2011-08-24

Brattaste bakkane opp

Her om dagen tok Marte og eg oss ein rask tur på Fløyen.
Vi er heldige, bur like under Ulriken og rett ved Fløyen. Det er berre ein liten gåtur på asfalt før bakkane begynner å svinge seg oppover fjellsida.
Vi hadde strålande ver, praten gjekk lett og før vi visste ordet av det var vi på toppen.
Og for ei utsikt! Det er fantastisk her, særleg i slikt ver.
Eg tek gjerne turen igjen.

Sykkelveg

Det skal ikkje vere lett å sykle på jobb...

Bergen by er eit einaste stort arbeidsområde. Både ved Nøstet, ved Bystasjonen og det nye badeanlegget ved Lungårdsvatnet.

Jobb-vegen min går langs vatnet. Fint, flatt og heilt perfekt å sykle.
Men det var heilt til dei begynte å skjere opp asfalten på tvers og erstatte den med singel.

Og gulkledde arbeidsfolk er i aksjon overalt, omkøyring, gravemaskiner, vatn i store mengder.
Forståeleg nok må dei gjere det, for her skal dei truleg legge røyr, nye kantar, legge brustein, og fjerne gamle jernbanespor. Håpet er sjølvsagt at alt blir mykje betre når dei blir ferdig.

Mat for Mons

To flotte nybaka studentar har inntatt leiligheta mi i Bergen.

Marte og Ingrid ligg tett på eit lite rom, i 1,20-senga, anføttes.

Dei er ved godt mot. I dag har dei vore og skrive under kontrakt på ei anna leilighet. Enn så lenge, bur og lever dei her og kosar seg i den vesle stova eg har.

Men det er ikkje farleg for mor. Eg kjem heim til ferdig middag, nesten kvar dag. Det er berre det at dei må tru eg et vanvittig mykje. Det er alltid igjen meir mat til eventuelle uventa gjestar, når eg er ferdig å ete...

2011-07-26

Den svarte dagen - 22.07.11

Det er ufatteleg. Det finst ikkje ord.
Terrorangrep på vårt lille land, Norge, regjeringa vår, demokratiet vårt. Dei unge, begava, den kommande generasjon.

Ingenting blir nokon gong som før. Før kjem aldri meir igjen. Sorga er ein dyster følgesvenn. Livet er så sårbart og skjørt. Før det står i blomst er det over. Gje dei evig kvile og la evig lys skine på dei. Dette syng visesangar Bjørn Eidsvåg. Eg græt med alle i den vonde sorga.

Eg var i Oslo i dag og såg med sjølvsyn det ufattelege. Roser over heile byen, tydelege spor etter glasbrot og knuste ruter. Vanvittige sterke krefter har vore i sving.

For ungdomane som overlevde på Utøya må det ha vore eit mareritt. Eg torer ikkje tenkje på såra dei har fått i sjela. Eg jobbar med born og unge. Dette er eit angrep på nerven av det vi held på med.

Kringsatt av fiender,
gå inn i din tid!
Under en blodig storm
- vie deg til strid!
Kanskje du spør i angst,
udekket, åpen:
hva skal jeg kjempe med
hva er mitt våpen?
Her er ditt vern mot vold,
her er ditt sverd:
troen på livet vårt, menneskets verd.
For all vår fremtids skyld, søk det og dyrk det,
dø om du må - men,
øk det og styrk det!
Krig er forakt for liv,
fred er å skape.
Kast dine krefter inn:
døden skal tape!
Dette er løftet vårt
fra bror til bror:
vi vil bli gode mot
menneskenes jord.
Vi vil ta vare på
skjønnheten, varmen
som om vi bar et barn
varsomt på armen!
Tekst: Nordahl Grieg.

Til minne om dei falne på Utøya og i Oslo 22.juli 2011.

2011-07-14

Nål og tråd

Mykje kan skje på vei frå øyane til vi er heime. Denne gongen var det ein filleting- ein knapp i shortsen datt av. Ikkje så nøye det, med nål og tråd i sekken Problemet var berre at eg ikkje fann tråd-enden på snella. Då er det ikkje mykje hjelp i. Enn så lenge heng flippen på shortsen og sleng. Nåla har vi derimot brukt til å stikke hol i egga....