2011-04-19

Bråstopp

På veg til hytta ropte plutselig Karina, STOPP!

Moods of Norway-traktoren! Vi må ta bilde. Utanfor butikken i Olden stod denne knallrosa doningen. Sjølvsagt måtte vi forevige dei som ropte høgast.

Vel tilbake i fart ringde Sølvi. Ho lurte på om vi hadde funne noko billig på butikken. Ho og Stig hadde sett oss i forbifarten.

Frode lo, medan Marte var flau over oss!

Foto: Olga

Hyttepåske

Lyden av trakkemaskina i bakken tidleg om morgonen, er eit godt lydbilde.

Søvnen smyg seg ut av augene og lukta av kaffi trenger gjennom soveromsdøra. Familien er snart klar for frukost.

Fjellet ligg snøkvitt mot blå himmel. Rasletind 2105 moh ventar på Valdresflya. Ein slitsam, travel og lengre tur enn vi trudde, men fantastisk å nå målet. Det vart ein tidleg kveld for alle...

Dagen etter er beina møre, men bakkekøyring blir det likevel. Men ikkje like lenge som vi hadde tenkt. Sola kikar fram på terassen ettermiddagen.

Vi lagar vaffler, drikk kaffi, dusjar, tek badstu, drikk Pepsi Max, lagar bordkort (til konf.) og kosar oss.

Snart er det krim på TV og påska tek til for alvor. I morgon snur vi nasen mot Nordfjord og heim til kviledagar i Førde.

2011-03-16

Tilbake i byn

Karina er ferdig i praksis. No er ho tilbake i byn. For min del synst eg det er veldig kjekt.

I kveld har Susanne vore på besøk. Medan eg laga middag (heimelaga kjøtkake) støvsugde ho og ordna etter utpakkinga.

Velkommen "heim"!



Våren i anmarsj

Klar, ferdig, vår! Det var deilig å gå frå jobb i dag. Sola skein og folk poppa opp i småsko og tynnare jakker. Dei stoppa opp og prata, helste på forbipasserande og såg rett og slett litt gladare ut.

Ja, det er vår! I morgon byttar eg ut dunjakka med skinn.

På takterassen var det faktisk litt varmt i solveggen.



2011-03-14

Velkommen heim

Eg har fått besøk i heimen.

Nei, ikkje besøk. Karina er komen tilbake frå praksis. I morgon er det skule igjen etter 10 veker i Kristiansand. Så ventar oppgåveskriving før turnusåret set inn.

Det er godt å kjenne at dei eg er glad i set pris på å kome heim.

Marte ringde frå ferja mellom Stavanger og Haugesund og jubla over å vere heime. Ho gleda seg saman med dei andre over å ha det så godt, og få sove i eiga seng.

Det har nok vore sterke inntrykk i Sør-Amerika for folkehøgskulegjengen, også i år.