2011-03-06

Fastelavenssøndag

I dag har eg baka bollar til kaffi. Det er Fastelavenssøndag.

Frode og Simon er på topptur på ski saman med Are og Armando. Temperaturen er godt over null, og eg håpar dei held seg unna altfor bratte heng...

Simon har endeleg fått julepresangen i hus (nye telemarkski) Og i dag er han ute på fyrste prøvetur.

Fastelavn
kjem av det middelnedertyske ordet vastel-avent, og vart tidlegare brukt om kvelden før fasten. (som er onsdag 6,5 veker før påske)

Marte i Sør-Amerika

I fire veker er Marte og BRO-klassa på Karmøy folkehøgskule på reise til Sør-Amerika.

Turen starta for tre veker sidan, og ei gjenstår.

Eg trur dei har sterke og gode opplevingar, sjølv om det er regntid og mykje nedbør, meir enn dei håpa. Besøk på barneheimar med born som knapt veit kva kjærleik er, vil eg tru påverkar dei unge.

Om du ser på ferja på bilde, kan einkvar bli lettare nervøs for kva dei utset seg for. Men tryggleiken er sett i høgsete.

Bilda er henta frå bloggen. Eg trur det er Marte lengst til venstre på bildet under. Kan det vere dei er på sivøyene på Titicacasjøen??

Her er adressa til lærar Geir sin blogg om nokon vil lese og følgje med dei på turen;

http://18504.vgb.no/2011/01/30/bro-i-s%C3%B8r-amerika-2011/

Stooor oppleving

Her skulle vi absolutt ha vore!!!

Det er sjeldan steming i Holmenkollen om dagen. Sist var i 1982, då Oddvar Brå brakk staven...

I dag er det langt over 100.000 menneske som heiar fram dei norske medaljehåpa. Og Karina er ei av dei.

Ho og ein gjeng frå Kristiansand (der ho er i praksis) reiste til Oslo og Kollen fredag for å oppleve steminga.

Dei har sove i lavo ute i stkogen, og eg tippar dei har hatt det supert. (Eg har i alle fall ikkje høyrt ein pip, og då reknar eg med alt står bra til.)

GRATULERER

Nok eit gull til Norge igjen - gratulerer alle.

- Det er kraft, det er eleganse, vi får gull, seier kommentatorane i det vi vinn på 5-mila i Kollen. Det er Northug sin dag og Norge sin dag, og Norge sitt VM, både for damene, herrane og landet! Tord Asle Gjerdalen vart nr.3, Sjur Røthe nr. 4 - veldig solid!!! (ein russar på 2.plass) Utruleg laginnsats! Slik skal det gjerast!

Totalt åtte gull gjer Norge til beste langrennsnasjon! Eg tar av meg hatten for Marit, Threse, Vibeke, Kristin, Tord Asle, Petter, Martin, Sjur Røthe - og for ikkje å snakke om trenaren - Morten Aa Djupvik. Ein rotekte nordfjording! Eg er stolt!

Det fungerte igjen

Jippi, eg hugsa kva eg skulle gjere for å få sølvet kvitt igjen.

Aluminiumsfolie, litt salt (tok kanskje litt mykje denne gongen...) og lunka vatn. La det ligge i nokre minutt (låg kanskje litt lenge denne gongen...)

Men no er det fint og reint og så håpar eg berre det held seg fint til mai, og konfirmasjonen.

Om ikkje, er det berre å ta ibruk den enkel tenknikken igjen.