2013-05-26

Say goodbye

Eg må kvitte meg med mine beste sko.

Vi ryddar og organiserer, slappar av innimellom slaga og nyt ein kaffi og litt sjokoloade. I dag innsåg eg at eg ikkje kan ta vare på alt.

Ja, eg har mange sko, altfor mange! Eit par - tre joggesko, finsko (ein heil haug), flate sko, høge sko, støvlettar, støvlar, goretex-sko osv. No har dei funne sin plass i skuffene i reolen i gangen.

Men desse skoa var det vomodig å sende på bosshaugen. Karina tok eit bilde, så eg har eit minne digitalt om ikkje anna. Ser dei fine ut? Ja, men dei var rivna i saumane på sida. Utslitne rett og slett. Og då er det ikkje noko å samle på...


Ikkje lett å kvitte seg med gode gamle sko.

Våren er her

Kom mai du skjønne milde.

Det er vår og mai og vi er halvveges i året. Vinden kjem frå nord, og dermed ikkje så varmt på terassen. Men sola varmar og sykling går fint i motvind.

Noko skjer heile tida og det er heilt greit. For det er lysare kveldar.

Lam på beite, svarte, kvite og blandingsfarga. Det er begynt å bli skikkeleg grønt i liene. Etter 17. mai og pinsa har det vore mange gode dagar ute. Fyrste varme dagen med lunsj på terassen var nydeleg. Og vi har hatt mange fleire.

17. mai og pinse i eitt





Eit anleis år - 2013

Notat frå april 2013:
Tre månader går fort. 2013 er veldig godt igang. Påska er unnagjort, på Eid i år. Mamma er glad for besøk. Ho held seg godt, lagar mat, klargar lite, men merkar at alderen tyngjer og helsa skrantar. Ho er 81 år om 14 dagar. Ein høg alder, men med godt humør og livsmot er ho eit forbilde for mange.
Det var strålande påskever. Vi har gått på ski, både bortover, oppover og nedover. Svarteggja, Stigedalen, Hjelmelandsdalen, topptur, langrenn, Telemark, bål, pølse, hopp, pinnebrød og alt som høyrer påske til. Karina og Ole kom frå Bergen. Vi feira tante Olaug sin 75-årsdag ein av dagane, med kake og mykje god mat.

Frå nyttår har det gått slag i slag for oss nyinnflytte på Møvik, Sotra.

Bryllaup i januar (Katrine og Alf Henning) etter tur frå Thailand 2012/13, jobb i Kragerø, besøk til Førde, frå Førde, i Bergen (Stad-gjengen), NM-jobbing x 2 helgar, hurtigrutetur til Molde med feiring av to bursdagar. (Martin og ego)
Fyrste helga etter påske kom NRK-damene på helgavisitt. Det er kjekt med alle som har lyst å kome på besøk og sjå kor fint vi bur. Janne har kome ei helg, Olav to gongar, Elin/Annka/Randi ei helg og så borna då, sjølvsagt. Rett etter nyttår var dei alle heime og åt pinnekjøt (som vi også gjorde palmesøndag).
Vi har også vore invitert i eit par 50-års feiringar i Førde. (Oddvar/Ida og Hildur/John Olav) Frode har representert familien.

Simon har hatt framsyning. Han og Ingelin kom vidare frå Austevoll til fylkesfinalen i UKM. I Oseanea Kulturhus høyrde vi dei i ein nydeleg duett. Marte og Vebjørn har vore ein tur til New York, Karina og Ole har flytta til Bergen, Begge to, eller alle fire har kjøpt seg kvar si leilighet.
Simon har tatt lappen på sykkel denne våren, han øvelseskøyrer så mykje og ofte han kan og får lov. Tidleg i vinter har vi vore på ski både på Totland, Gullbotn, Kvamskogen og Voss (Simon og Frode)
Kva blir det neste?

EM i Oslo står for tur i Oslo (1. - 5.mai), eit par konfirmasjonar, i Svelvik og Molde og familiesamling.
I juni er vi invitert til Stad i 50-årsfeiring til Ragnhild. Hurra! Vi har booka oss inn.
Det som står på prioriteringslista no; strikking, boble, sjå film, lese, henge opp bilde. Elles: Få selt badstua, rydde klea, fikse bunaden, silikon på speil, lister, male huset, planere ute.
Men fyrst middagsbesøk i Naustdal på veg heim frå påskeferie i Nordfjord.