2011-12-12

Ei tid for alt

Året er 1987. Sjefen i NRK Sogn og Fjordane ringde meg. Ho spurde om eg ville ha sommarjobb.

Men det passa meg dårleg. Eg var nyforelska, hadde planar om bryllaup, reise, leve livet. Nei, jobb og pengar var ikkje så viktig då.

Året er 1990. Eg utdannar meg i journalistikk på Høgskulen i Volda. Får sommarjobb i radioen. Faxen spyr ut, med veldig lyd, nytt frå NTB. Vi skriv meldingar på gule A5-ark, med skrivemaskin. (Nærast forhistorisk frå dagens papirlause nyheitsmiljø.)

Året etter treng eg praksisplass og ringer NRK Sogn og Fjordane. I to månader lærer eg det eg skal drive med dei neste 20 åra, på eit lokalkontor, i heimfylket.

Vi flyttar til Førde, familien på tre, 15. juli startar eg i sommarjobb igjen utan tanke for vidare jobb.

Ein fast jobb er ledig. Sjefen spør: "Skal du ikkje søkje på den jobben?" Eg trekkjer på skuldrane. Magen min er stor. Skal vere mor og ha permisjon det neste året....

Men kven andre enn eg fekk jobben. Var på jobbintervju med Marte 3 månader på fanget. (Kan til og med hugse kva kle vi hadde på.)

Eg var den fyrste kvinna frå Nordfjord som vart tilsett i NRK Sogn og Fjordane. Interessant. Eg vart  fast tilsett som journalist frå 1.1.1992 i permisjon. Ikkje så verst å slå i bordet med det.

Året er 2010. Facebook og sosiale medier er her for fullt. Ein "ven" fortel om ledig jobb som nettredaktør i Norges Musikkorps. Eg søkjer og får jobben. Bergen er neste stopp, utan familien denne gongen. (Går fint å pendle ei stund)

Eit år er gått. NRK-jobben er ein saga blott. Rart og vemodig, og ei litt tøff avgjerd. Eg sluttar ikkje fordi eg vil vekk frå noko. Graset er ikkje grønare på den andre sida, men det er grønt også der.

Livet er for kort til å ikkje prøve seg på nye oppgåver. Nye oppgåver gir nye utfordringar. Eit val fører til eit anna. Plutseleg, rundt neste sving, dukkar det kanskje opp noko heilt anna....

Kven veit?



Ingen kommentarer: