2011-07-26

Den svarte dagen - 22.07.11

Det er ufatteleg. Det finst ikkje ord.
Terrorangrep på vårt lille land, Norge, regjeringa vår, demokratiet vårt. Dei unge, begava, den kommande generasjon.

Ingenting blir nokon gong som før. Før kjem aldri meir igjen. Sorga er ein dyster følgesvenn. Livet er så sårbart og skjørt. Før det står i blomst er det over. Gje dei evig kvile og la evig lys skine på dei. Dette syng visesangar Bjørn Eidsvåg. Eg græt med alle i den vonde sorga.

Eg var i Oslo i dag og såg med sjølvsyn det ufattelege. Roser over heile byen, tydelege spor etter glasbrot og knuste ruter. Vanvittige sterke krefter har vore i sving.

For ungdomane som overlevde på Utøya må det ha vore eit mareritt. Eg torer ikkje tenkje på såra dei har fått i sjela. Eg jobbar med born og unge. Dette er eit angrep på nerven av det vi held på med.

Kringsatt av fiender,
gå inn i din tid!
Under en blodig storm
- vie deg til strid!
Kanskje du spør i angst,
udekket, åpen:
hva skal jeg kjempe med
hva er mitt våpen?
Her er ditt vern mot vold,
her er ditt sverd:
troen på livet vårt, menneskets verd.
For all vår fremtids skyld, søk det og dyrk det,
dø om du må - men,
øk det og styrk det!
Krig er forakt for liv,
fred er å skape.
Kast dine krefter inn:
døden skal tape!
Dette er løftet vårt
fra bror til bror:
vi vil bli gode mot
menneskenes jord.
Vi vil ta vare på
skjønnheten, varmen
som om vi bar et barn
varsomt på armen!
Tekst: Nordahl Grieg.

Til minne om dei falne på Utøya og i Oslo 22.juli 2011.

2011-07-14

Nål og tråd

Mykje kan skje på vei frå øyane til vi er heime. Denne gongen var det ein filleting- ein knapp i shortsen datt av. Ikkje så nøye det, med nål og tråd i sekken Problemet var berre at eg ikkje fann tråd-enden på snella. Då er det ikkje mykje hjelp i. Enn så lenge heng flippen på shortsen og sleng. Nåla har vi derimot brukt til å stikke hol i egga....

Heile reker

I går kveld var vi på fiskerestaurant, og eg bestilte fried shrimps, eller frityrsteikte reker. Eg gleda meg VELDIG, for Therese nabo har laga det til oss før.
Men kva fekk eg? Jau, heile reker, ikkje renska men MED hovud og hale. Korleis gripe det an? Eg reinska dei og åt innmaten, sjølv om det vart svært grisete.
Men det er det normale når vi et reke på skive også...

2011-07-11

Rømmaske

God smak og gode minner frå barndommen dukka opp då eg åt lunsj i dag. (kl.1730, vi snur litt på døgnet) naturellyoghurten med deilig rennende honning fekk meg til å tenke på rømmasken (rømmekollen) vi fekk på støylen då vi var yngre.
Smaken var med eitt forunderlig lik. Særleg med stenger som smakte som kringle, berre med ekstra sesamfrø på.
Deilig i varmen!

Scooteroppleving

Simon sitt største ønske for ferien trur eg må vere å få køyre scooter. Sjølv om han berre er 14, ønskjer han å prøvekøyre. Men....
Vi to andre synst det er moro å kome seg litt ut på motorisert køyrety. Så vi leigde oss scooter og freste rundt til Antiparos, st.georgeos, Naoussa saman med to gode vener, Linda og Einar. Der møtte vi Sølvi og Stig for ein hyggelig prat. Litt utpå kveldinga gjekk turen til Kalibithres - ei flott strand som vi hadde nesten for oss sjølve.
Men etter ein dag med scooter var tanken berre halvtom. Så vi tok oss like godt ein dag til rundt øya. Måtte sjå igjen byen Lefkes etter at vi sist fekk gresk kaffi der, tjukk som graut.... Denne gongen vart det berre ein is. Neste stopp Piso Livadi - nydelig by på aust-kysten av Paros. Sjeldan har eg vore så trøytt som den kvelden. Kanskje altfor mykje frisk luft...




Her er det Linda og Einar som scootrar.

God bok

Ei nydelig kjærleikshistorie, frå 2.verdenskrigen i Amerika. Spennande og fengslande lesnad som tek føre seg ein lite kjend skamplett i Amerikas historie.
Ei rørande historie som gjorde sterkt inntrykk. Korleis familiar av japansk hærkomst vart behandla etter Pearl Harbour.
"Hotellet på hjørnet av bitter og søt", av forfattar Jamie Ford.
Har du ikkje lese den, anbefaler eg den på det sterkaste!

2011-07-09

Det gode liv

Toppen av avslapping må vere å ligge på ei flytemadrass, plaske med føtene, smake på saltet frå havet som legg seg på leppene, kjenne sola steike og sjå to spele ball med kvarandre i strandkanten, høyre latter frå ferierande turistar og berre vite at det du treng å gjere er å bevege deg opp på solsenga, finne fram lesestoffet og sørge for å drikke nok vatn. Ja, det er nesten så det blir ein heil jobb å gjere dei små enkle tinga. Det er ferie og fri det!




2011-07-05

Kjekt med sykkel

Fire dagar med sykkelleige gir ein ny frihet. Du kjem deg raskt fram, får vind i håret, kjenner alle luktene, når over eit stort område, og får i tillegg litt trim.
I går tok Frode og eg ein tur opp fjellsida og såg på solnedgangen. Nydelig!
I tillegg såg vi Naxos i nord-aust og byen Naoussa i nord. Det var kortare dit enn eg trudde. Yes, sykkel er tingen.

2011-07-01

Utanom ruta

Dagen i dag var tenkt som transport-dag. Frå Finikounda til flyplassen for å levere bilen, 1,5 time med buss til pireus, så båt til Paros. God plan, men pga generalstreik i Hellas, gjekk ikkje båtane etter planen. Dermed vart det åtte timar venting på kaia. Men kva gjer vel det, når vi har ferie og vertskapet kjem og hentar oss midt på natta.
Ha-kouna-matata. Ta livet som det faller seg.


Simon søv på dekk med luftmadrass som underlag.