2010-01-07

Eit nytt år og takk for det gamle

Ei lita nyttårshelsing til familien, og dei venene som er innom her av og til.

Takk for alle kjekke julekorta! Vi har dei framleis hengande på kjøkkenet i ei snor. Nokon lange, og nokon korte. Det er godt å ha gode vener og omtenksam familie som gjev eit livsteikn av og til. Eg er glad i kort og skulle gjerne ha laga fleire og sendt til kvar og ein. Men den digitale varianten er mest effektiv.

Vi har hatt ein god juleferie. Familien har kosa oss saman. Kjekt å ha Karina heime frå Bergen, vi har jobba litt, vore på besøk til vener, besøkt mamma Eli på Eid, proppa i oss god julemat og opna pakkar. Takk!

Det ligg forventningar når vi går frå eit år til eit anna. Pluss/delta brukar vi å ha som "underhaldning" siste dag i året. I år kom vi til konklusjonen at vi har det godt, året har vore innhaldsrikt og fullt av gode opplevingar. Finanskrisa og klimaspørsmålet er viktige saker som opptek oss, men trass i dystre spådomar i media har vi ikkje merka det privat. (Gradestokken viser 16 kalde minusgrader, og vi snakkar om temperaturstigning?) Ja, ja, kanskje burde vi skru ned temperaturen nokre grader inne og ta på oss ullundertøyet....

I alle fall: Eg gledar meg over å få vere frisk, ha ein god jobb og ein fin familie og mange gode vener å vere glad i.

Turnusfri og kaldt

Planen var å ta ein helgatur på hytta i morgon.

Eg har ein av mine turnusfridagar fredag. Men vi har ombestemt oss. Det er for kaldt, heisane står og varselet viser 25 kalde minusgrader.

Om det er godt å kome på hytta og fjellet, er det sikkert ikkje så behageleg å gå i løypene bortover heller med den kulden.

Vi får nyte det kalde, fine veret her heime og kanskje kome oss ut ein liten tur i alle fall. I kveld viser gradestokken berre -16,9.

God helg!

2010-01-06

Boblar rart

Det kjem ein rar lyd frå sluken frå badet når vi set på oppvaskmaskina på kjøkkenet.

Når vi set på vaskemaskina på vaskerommet, dukkar lyden opp frå sluken på kjøkkenet. Sidan før jul har vi vore forsiktige med å sette på maskinene samtidig. Noko er tett ein plass...

Dessutan er vasslåsen til kjøkkenvasken øydelagt. Det har den vore ei stund, så vi brukar to bøtter for å ta unna drypp frå avløpet. Men å finne delar til den gamle vasken er ikkje lett. Nei, det er ikkje sikkert vi klarer å få tak i det eingong.

Enn så lenge er løysinga kitt som tetningsmasse rundt røyra. Spennande å sjå kor lenge det held...

2010-01-04

Katt til bords

Vi har heilsteikt ørret til middag og då er ikkje katten vår, Truls, sein om å kome til bords.

Men han må smøre seg med tolmod. Han forstår at han ikkje kan ete før etterpå...

Når vi er ferdige gjer han seg klar til eit superhopp, nesten ein meter over bakken før restane går i kattemagen. Litt av ein superkatt!

2010-01-03

Andre skitur i år

Og forhåpentlegvis blir det mange fleire...

I dag var Frode og eg i fint driv på Langeland, over Djupedalen, Hjelmelands-støylen, Fauske og Gjøset. Vel to timar rundt den 20 km lange løypa var god trim for skrotten.

Ikkje så gale med litt bakoverglatte ski og slit i oppoverbakkane, når "køa" vart passert på grunn av god gli nedover.

Are og Simon tok ikkje utfordringa med å gå 2 mil, men leika seg med ski på beina langs lysløypa. Kjekt med ein kompis som er med, når han ikkje har like lyst på å gå langt.