsdag ringde Frode og bad meg sjå på denne tomannsbustaden. Eg synst den var fin, umiddelbart. Gjorde avtale med meklar onsdag ettermiddag. Ringde Berit og spurde om ho ville bli med. Torsdag kveld skreiv vi under kontrakta. Fredag fekk vi stadfesting på at huset er vårt.
Dermed kan vi flytte inn til jul.

Huset ligg på Møvik i Fjell kommune. Det er solrikt og har havutsikt. Vi kan sitte på terassen og sjå sola gå ned i havet. Det er sansylegvis vindfullt, men då får vi lage oss nokre leveggar så vi kan kose oss i solveggen når vi har lyst til det. Både eg og Frode har ein god følelse for at dette er det rette for oss.

Like nedom er det tilgang til båthamna, i nord er det flott turterreng - og til byn tar det 35 minuttar.

Dermed gjer vi klart til sal av huset på Flatene. Det er mange fordelar her. Eg trur det er mange som vil bu her. Vi har i alle fall likt oss her. Så får vi ta jobben med å sortere ut kva som er viktig og uviktig, kva vi skal ta med oss og kva vi skal selje. Kanskje noko går an å kaste også...

For huset vi har kjøpt er ikkje så stort. Men der det er hjerterom er det husrom. Alle er hjerteleg velkommen på besøk!

Om du vil sjå meir av framsida, innsida og utsikta, kan du klikke deg vidare til denne lenka: http://www.finn.no/finn/realestate/newbuildings/object?finnkode=33966947

2012-03-18

Blomsterhav

Eg trur aldri eg har sett så mange snøklokke og krokusar i ein så liten hage før.
Vanvitig vakkert!
Det fløymde over av blomster. Og huset såg heilt forlatt ut!
På tur ut på ei halvøy frå Holmefjord i Fusa, måtte eg stoppe og ta bilde av dette synet.

Fantastisk!

Det er vår!

Sonderer terrenget

For tida er vi i tenkeboksen. Kvar skal vi bu, kor er vi neste år, og kva jobb skal Frode søke på?

Utsikta er det ingenting å klage på...
Mange spørsmål og få svar, enno...

Simon har kome inn på Kongshaug musikkgymnas. Det synst han er kjekt. Men han har også eit par søknader inne, både på Bergen Private Gymnas og på Langhaugen på Landås, begge på musikk/dans/drama. Så får vi ta tida til hjelp og sjå kvar vi endar opp til slutt.

Men det som er sikkert er at vi gjer bergensarar av oss alle tre. Eg har vore her ei stund. Men til sommaren sel vi huset i Førde og finn oss ein annan stad å bu.

Eg trivst midt i byn og eg håpar Frode likar seg her også, saman med meg.

I dag var vi på synfaring på ei tomt i Holmefjord i Fusa. Ingen av oss har vore der før. Kanskje blir det ny hytte/fritidshus på oss, ein timestid frå byen.


2012-03-15

Godt trent

Pulsklokka eg fekk til bursdagen er flittig brukt dei siste vekene. 
Her må du drive litt nakketrim for å sjå kva klokka er
 ;)
Eg har stort sett brukt den kvar gong eg har trent  og i går dukka det opp ein konvolutt i høgre hjørnet. Nyskjerrig som eg er, opna eg den elektroniske konvolutten, og beskjeden eg fekk var: "Du har trent godt denne veka". Det var skikkeleg oppmuntrande. Lurer på kva beskjed eg får om eg brukar klokka, kvar time, heile dagen og kanskje sove med den og...


Sushi

Vi har det travelt på jobb, på kvar våre kantar. Derfor bestemte vi oss for å ta ein sosial tur ut på byn for å ete middag saman.

Ser delikat ut og smakar godt!
Det har poppa opp mange wok og sushi-restaurantar rundt om i byn. Vi valde ein Sushi-bar i Kong Oscarsgate. Det er ein koseleg restaurant og du kan få både fisk og kjøt, beroliga ein kollega meg.
Men, er eg på sushi-restaurant og aldri har smakt sushi før, er det vel på sin plass å prøve det. Heldigvis var eit par kollegaer gode på matretten og forklarte kva dei ulike tinga var, og korleis eg skulle ete det. Det er jo faktisk rå fisk, scampi, laks, kveite osv... dyppa i saus, krydder, med ris og surra inn i, tru det eller ei - tang.
Eg vart positivt overraska. Det smakte godt!
Absolutt å anbefale om du ikkje har smakt det før!

2012-03-12

Svolten som ein ulv

Har du opplevd å vere så svolten at du kunne ha ete heile rosin-boksen i ein jafs?

Enkel og god middag i dag - havregraut med rosiner og nøtter
Slik kjendest det ut for meg etter jobb i dag.
Eg var tidleg oppe, sov på bussen, men har ete både frukost og lunsj, men jobba litt overtid og var skikkeleg hungrig i det eg steig inn døra.
Men kva er ikkje meir enkelt då enn å koke opp litt vatn, blande i havregryn og bland i litt rosiner og valnøtter. Nam, det smakar vidunderlig og er laga til på null komma null.
Prøv det neste gong du har mest lyst å tømme heile rosinboksen i kjeften.

2012-03-07

Kjekk overrasking

Tirsdag ettermiddag var eg klar for å legge beina høgt, sjå fjernsyn og berre "chille", som ungdomane seier.

Men plutseleg ringde det på døra. Inn kjem Berit og Stig, ein pose full av kake og blomster. Her er det berre å sette på kaffi.
Vi prata og åt, berlinerbollar med dobbelt fyll, svært mektig sjokoladekake. Den var supergod. Tusen takk!
Restane tok eg med meg på jobb i dag. Den fall i smak.

Vi er priviligerte

Ei fantastisk helg, i herskapelege omgjevnader, på Ål Pensjonat i Hallingdal.

Bursdagsfeiring med verdens beste vener. Vi kom fire stk, tre frå Førde og eg frå Bergen. Vi rekna med fullt belegg på alle sju romma, men vi var åleine som overnatta - heile helga.
Likevel ein kokk som laga smakfull mat både til frukost og middag. Ei flott dame til vertskap og to servitørar.
Fredag reste vi til fjells, fann opptrakka løype, hardt i sporet. Men kaffi og sjokoladebollar smakte uansett supert i sola.

Vinterferie, men ikkje fullt i bakken...
Laurdag var det nedover ski på Geilo. Flotte forhold, som vart avslutta på Peppes midt oppi bakken.
Søndag besøkte vi Vats fjellkyrkje for gudsteneste. Ei fin oppleving.
Og slikt opplever vi midt i livet. Vi er verkeleg priviligerte!

2012-02-28

Kjekk overrasking

Eg har ikkje nett hatt bursdag enno, men har hatt selskap og fått nokre bøker i presang.
Kjempefint bokmerke - homemade!
Difor var det ekstra kjekt å kome til Bergen igjen og finne ein konvolutt med namnet mitt på. Inni konvolutten låg fem bokmerke som Kristin, svigerinne har laga. Ho har fått dilla - ei fin hobby, særleg når den går ut over andre.
Takk Kristin! Eg skal fordele dei andre til resten av gjengen - når eg treff dei igjen.

Tendens til kø

Sola sende gullkorn over Halbrendsnipa i dag tidleg.

Artig snøformasjon på selet
Frå søvndrukne auge på puta i senga, kjende eg at søndagen er til for fri, rekreasjon og ski rundt Fauskestølen.
Og både Frode og Simon vart med. Frode smurde skai med klister og voks og turen på nær 20 kilometer gjekk som ein draum.
På veg opp til Gjøset-bakken var det best å halde seg i køa. Mange skulle opp, nokon meir slitne enn andre. Pustande, svettande, bakglatte ski og stavar som glippe. Ikkje kjekt for dei som opplever det, mens vi hadde supersmurde ski!
Langs løypa sat folk med appelsin, matpakke, bål og kaffi. Glade, smilande mot sola i det kvite landskapet. Så godt å sjå at folk kjem seg ut på ein så flott dag! Då gjer det ikkje så mykje om alle som nyt naturen lagar litt kø, særleg i motabakkane.
Eg hadde uansett ein nydeleg tur. Kunne rett og slett tatt ein runde til... Blir det fint ver i morgon, tek eg gjerne ein tur til.

2012-02-06

Før og etter NM

Eg har ikkje gløymt å blogge.

Eg tenker mange gongar på det når eg er ute og nyt naturen, når eg er heime, på ski eller berre går tur på beina slik som Janne og eg gjorde på Fløyen forrige helg.
Det var ein strålande solskinsdag og vi gjekk ein flott tur på isete underlag. På veg ned att, heldt vi oss fast i rekkverket og sklei sidelengs på skoa. (Det vart brukt nokre musklar som sjeldan er i bruk.) Det var då vi fann ut at det kanskje er lurt å investere i broddar...
Eg tenkte på det i Øygarden, med havet og utsikta på tur for å sjå på hus.
Seinast i dag tenkte eg på det. Klokka 0430 ringde klokka, brøyteplogen dura utanfor glaset. Eg skulle nå bussen 0515. Kram snø og ein diger traktor som pakka snøen framom garasjen - det var ingen lett start på dagen. Men eg nådde det, og sovna med teppe og jakke rundt meg i bussete på veg til jobb.
Eg tenkte på det då eg sat i boblebadet saman med gode vener i helga. Deilig behageleg varme, gode aromaer, herlig steming frå kjekke folk, som bryr seg. Og som eg bryr meg om.
Eg tenker mange gongar på kor mange vi har å vere glade i. Her om dagen hang ei vase i stova. Nokre gode vener hadde tenkt på oss i Finn Schjøll sin blomsterbutikk (bildet) i hovudstaden. Eg gler meg over små detaljar gjort med eit stort hjarte.
Men denne veka er det berre ein tanke som tel, nemleg NM brass i Bergen. For andre gong skal eg i elden på TV, i år på TV 2 Sumo. Vi sender direkte frå alle divisjonane. Eg grugledar meg. Må berre tenke litt på mellomstikk og sende ut nokre pressemeldingar fyrst...
Dei neste dagane blir litt unntakstilstand, i tankane, og fokuset. Det som står for døra om fem dagar er det viktigaste. Så kjem eg forhåpentlegvis sterkare tilbake, kanskje frå tur til Ål, besøk av familien i byn, EM i Rotterdam, neste NM i Trondheim, ein jentetur, ein konfirmasjon, eller berre eit lite smil frå eit barn som smiler tilbake til meg.