2010-10-22

Nye utfordringar

Ja, eg har fått permisjon!

Frå 1.januar 2011 blir eg å finne i Bergen! Eg skal jobbe som nettredaktør i NMF, Norges Musikkorps Forbund. Etter 18 år i NRK Sogn og Fjordane har eg våga meg ut på djupt vatn. Ein ny jobb, nye utfordringar og mange sommarfuglar i magen.

Det blir spennande å ta fatt på nye oppgåver i norges største barne- og ungdomsorganisasjon. Her er det mykje entusiasme, glede, musikk og gode historier. Eg vil formidle dette på nettet, få media merksam på kva dette betyr, for fleirfoldige tusen born og unge her i landet.

Eg gler meg!

Sjå http://www.spilleglede.no/

2010-10-20

Vinteren i anmarsj

Fyrst små, små snøflak, så større og større og til slutt vart bakken kvit.

Det er onsdag 20.oktober, ein av dei tre haustmånadene. Likevel har kulden snike seg rundt husnova. Bilen har vore nedfrosen mange morgonar. Men når snøen legg seg kvit er sommaren definitivt over. Det innser også eg.

Simon er veldig happy for det kalde kvite regnet. Han fann fram snømåka. Ja, for han har tenkt å samle all snøen nedom leikehytta for å kunne hoppe frå taket til vinteren. Og då må han samle snø, alt frå dei fyrste snøkrystallane.

Men for min del er det litt for tidleg for snø, enno...

2010-10-10

Nydeleg hausttur

Sola er tilbake etter fleire dagar med regn og styggever.

Då er det på tide med litt hagerydding. Frode og Simon rydda garasjen her om dagen. Eg tar meg av å kaste gamle blomster og fjerne jord frå krukkene. Det blir tomt rundt huset utan blomster.

Men dagane er solrike, sjølv om sola er på hell ved huset på Flatene. Då er det godt å kome seg på fjellet. På toppen av Fauskevarden ser vi heilt til havs. Nydeleg dag!

2010-09-26

Travle dagar

Vi er i siste del av september. Sommarputene er pakka på loftet og kvikksølvet i gradestokken kryp nedover.

Hausten er ei travel tid. Det er oppstart av skule, trening, jobb og nye arbeidsoppgåver. Dagane går over i kvarandre og helgane er gode avkoplingspunkt frå travelt kvardagsliv.

Men av og til spør eg meg om vi har det så travelt at vi gløymer å sjå kvarandre, naboar og vener rundt oss. Bryr vi oss nok om kvarandre, eller har vi nok med oss sjølve?

Etter den forferdelege tragedien i Oppegård, lurer eg på kva som rører seg i hovudet på dei som har det så vanskeleg at drap er einaste utveg. Er det kulturelle forskjellar som gjer oss framande for kvarandre, eller kan det vere manglande interesse for dei vi har rundt oss?

2010-09-04

Flytande hytte

Laurdag var vi på segletur med katamaranen til Kristin og Siegfried.

Nydeleg vêr, sol frå klar himmel, men litt haust-trekk i lufta.

Caroline hadde laga deilige skulebollar som vi nytte i fulle drag. Med nytrekt kaffi frå byssa vart dagen fullkomen.

Til og med ein landkrabbe som meg kan forstå at ein slik båt er som ei flytande hytte.

Eg er imponert over Siegfried som har bygd mykje av skøyta sjølv!