Etter to veker i utlandet er det godt å kome heim.Jobbejentene, Karina og Marte hadde rydda og ordna hus og hage til vi kom heim. Deilig! No er bæra modne, det same er morellene og dei gule rosene blomstrar i hagen.
Når vi også opplever varme og sol, med frukost på terassen, ein ekstra kopp kaffi, siste nytt i avisa og god musikk på radioen, ja, så er det som ein ekstra ferie.
Med ei veke fri blir det tid til ein tur til sentrum for å prate med gode vener og i tillegg sjå på juniorarar som spelar volleyball. (Førde arr. NM) Når eg fekk tilbod om ein tur i cabriolet, ein Volkswagen EOS, var eg ikkje sein om å seie ja. Med vind i håret og 24 grader gjekk turen til Jølster som ein røyk.
Vi har også vore ein tur til Askvoll for å sjå ungdomsmusikalen Fame. Flotte ungdomar, energiske og dyktige, både på sang, dans og drama.
Sogn og Fjordane har mykje å by på.