2012-05-04

Vi vandrer med freidig mot

På tur til EM brass i Rotterdam. Ein snartur med fly Bergen – Amsterdam. Ein timestur med tog vidare. Men med tre store og tunge koffertar, kvar på over 30 kilo, vart vi litt varme og svette etterkvart! Innhald: ørten delar til NMF-standen som skal profilere EBBC 2013 i Oslo.

Det blir stort, flott, spektakulært – høyrer eg i gangane. Ja, det blir fint! Men fy, kor tungt!

Innsjekkinga gjekk greitt, litt ekstra å betale men pytt, kva gjer det når servicen er god? Verre var det å trille dei frå flyet, til toget. Vi gjekk på handikapp-vogn i håp om å kunne rulle dei inn i vogna, men akk... Skikkeleg togtrappetrinn, med så pass stor opning mellom perrong og trinn at med eit lite skeivt trakk, kunne vi bryte både bein og armar. Og med tre diiigre koffertar ventar vi sjølvsagt høfleg til alle hastige nederlendarar (og nokre frå Nordhordland sjølvsagt) var vel inne i vogna. Då var det berre ståplass igjen til oss….
På togstasjonen fann vi endeleg heisen som tok oss til rett nivå. Men for ein lang, skummel og mørk tunnel. Ingen andre folk. Heldigvis var vi to. Vi går og går. Trillar og trillar. Endeleg, friluft. Ser etter taxi. Men berre syklar å sjå. Vi spør oss fram – konsertsalen, de Doelen, på andre sida av jernbana??? Tre minutt å gå?  OK, vi sparer pengar og går, i ein meir sivilisert undergang denne gongen. Og vi går, og går. Avstanden er nok ikkje så lang, men med dei tre alt nemnde tunge, digre, store koffertane og våre eigne sekkar, trillekoffert og fotobag, var det mange som såg rart på oss.

Det blir spennande å sjå standen i «levande live».


Ingen kommentarer: