2010-12-31

Blomster-utfordring

Kvar er det lurast å kjøpe blomster?
Tanken slo meg før jul då eg skulle handle inn til blomster-oppsatsar. For min del var det Plantasjen. Eg fekk nydelege roser og flotte tulipanar, til ein rimeleg penge.
I går var eg å handla rose på blomsterbutikken. Meininga var å gje den vekk. Men i dag då eg vakna, hang den med både blomst og blad. Eg tok mot til meg og gjekk for å reklamere. Heldigvis beklaga dama bak disken og eg fekk ei ny.
Også julestjerna på bilde vart bytta ut med ei ny, kjøpt i trekken på Bunnpris...

-Olga-

2010-12-09

NRF-NR

Har du høyrt om det før? Eg fekk nummeret og mm-måla frå rørleggaren i Førde.

Onsdag morgon monterte eg vaskemaskina på badet i Møllendalsveien. Sette på ein vask og trudde alt var såre vel.

Men det lak frå uttaket til slangen. Difor prøvde eg å skru på den andre rød hendelen på vatn-inntaket.

Det skulle eg ikkje ha gjort. Vatnspruten stod utav røret, og den rød hendelen ville ikkje tilbake til utgangspunktet...

Dermed var råda dyre. Eg kunne ikkje finne hovudstoppekranen!

Rørleggaren i Førde vart redninga. Men då eg spurde om han kunne hjelpe meg, kom det spontant - i BERGEN???

Men han geleida meg til stoppekrana, fekk over eit bilde, og vips så var det i orden igjen. Takk Indrebø!

I tillegg fekk eg råd om å plugge igjen røyret som ikkje er i bruk. Han gav meg rett nrf-nr på kappa, så slepp eg unna nokre tusenlappar i ekstra utgifter.




2010-12-08

Søt smak


Det er sjeldan eg har ete så mange appelsiner på så kort tid.

Det bugna av store, saftige appelsiner til kvart måltid. I tillegg tok vi med oss eit par ekstra som mellom-måltid.

Ikkje berre smaken, men fargen var ekstra oransje i Marokko.

2010-12-01

Frityrsteikte eple

Maten er utsøkt på Iberostar-hotellet vi bur på i Marokko.

I dag severte dei frityrsteikt innbaka eple til dessert. Fantasico! Akkurat som mamma laga dei då eg var lita.

Kaloribombe? Ja, sikkert, men utrulig deilig!

Trur eg må få oppskrifta...




2010-11-30

Lyden av hav

Det er sommarvarmt. Vi drikk kaffi på terassen.

Det er likevel uvanleg vêr i Agadir i Marokko.

Fuglane blir overdøyvd av havet som brusar og brenningar som bryt mot strand. Bølgene er brune, like brune som sanden på stranda. Himmel og hav går i eitt med kvarandre, i ein gråsvart horisont.

I morgon er det meldt 18 grader og 0 mm nedbør.



Souk

Vi skulle til sentrum, men hamna på ein marknad.

Taxisjåføren meinte vi hadde meir igjen for å besøkje Soukuen enn å gå gatelangs og bli våte av regnet i sentrum.

Vi takka ja til å bli køyrt til den lokale turistmarknaden. Her fekk vi ei kulturoppleving utanom det vanlege. I døra vart vi møtt av eigaren, som viste oss ein annan mann som vi kunne spør om hjelp hos, og fem etasjar med tepper, smykke, keramikk, sko, veske og ikkje minst møblar, store digre bord og stolar. (som vi umulig kunne få med heim)

Men "hjelparen" gjekk etter oss som ein innkrevar. Vi pruta, og "krangla", var ikkje interessert og så veldig interesserte igjen. Simon pruta, eg pruta, Frode pruta - veldig spesielt.

Til slutt vart han litt for innpåsliten, synst eg. Han verka veldig fornøgd då vi reiste...

Kamelriding

Fyrste dagane i Marokko er prega av regn og tunge skyer. Søndag bestemte vi oss difor å ri på kamel.

Det var ei artig og annleis oppleving! Og eg vakna litt stiv og støl i ryggen dagen etter. Tydelegvis har eg anspent meg...

"Sjåføren" passa godt på at vi hadde det bra, gjekk i to timar på mjukt sandete underlag, ikkje i Sahara, men gjennom ein fattig landsby, forbi tonnevis med søppel langs ruta, langsmed kongens palass vakta av uniformskledde menn. På andre sida av ein grå høg mur låg grøne golfbane-vidder.

Kamel-eigaren tok oss til naturparken ved elva som kjem frå Atlas-fjella. Her troppa han opp med Cola- og Fanta-flasker som vi skulle dele med kamelane og kravde ekstra pengar før vi fekk dra heimover.

Shuttelbuss

Vi tok taxi frå flyplassen til Runway-hotellet på Gardermoen fredag kveld. Prisen vart 300 kroner for fem minuttar i bil. Frode betalte med bismak.

For på nettet til hotellbestillinga vart det informert om shuttelbuss - utan ekstra kostnad, trudde han. Shuttel-bussen ville gå om fem minutt. Men fordi den skulle ha betalt, tok vi altså taxi...

Til hans forsvar var det bitande kaldt, minus 10 grader, for Afrika-fararane som håpar på sol og sommar den neste veka.

2010-11-25

Rekn med regn i Afrika

Komande veke reiser vi til Marokko.

Vi har lenge gleda oss til ei veke i varmare strok. På eit normalår er det rundt 350 soldagar i året i Agadir. Men neste veke ser ut for reine Vestlands-veret (sett vekk ifrå temperaturen då).

Det er meldt 72 mm nedbør på tysdag! Og laurdag når vi landar, er det også meldt om store nedbørsmengder. Temperaturen derimot ligg på rundt 20 grader, heldigvis.

Men turen er bestilt og vi er klare for å reise. Vi tar med oss regnjakke og kjenner oss kanskje som heime...

Sjå veret her.

2010-11-24

Havbåra mot øyret


Eg frykta vinden, utan grunn!

For eit par helgar sidan var vi på Stad. Ragnhild og Martin inviterte oss til feriehuset sitt på Leikanger. Og for eit flott vertskap, og ei god helg! Vi vart mottatt med opne armar, fekk deilig Raclette (omn på bordet som smeltar Sveitsisk ost + grønsaker) i eit blått koseleg kjøkken.

Åtte vaksne rundt bordet, felles song og gode historier. Kor vart kvelden av?

Søndag drog vi til Ytre Fure, til hytta hans Julius Fure (far til Ragnhild). Kvar søndag gjekk han dit, sang salmar, såg på havet og naturen og hadde si gudsteneste der.

Vi starta turen i øs-pøsande regn, men det vart opplett etterkvart. Ein halvtime i haustnatur, må berre opplevast! Med storhavet midt imot.

Eg har aldri vore glad i vind, sterk vind vel og merke. Men denne søndagen var det lyden av hav som roa sjela. Med diktlesing og ACapella song, med havbåra i bakgrunnen, var det godt å vere til.

2010-11-09

Nytt husvere

Eg er blitt eigar av ei 50 m2 stor leilighet i Bergen sentrum. Frode er medinvestor.

I neste veke skriv vi under kontrakta. Det er eit husvere med to soverom, stove og kjøkken i eitt og eit stort bad + ei bod. Vil du sjå den klikk her.

Den ligg like ved Store Lungårdsvann, i Møllendalsveien. Eg kan gå eller sykle langs vatnet til jobb.

Sist veke ringde Karina og sa ho gjerne vil leige seg inn hos meg. Det vart eg glad for. Då blir det litt billegare, både for meg og henne.

Sjølv om vi er to, er det plass til besøkande!

2010-10-22

Nye utfordringar

Ja, eg har fått permisjon!

Frå 1.januar 2011 blir eg å finne i Bergen! Eg skal jobbe som nettredaktør i NMF, Norges Musikkorps Forbund. Etter 18 år i NRK Sogn og Fjordane har eg våga meg ut på djupt vatn. Ein ny jobb, nye utfordringar og mange sommarfuglar i magen.

Det blir spennande å ta fatt på nye oppgåver i norges største barne- og ungdomsorganisasjon. Her er det mykje entusiasme, glede, musikk og gode historier. Eg vil formidle dette på nettet, få media merksam på kva dette betyr, for fleirfoldige tusen born og unge her i landet.

Eg gler meg!

Sjå http://www.spilleglede.no/

2010-10-20

Vinteren i anmarsj

Fyrst små, små snøflak, så større og større og til slutt vart bakken kvit.

Det er onsdag 20.oktober, ein av dei tre haustmånadene. Likevel har kulden snike seg rundt husnova. Bilen har vore nedfrosen mange morgonar. Men når snøen legg seg kvit er sommaren definitivt over. Det innser også eg.

Simon er veldig happy for det kalde kvite regnet. Han fann fram snømåka. Ja, for han har tenkt å samle all snøen nedom leikehytta for å kunne hoppe frå taket til vinteren. Og då må han samle snø, alt frå dei fyrste snøkrystallane.

Men for min del er det litt for tidleg for snø, enno...

2010-10-10

Nydeleg hausttur

Sola er tilbake etter fleire dagar med regn og styggever.

Då er det på tide med litt hagerydding. Frode og Simon rydda garasjen her om dagen. Eg tar meg av å kaste gamle blomster og fjerne jord frå krukkene. Det blir tomt rundt huset utan blomster.

Men dagane er solrike, sjølv om sola er på hell ved huset på Flatene. Då er det godt å kome seg på fjellet. På toppen av Fauskevarden ser vi heilt til havs. Nydeleg dag!

2010-09-26

Travle dagar

Vi er i siste del av september. Sommarputene er pakka på loftet og kvikksølvet i gradestokken kryp nedover.

Hausten er ei travel tid. Det er oppstart av skule, trening, jobb og nye arbeidsoppgåver. Dagane går over i kvarandre og helgane er gode avkoplingspunkt frå travelt kvardagsliv.

Men av og til spør eg meg om vi har det så travelt at vi gløymer å sjå kvarandre, naboar og vener rundt oss. Bryr vi oss nok om kvarandre, eller har vi nok med oss sjølve?

Etter den forferdelege tragedien i Oppegård, lurer eg på kva som rører seg i hovudet på dei som har det så vanskeleg at drap er einaste utveg. Er det kulturelle forskjellar som gjer oss framande for kvarandre, eller kan det vere manglande interesse for dei vi har rundt oss?

2010-09-04

Flytande hytte

Laurdag var vi på segletur med katamaranen til Kristin og Siegfried.

Nydeleg vêr, sol frå klar himmel, men litt haust-trekk i lufta.

Caroline hadde laga deilige skulebollar som vi nytte i fulle drag. Med nytrekt kaffi frå byssa vart dagen fullkomen.

Til og med ein landkrabbe som meg kan forstå at ein slik båt er som ei flytande hytte.

Eg er imponert over Siegfried som har bygd mykje av skøyta sjølv!



2010-08-19

Årets handletur

Det er sal på alle butikkar og Frode hadde seg ein raptus, med meg i helane. Ikkje lett å vere fargeblind gitt...

Men så vart det nokre stk plagg også. Betalte under ein tredel av normalpris og det er god motivasjon for ein som elles ikkje er spesielt glad i shopping.

Og så er det litt enklare for mannfolk. Ikkje store endringane i snittet på skjortene frå år til år heller.

Så då var årets konsulentjobb gjort.

2010-08-18

Vannski



Juhu!!! Simon kom seg opp på vannski etter berre tre-fire forsøk. Han stod langt utover fjorden i ca 15 knopp.

Eg kom meg opp og! Men etter litt fleire forsøk, og eg heldt ut litt kortare. Eg slukte litt mykje vatn og mistenkjer Frode for å slakke på gassen då eg var nesten oppe...

Dette var skikkelig jobb for arm-musklane! Det var kjekt, varmt i fjorden og eg gjer det gjerne igjen!

2010-08-15

Jenteting

Lyse striper i håret er fint, særleg sommarstid. Marte har lyst og fint hår, gullhår, seier bestemor Eli.

I går fekk ho endå lysare hår. Mora stripa og jammen vart det nesten som om ho har vore hos frisøren.

Om dette er berre jentegreie, er eg usikker på. Simon lurte på om han og kunne få striper...

Sommarglad

Sola strålar frå blå blå himmel.

Frukosten er godt fortært og simon kjem med gitaren og klimprar. Vi høyrer skurrande sommarmusikk frå Ipoden til Marte og snart er vi på sjøen i båt. Kanskje blir det vannski og tube...



2010-08-14

Sjølvlaga godt

Alle snakkar om gode, sunne og sprøe knekkebrød.

Karina var ekstra gira og reiste sporen striks på butikken og kjøpte rett sort mjøl og frø, og vi sette igang.

Og jammen var det like lett som alle sa. Ein halvtime i vatn med ingrediensane, så ein knapp time i omnen. Litt utlufting og tørking og vips, knekkebrød til kvelds.

Nam, det blir fleire slike rundar. For Karina fekk med seg alle til Bergen. Bonne apetitte!

2010-08-08

Scooter-tur

Ein av dei siste ferie-dagane bestemte vi oss for å prøve scooter på fjorden i Montenegro.

Det vart ei fantastisk oppleving.

Fyrst vart eg med ut som passasjer for å ta bilde av dei andre, så fekk eg meg ein køyretur sjølv. Med Torunn som passasjer bak, leika vi oss i 20 minutt på vatnet.

Nydeleg - sjølv om vi tok feil av kostanden. Det vart fire gongar så dyrt som vi tenkte...

Mange gode opplevingar

Etter to veker i utlandet er det godt å kome heim.

Jobbejentene, Karina og Marte hadde rydda og ordna hus og hage til vi kom heim. Deilig! No er bæra modne, det same er morellene og dei gule rosene blomstrar i hagen.

Når vi også opplever varme og sol, med frukost på terassen, ein ekstra kopp kaffi, siste nytt i avisa og god musikk på radioen, ja, så er det som ein ekstra ferie.

Med ei veke fri blir det tid til ein tur til sentrum for å prate med gode vener og i tillegg sjå på juniorarar som spelar volleyball. (Førde arr. NM) Når eg fekk tilbod om ein tur i cabriolet, ein Volkswagen EOS, var eg ikkje sein om å seie ja. Med vind i håret og 24 grader gjekk turen til Jølster som ein røyk.

Vi har også vore ein tur til Askvoll for å sjå ungdomsmusikalen Fame. Flotte ungdomar, energiske og dyktige, både på sang, dans og drama.

Sogn og Fjordane har mykje å by på.

2010-07-20

Sommar eller...

Det er tysdag 20.juli.

Temperaturen kan vi ikkje skryte av. Gradestokken viser berre 11 grader kl.0859.
Det er godt å kjenne at vi skal tilbringe dei neste to vekene i varmare strok.
Flyet til Montenegro går klokka fem på halv eitt...

God sommar!

2010-07-19

Dyra tilbake

I går vart eg vekt av ein brekande sau tidleg om morgonen. Litt for tidleg for meg i feriemodus. Og sauen gav seg ikkje heller...

Då eg kikka ut glaset, såg eg han stod tett attmed grinda. Det var flokken på andre sida han snakka med, stakkar.
Så eg stod opp, gjekk ut og opna grinda for han. Dagens gode dyre-gjerning...

2010-07-06

Fødselssmerte

Fredag hadde eg ei grusom oppleving.

Eg fekk intense smerter i øvre del av magen på jobb. Trudde fyrst det var luft og håpte det gjekk over. Men nei.

Heime vart smertene enno verre og til slutt så voldsomme at Frode ringde etter ambulanse.

Etter grundig legesjekk, kom ho til at det var nyre- el gallesteinsanfall...

Dette vil eg aldri oppleve igjen! Smertene var verre enn fødselsrier.


2010-07-04

Jenny 100 år

Endeleg er biografien om oldemor Jenny blitt til bok.


Ei fantastisk dame som levde til ho vart 102 år.

Karina skreiv den som oppgåve i 10.klasse. Og no er den komen ut i 33 eksemplar.

Den vart eit prakreksemplar.

Kubbespel

Før spelte vi badminton, krocket, volleyball og frisbee.

No har Karina innført eit nytt spel for oss. Kubbespelet.




Og det er heilt heimelaga av farfar Martin. Kjekt lagspel, også i regn...

2010-06-25

Spreke pensjonistar

Berghaugane, ein nydeleg plass vest på Aukra.

Synnøve og Martin viste veg. Med stavar til hjelp, går dei jamnleg tur i skogen. Det gjer dei sjølv om både hofte og kne seier nei.

Flotte skogsstiar og gjennomført fint handverk å sitte på. Og Martin får mykje av æra.






- Posted using BlogPress from my iPhone

2010-06-22

Dugnad

Ein rundtur opp til Bekkjavatnet, mot Halbrendsstølen til Reset gav ei god kjensle i går.
Nytt dekke på stien over myra var supert! Eg vart ikkje blaut på beina og joggeskoa var like fine etter turen.
Takk for innsatsen, de som har lagt sagflis på plass.
De fortener ein blomst!



2010-06-20

Topptur i sommarvarme

Endeleg er sommaren her!

I dag bestemte vi oss for å gå på Hafstadfjellet. Eller rettare sagt; Marte ville ha oss med på fjellet. Etter fleire gode koppar kaffi i sola utom huset, roser på bordet (23 års bryllaupsdag) og deilig frukost, tok vi på oss fjellskoa og sette i veg til topps.

Ein halvannan times tur opp varme lia, gjorde godt for både kropp og sjel. Nedatt tok vi "snarvegen" rett ned. Dermed var vi heime på ein halvtime.

Vi avslutta dagen på Kinarestaurant for å feire Marte. Ho er ferdig med 13 års skulegang. Hurra!

Aktiviteten på topp

Både Simon og Frode er svært aktive om dagen.

Simon har lært seg både å ta vanleg salt og salto med skru på trampolina. Han er nesten like spretten som då han spratt sittande på rumpa som eitt-åring... Sjå Simon ta salto.

Etter rygg-plagene til Frode, har vi andre i familien bestemt at han må trene. No er han blitt til rocke-Frode. Sjå videoen.

2010-06-19

Byggeskikkpris

I 2008 fekk Ytre Hafstad Grannelag Førde kommune sin byggeskikkpris.

I år er bautaen med innskripsjon og flott steinbord med tilhøyrande benkar på plass.
Flott rasteplass like ved sandvolleyballbana.

2010-06-15

Dyktige ungdommar

Ein og ein halv time med sang, dans, drama og glede.

Konserten til Deciding laurdag var feiande flott. Ungdommen strålte, og stolte forelde i salen skrytte, med god grunn.

Slagordet for konserten var; Vi kan, vi vil og vi får det til. Og det levde dei skikkeleg opp til.

Fleire av ungdommane bytta på instrumenta. Simon spelte både tromme og gitar, og var solist og korist. I tillegg var han med på både dans og drama. Ein flott gut vi har!

Foto: Arvid Anthun

Entusiasme

Tenk om vi var like ivrige etter å sitte i eit styre som minstemann.

Simon ringde rett etter valet i Deciding og jubla; eg er valt inn i styret til neste år, saman med....tre andre. No skal vi grille!

Ære vere han for entusiasmen.

2010-06-11

Og så kom regnet


Marte hadde store planar om party i hagen.

Ho fekk tak i eit 4x6 meter stort telt, fekk god hjelp til å sette det opp, men dessverre kom det regn, mykje regn.

No blir 13 års skulegang avslutta rundt langbordet på kjøkkenet. Litt trangt, men det høyrest ut som dei har det kjekt.

2010-06-03

Ein nydeleg skapning

Natt og dag-blomsten er ein av mine yndlingar.

Uansett regn, vind, kulde og styggever, den sprett opp av jorda frå ingenting. Den er liten og spe, men står imot ein støyt.

Og for kvart år som går, kjem dei fleire og fleire. Dei pyntar opp langs ein grå mur. Det er nesten så eg har lyst å strø dei utover overalt i heile hagen. Då slepp eg å kjøpe andre blomster.

Men kanskje det hadde blitt litt for einsformig.

Verdsarven

Ein lang grøn fjord, buktar seg utover og snor seg inn mellom høge bratte fjell.

Denne helga er Nærøyfjorden på sitt vakraste, trea på sitt grønaste og cruiseskipa på sitt beste. På bilde er eg på Stegastein 850 moh - fantastisk utsikt!!! Ikkje rart området har hamna på verdsarvlista.

Sist helg var eg i Aurland på bedriftstur. Vi sykla, padla, tok Flåmsbana, gjekk tur og fekk oppleve fantastisk natur.

Det var nydeleg sol frå nesten skyfri himmel, nokre fleire varme grader enn tidlegare i mai og mange gode opplevingar saman med kjekke kollegaer.

2010-05-05

Balejazz

Norges vakraste musikkfestival.

Det skjer til helga. Frode og eg skal dit, fredag til laurdag. Vi skal høyre den kjende svenske gruppa "The real group". Om du ikkje har Spotify - prøv denne adressa; http://www.youtube.com/watch?v=Yzv1KS1xyNE) Ekte A capella.

Konserten er tidleg på kvelden og har du sett på vervarselet??? Sol-sol-sol, med varme grader på dagen. Jippi!

Og så tar vi eit tante-Olaug besøk i same slengen.

2010-04-26

Gjer jobben sjølv

IKEA har begynt med sjølv-scanning. Ikkje scanning av deg sjølv, men scann varene dine sjølv.

Litt av eit opplegg. Vi handla mykje og store varer, også litt småvarer, om å gjere å finne stripene, legge det i system, putte i posar og samstundes følgje med om det vart rett.

Eg vart reint svett, men Frode likte å gjere jobben sjølv.

Men så har han erfaring frå butikksal frå ungdomen...

2010-04-25

Russ 2010

Ikkje alt gjekk som planlagt...

Marte og Ingrid har limt på bokstavar og figurar på russebuksene sine.

Namnet til Marte er laga av refleks. For det fyrste var det innmari vanskeleg å få stroke bokstavane fine på, for det andre vart
bokstavane både bakvendt, speglvendt og opp ned...

Marte var ikkje særleg blid, medan Ingrid sine bokstavar var altfor store - dermed vart kvit-tusjen tatt ibruk.

God russefeiring!

Kaloribombe De lux

Har testa Oreo-kaka før konfirmasjonen til Sofie neste helg.

Litt av ei mektig kake! God, ja, men absolutt nok med eit bitte lite stykke.

Inneheld: Oreo-kjeks, sjokolademousse, krem, ost, melis, sukker og smør.

Det tok litt tid, men går nok kjappare neste helg...

2010-04-22

Sjå, lukt og smak

Årets fyrste jordbær er her!

Eg kjenner det nesten som sommaren har begynt. Litt feil årstid enno. Også i høve til temperaturen, men kvifor ikkje smake på godene når dei er så fine som dette?

Dei ser gode ut, luktar godt og smakar som... ja, ville markjordbær faktisk! Med litt is eller fløyte til, kan det bli ein rett så koseleg kveld.

2010-04-21

Å slappe av

Katten vår følgjer oss overalt.

På badet, hoppar han opp og følgjer nøye med når vi pussar tennene. På kjøkkenet, sit han på stolen når vi et mat, og på stova, sløvar han dersom vi også slenger oss ned i en stol med beina på bordet...

I dag tok han kaka, synst eg. Dette kallar eg verkeleg å slappe av.

2010-04-20

Og vi malar og vi malar......

... og det blir så fint og flott!

No har badet i 1.etg fått seg ei totalrenovering. Vi har rive ned alt gamalt og snart er vi ferdig med det nye. Vi har leigd inn flisleggar. Elles malar eg dei heimelaga baderomsmøblane, medan Frode snikkerer.

Det kan hende vi treng eitt meir skap, Martin...

Det blir seine kveldar. Men kjekt når vi ser enden og kan ta ibruk hovudbadet igjen.

2010-04-11

Svela

Lukta av svele, synet av steiketakka, rømme, sylte, sukker og smør gir meg heime-kjensle.

Ei god kjensle av ro, fred og harmoni på ein gong. Med ein god kopp kaffi, ei god bok og litt varme på terassen, er det godt å ha ein søndag fri og kjenne at livet er godt å leve.

Skia er lagt vekk, i alle fall for denne helga. (Frode er reist til fjells)

2010-04-10

Trampolina på plass

Endeleg er snøen vekk frå hagen vår, nesten.

Enno ligg eit par klattar igjen. Likevel har simon heilt på eiga hand sett opp trampolina. Sola varmar, blomstrane strekkjer seg mot lyset og hagemøblane er henta fram. Og med trampolina på plass, er våren på plass på Flatene også.


- Posted using BlogPress from my iPhone

2010-04-07

Tusen "lappar" i hovudet

Det er mangt som rører seg i hovudet etter ein travel dag på jobb.

Etter jobb, på veg til Dale Rør, bestemme oss for vaskeservant, tannlegeprat, litt radio for siste nytt, jobbprat, tankar rundt ein sms frå mamma, ringe Simon for middagsførebuing, Frode nynnar på "Joybell" - skal øve med to kor før gudstenesta søndag, Marte lurer på korleis ho skal steike laks+poteter (på jobb i kommunen), litt ro, snart heime og Frode er plutseleg tilbake i holtanna.

Litt overraskande, etter så mange temaskifte, men eg forstår at det er reparasjon av tanna som opptek husbonden. Tusenlappane fyk fort når tannlegen blir utsett for lenge...

2010-04-02

Lånt Internett


På hytta spelar vi spel, les, et god mat, er ute på ski og kosar oss. Vi har ikkje Internett, men naboen har. For å få god tilgang må vi nærast mogeleg ytterveggen. Difor blir soverommet flittig besøkt;-)


- Posted using BlogPress from my iPhone

Grått i fjellheimen

Det har kome litt snø i natt også, men veret er litt gråare, med ein liten trekk i lufta.

Det blir nok ein tur rundt vatnet i dag. Men fyrst må eg nyte nytrekt kaffi som nett er servert meg på senga.

- Posted using BlogPress from my iPhone

Off pist

Natt til i går snøa det mellom 15-20 cm.

Etter ein lang og god frukost, påkledning og pinnekjøtet i bløyt, var vi klare for bakkekøyring.
Og gjett for eit føre! Fantastisk i den store lange trakka bakken og endå betre i fjellsidene rundt.

Det er sjeldan eg har hatt så vondt i lårmusklaturen etter ein dag på ski. Siste turen lurte eg på om eg måtte stå rett ned, utan å ta ein einaste sving. Men då hadde det nok gått gale...

- Posted using BlogPress from my iPhone

2010-03-24

Påskeønske

Metereologane melder om grått og vått og relativt varmt ver på Vestlandet til påske.

Eg er veldig glad for at snøen held på å smelte vekk. Eg lengtar etter vår!!!

Men til påske skal det vere snø også. Lange turar på kvite vidder og litt nedoverski i bakken.

Og kanskje får eg ønsket oppfylt. For varselet for Lemonsjøen ser ikkje så verst ut. Temperatur rundt null grader, litt nedbør, så delvis sol og tre kalde grader når vi kjem dit torsdag. Det kan bli fint, gitt. Og heile familien reiser på hytta.

Eg gler meg og seier som Ole Brumm; ja takk, begge deler.

2010-03-19

Fantastisk

Det tok meg 13 lange og irriterande minutt å kome igjennom til legekontoret.

Etter å ha bestilt time til Simon, lurte eg på om det ikkje gjekk an å bestille time på nettet? Jaudå, det var berre å gå via www.mindoktor.no

Så i staden for å bestille time til meg sjølv på telefonen (Hm, burde jo ha gjort det når eg fyrst hadde venta så lenge...) gjekk eg på nett og bestilte legetime til meg sjølv. Det kosta meg 8 kroner, då. Men enkelt, raskt og utan irritasjon. Nesten so eg kjende ei fantastisk glede etter 13 minutt med "ver venleg vent"-svaret på telefonen.

Kvifor er ikkje dette meir opplyst på både legekontor, aviser og ikkje minst - på Førde kommune sine nettsider?? Det lurer eg på.

2010-03-13

Foball om natta

Ei natt i året brukar Frode tida si saman med konfirmantane i Førde.

For 16 år sidan starta han opp nattcup i Førde som eit anleis tilbod for konfirmantar. No har fleire tatt ibruk natta for å spele fotball, vere sosiale, ha solidaritetstorg og vere med på nattmesse.

Han har alltid sagt at ei natt i året er nok. Det same seier eg.

Natt til i dag var eg med Deciding på nattcup i Sogndal. Dei var hyra inn for å halde konsert, skape miljø, selje t-skjorter og sjølve ha det kjekt i lag. Dei er ein flott gjeng, men godt trøytte då vi tok bussen heim att utpå morgonkvisten.

Misunner ikkje dei som går i turnus og må jobbe natt til vanleg.

2010-03-03

Uventa besøk

To gode venninner banka overraskande på døra i går kveld.

Med ti flotte kvite roser kom dei for å gratulere meg med dagen. Vi prata og kosa oss med te og nøtter.

Det vakraste smykke ein heim kan få er vener som stikk innom. Takk for besøket, Linda og Betten! Dette må vi gjere oftare.

2010-03-02

For dei som lurte....

....var det dette nydelege smykket som låg i presangen eg har venta på å få opna.

Og etter ti timar på jobb i dag, kom eg heim til ein ventande Simon som hadde blåst opp ballongar, laga kort og sang på data og funne to sjokoladekaker i frysaren.

Kjekk velkomst som sette meg i god stemning.

Og når også meldingane, FB-gratulasjonar og telefonar frå familie og kjende, ja, kva meir kan ein ønskje seg til 45-års dagen?












Feiring på hytta til helga!

2010-02-27

Vente, vente

Her om dagen låg det ein stor konvolutt i postkassa.

Den var til meg! Kanskje ikkje så rart sidan eg har bursdag snart. Men så var det det med å vente då... Eg hadde mest lyst å opne, men fekk ikkje lov.

- Posted using BlogPress from my iPhone

2010-02-25

Bergen hermar

På byvandring med Karina i Bergen kom vi over denne brua.

Nesten som himmelbrua, eller skywalken i Førde sentrum.
Berre ein tanke kortare då...
Lurer på om dei har krangla like mykje om fasaden her som heime?

Frode Donald

Hallo! Eg veit ikkje om eg skal le eller grine.

Frode pussar opp badet. Dusjen i betong skal vekk, nye vassrøyr skal på plass og då må han bore fem hol i veggen til røyra. Problemet er berre at han bora feil, og det fem gongar!! Hastverk er lastverk. Så no har vi fem luftehol frå badet til kjøkkenet. Juhu!

2010-02-21

Høgt og flott

Ein vossing, ein frå Stord, ein haugesundar og ein frå Halden.

Til saman utgjer dei Nordic Tenors, ein flott bukett sangarar og showarar.
Som svalene flyg dei høgt og lavt, i mjuke bogar og krappe svingar og over store avstandar. (fritt oversett frå progr.) Musikken tilhøyrer alle. Ei stor oppleving.

2010-02-14

Talentfull ungdom

Spele- og sanggleda var på topp under UKM (ungdommens kulturmønstring) i Førdehuset laurdag.

Både hardrockband og forsiktige solistar stilte opp i håp om å gå vidare til fylkesmønstringa.

Også Low Battery, gruppa til Simon deltok. Dei framførte to nummer, eitt åleine og eitt saman med koret "Tweensing". Dei viste skikkeleg speleglede og fekk heile salen til å klappe med....

Dei kom seg ikkje vidare, men om dei er talentfulle? Ja, så absolutt! Flott, Frode at du er med kvar måndag og backar opp gutane!

2010-02-09

Sjekk datoen

Det kjem ikkje an på kor fine brøda ser ut, men korleis dei smakar.

Eg var skikkeleg stolt over meg sjølv. Fann ei ny oppskrift på Tine.no og sette igang med å lage deilige solsikkebrød. Eg leita godt inst i skapet, fann rette mjølsortane og elta saman alle ingrediensane. Deigen heva seg fint og flott, men eg kjende ei litt rar lukt...

Dessverre tenkte eg ikkje meir på det før eg smakte på brødet dagen etter. Solsikkekjernene, Kruskaklien og Hvetekimen hadde datostempel i to tusen og ja, nokre år tilbake.

Både brødet og resten av storinnkjøpet av ulike mjølsortar gjekk rett i boss.

Betre lykke neste gong.

2010-02-08

Kortproduksjon

Ei lita leiterunde i kassene på loftet, fekk fram kreativiteten.

Prikkete, stripete, blomstrete papirark og kartongar i ulike fargekombinasjonar. Med litt dobbeltsidig tape, saks og lim, blir papirbitar raskt til små kort. Med litt band og blomster i tillegg, kjem skapargleda.

Etter nokre timar jobb, hadde eg laga sju ulike kort. Dei ser forskjellige ut, sjølv om malen er den same.

Det einaste som gjenstår er å skrive nokre velvalde ord og gje vekk eit kort til gled for både meg sjølv og forhåpentlegvis den som får det.

2010-02-07

Bursdagsfeiring

Hurra for Linda! Eit anleis innslag i kvardagen.

Laurdag inviterte ho nær 20 gjester for å feire bursdagen sin. Ikkje så heilt uvanleg det. Men denne gongen møttest vi til felles bading, bobling, behandling og terapi i Spa-avdelinga på Sunnfjord. Ei strålande oppleving og godt fellesskap!

Etterpå spaserte vi heim til dei og åt nydeleg Bacalao med 18 gjestar til bords. Dette må vi gjere igjen!

2010-02-06

To tankar i hovudet

Det er morsomt å reflektere over kor mange ting det er mulig å gjere på same tid.

Det er frukosttid og kaffien er trekt. Eggevatnet er sett på og frukostbordet skal dekkast. Men før det, må eg ta opp eit brød (heimelaga) frå frysaren. (Bilde er frå Vita hjertego`)

På veg dit må eg via vaskerommet. Då ser eg at det er fort gjort å ta ut av maskina som eg sette på i går, og i same slengen kan eg sette på ei ny... Og klea på tørkestativet legg eg saman. Men der står jammen skiskoa som eg kan flytte ut til rommet der frysaren står. Før eg opnar lokket på frysaren, må eg få litt orden i jakkene som heng hulter til bulter, som vanleg.

På veg tilbake er det like før maskina er ferdig vaska, egga ferdigkokte (vart litt hardkokt denne gongen gitt) og frukostbordet ferdigdekka. Det var visst berre brødet som mangla...

Ikkje berre to, men ti tankar i hovudet...


2010-02-04

Nifst spennande

Ei ny bok er snart fortært. Ei krimbok denne gongen.

Svenske Camilla Läckberg skriv godt. Ho dreg meg raskt inn i historia og held meg der. Det grusomme er sjølvsagt drapa som skal oppklarast, men er det krim, så er det krim.

Eg har lese eit par andre bøker av same forfattar, men Havfruen er den beste til no. Intenst spennande. Klarer nesten ikkje å legge den vekk sjølv om klokka passerer midnatt...

Läckberg blir kalla sveriges krimdronning. Eg skriv gjerne under på utsegna!