2011-07-11

Scooteroppleving

Simon sitt største ønske for ferien trur eg må vere å få køyre scooter. Sjølv om han berre er 14, ønskjer han å prøvekøyre. Men....
Vi to andre synst det er moro å kome seg litt ut på motorisert køyrety. Så vi leigde oss scooter og freste rundt til Antiparos, st.georgeos, Naoussa saman med to gode vener, Linda og Einar. Der møtte vi Sølvi og Stig for ein hyggelig prat. Litt utpå kveldinga gjekk turen til Kalibithres - ei flott strand som vi hadde nesten for oss sjølve.
Men etter ein dag med scooter var tanken berre halvtom. Så vi tok oss like godt ein dag til rundt øya. Måtte sjå igjen byen Lefkes etter at vi sist fekk gresk kaffi der, tjukk som graut.... Denne gongen vart det berre ein is. Neste stopp Piso Livadi - nydelig by på aust-kysten av Paros. Sjeldan har eg vore så trøytt som den kvelden. Kanskje altfor mykje frisk luft...




Her er det Linda og Einar som scootrar.

God bok

Ei nydelig kjærleikshistorie, frå 2.verdenskrigen i Amerika. Spennande og fengslande lesnad som tek føre seg ein lite kjend skamplett i Amerikas historie.
Ei rørande historie som gjorde sterkt inntrykk. Korleis familiar av japansk hærkomst vart behandla etter Pearl Harbour.
"Hotellet på hjørnet av bitter og søt", av forfattar Jamie Ford.
Har du ikkje lese den, anbefaler eg den på det sterkaste!

2011-07-09

Det gode liv

Toppen av avslapping må vere å ligge på ei flytemadrass, plaske med føtene, smake på saltet frå havet som legg seg på leppene, kjenne sola steike og sjå to spele ball med kvarandre i strandkanten, høyre latter frå ferierande turistar og berre vite at det du treng å gjere er å bevege deg opp på solsenga, finne fram lesestoffet og sørge for å drikke nok vatn. Ja, det er nesten så det blir ein heil jobb å gjere dei små enkle tinga. Det er ferie og fri det!




2011-07-05

Kjekt med sykkel

Fire dagar med sykkelleige gir ein ny frihet. Du kjem deg raskt fram, får vind i håret, kjenner alle luktene, når over eit stort område, og får i tillegg litt trim.
I går tok Frode og eg ein tur opp fjellsida og såg på solnedgangen. Nydelig!
I tillegg såg vi Naxos i nord-aust og byen Naoussa i nord. Det var kortare dit enn eg trudde. Yes, sykkel er tingen.

2011-07-01

Utanom ruta

Dagen i dag var tenkt som transport-dag. Frå Finikounda til flyplassen for å levere bilen, 1,5 time med buss til pireus, så båt til Paros. God plan, men pga generalstreik i Hellas, gjekk ikkje båtane etter planen. Dermed vart det åtte timar venting på kaia. Men kva gjer vel det, når vi har ferie og vertskapet kjem og hentar oss midt på natta.
Ha-kouna-matata. Ta livet som det faller seg.


Simon søv på dekk med luftmadrass som underlag.