Det er ikkje noko som er betre enn folk som tar ting slik det fell seg. Denne veka har vore innhaldsrik på mange frontar.
I helga har eg hatt to gode vener på besøk, Anne Berit og Heidi. Begge frå Østfold. Vi gjekk saman på Bjerkely Folkehøgskule. Besøket har vore planlagt lenge. Men så kom Simon si opptaksprøve på BPG same fredag som dei kom, og Frode fekk avtale om eit intervju til ein aktuell jobb + vi signerte huskontrakt og hadde møte med utbyggar. Alt skjedde fredag 13.04, nesten. (Frode var i intervju laurdag).
Og der det er hjerterom, er det husrom! Vi stabla oss saman og alle sov godt. Heidi seier i alle fall det, sjølv om rompa låg halvveges gjennom madrassa...
Gjestane tok Bergen med storm, (og veret tok nesten dei - hagla så dei måtte søke ly) handla og kosa seg i byn, medan vi andre gjorde alt det andre.
På kvelden bestemte damene seg for å ta middagen ute, medan gutane bestilte Thai-mat heim. Ei god fordeling med kun fire stolar rundt bordet.
Laurdag var det fint ver og både Bryggen, fisketorget, kunstutsal og kafear fekk besøk av oss tre. I tillegg møtte vi Knut som også gjekk på folkehøgskulen saman med oss. Kjekt å ha så begeistra damer på besøk. S. og F. reiste heim til bursdagsfest og sang i kyrkja (Tweensing).
Søndag hadde vi ein flott tur til Fløyen. Vi gjekk både opp og ned i flott sol, men kaldt ver.
I matvegen har eg servert både potetsuppe og kyllingsuppe. Vi har meska oss godt, vaffel med sylte, nybaka rundstykke, focaccia, og 3 kg med godis frå Sverige er ikkje kvardagskost... Det er ikkje mykje igjen. Eg trøstar meg med at både Simon og Marte tok med seg ein liten skjerv kvar på sine plassar.
Men før denne helga, ringde tante Olaug tysdag og sa ho ville kome til Bergen for ein liten visitt. Ho hadde vunne billett tur-retur på ekspressbåten. Velkommen sa eg. Og både Susanne, Marte og Vebjørn kom innom for kvelds og middag.
Eg er heldig. Takk for besøket alle!