I kveld har Susanne vore på besøk. Medan eg laga middag (heimelaga kjøtkake) støvsugde ho og ordna etter utpakkinga.
Velkommen "heim"!
Det kan høyrest ut som vi held på å gå under av mykje snø.
Eg vil ikkje ha meir snø no! Eg har fått nok vinter! Snø og attar snø! Utanfor glaset ligg ein meter med snø på flate marka og vi skriv 11.mars i dag.
Eg vil ha vår! Eg vil gå i småsko! Eg vil ha sol og litt varme for sjela! Sola er komen godt over fjellet, men ho er jo ikkje her likevel! Det er berre snø, snø, snø så langt auget rekk.
I fire veker er Marte og BRO-klassa på Karmøy folkehøgskule på reise til Sør-Amerika. 