2009-08-27

Kompromisset

Han er ein klok mann, far Stoltenberg, eller Thorvald om du vil. Eg har sitert han før, men også no tek eg med meg eit viktig vurdering sett frå hans side. Kompromisset. Det er kompromisset som driv samfunnet framover. Internasjonalt er dette eit spørsmål om krig og fred! Eg vil vere med å heve forståinga av ordet. Om vi er usamde innimellom og må seie: -Vi måtte ta eit kompromiss, ja, så er ikkje det noko nederlag!

2009-08-25

Stor feiring

Marte-mor er 18 år! Utruleg kor fort tida går! Fredag er den store dag. Marte skal feire med kjempelag. Vi må ta i bruk terassen. Og fordi det er meldt om store nedbørsmengder, har vi gjort klar presennningen. Vi må berre skaffe oss ein ekstra terassevarmar eller to. Anyone?

Sjuklingen

Fire dagar under dyna, vonde musklar, både i rygg, armar og bein. Svine-sjuka, seier legen. Det betyr sju dagar karantene frå jobb. Slik er reglane. Kjedeleg! Denne veka er starten på mykje nytt. Men eg får nøye meg med å høyre radio og oppdatere meg på nettet. Eg misunner ikkje dei med kroniske smerter.

2009-08-23

BesteBakken

Ein fantastisk plass! Høgt over Hafslovatnet, ligg BesteBakken. Her er det fint tillaga, og eg overnatta på eit uvanleg romantisk rom (sjå bilde) med boblebad! Eg har vore på leiarsamling og fått nye opplevingar, laga mitt eige kunstverk og fått testa mange nye smakar. Eigaren Lindis Alme har eigen urtehage, bær til ulike syltesortar og ho lagar både råsaft og tomatsylte. Kombinasjonen Brie og rørt solbær var ei stor smaksoppleving. Til og med gamalost til frukost var godt. Sjå: www.bestebakken.no

Mange timars arbeid

-Eg hadde aldri begynt på dette prosjektet om eg visste kor mykje jobb det var. Orda er Frode sine. Han jobba med siste steinlegging til seine fredagskvelden. Heile laurdag gjekk med til fuging. Og søndag morgon måtte han også jobbe nokre timar før fugene var heilt tørka. No er det berre "finishen" som står igjen, altså å få på plass dei tilstøytande steinane og graset inntil skiferplatningen. August er ikkje over enno.

2009-08-16

Hausten kom raskt

Du ser det kanskje ikkje på bilde, men det har styrta regn frå nærast open himmel i heile dag. På yr.no klarde ikkje måle-søyla å vise kor mange mm nedbør som ville kome mellom klokka 18 og 19. På vegen nedom oss går ingen på tur til fjells, og frå nabohuset stig det røyk opp av pipa. Likevel held vi stand på terassen, med markise og litt elekstrisk varme. Er ikkje august framleis ein sommarmånad?

Godt sagt

Det er ikkje lenge før vi skal legge stemmene våre i valurna og bestemme kven som skal få plass på Stortinget og styre landet vårt. Med ungdom i huset blir det diskusjonar om kva parti som er lurast å stemme på. -Alle er jo heilt like, i alle fall i skulepolitikken, seier jentene som for tida er mest opptatt av studiar. Høgre, Venstre, Raudgrøn eller sentrum. Les programma og finn deg ei hjertesak. Uansett er det viktig å bruke retten til å påverke. Som statsvitar Aarebrot seier det: Å sitte heime valdagen er å gje ei halv stemme til det partiet du likar minst. Godt sagt!

2009-08-09

Ein skikkeleg patriot

Det har sjeldan gått heilt stille for seg her i huset når Frode ser Molde spele ein eller annan fotballkamp. Det er nesten så ein kan bli skremd av mindre når dei skorar mål. Og så har han fått seg suporterdrakt som må på - sjølv om det er kokande varmt i stova... Det gode er at stemninga i heimen blir god når dei vinn, slik som i dag. Og særleg når det er Rosenborg dei valsar over.

2009-08-02

Litt sommarvarme igjen

Det regnar ikkje. Og det er varmt nok til å sitje på terassen. Denne helga har gode vener frå Sotra vore på besøk. Gutane ville bade, og då er det lett å gå i kulpen og ta seg ein dukkert. Men mora sjølv må helst ha Hellas-varme for å ville hive seg ut i det våte element.

Meir sylte i frysen

Det kan sjå ut som noko heilt anna, men det er rørt bringebær. Halve fredagskvelden gjekk med til å få 15 kg bær til sylte. Utfordringa var å finne nok beger. Det enda opp med avskorne melkekartongar. Det må vere det som kallast gjenbruk.